Fiske i Skjåk

Harrfiske i Otta elv, høgfjellsfiske i Breheimen og Reinheimen eller familiefiske på Grotli. Skjåk Almenning har fisketilbod til alle - og garantert køfritt. Velg i over 200 vatn 25 mil med elv!

Arter

  • Innlandsfiske
  • Ørret
  • Harr

Kjøp fiskekort her

INVITER PÅ TUR! Del på

Veibeskrivelse

Geografisk soknar område til Østlandet, men store areal kilar seg inn i vestlandsfjella både i Sogn og Fjordane og Møre og Romdsdal. Noko både landskap og klima ber preg av. Frå dei slake flyene i nordaust, blir fjella villare og dalene djupare mot sør og vest.

Skjåk kommune ligg sentralt med tanke på kjente turistdestinasjonar som Geiranger, Stryn, Lom og Jotunheimen, og er i seg sjølv ei naturperle i nasjonalparkriket som det er vel verdt å besøke.
Riksveg 15 går langs Ottavassdraget gjennom heile Skjåk.

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Om oss

Skjåk Almenning er ei bygdealmenning frå 1798, og Norges største private grunneigar på 2 millioner dekar. Hovudverksemda vår er skogbruk, trelast, hytter, jakt og fiske.

Skjåk Almenning er særleg kjend for villreinjakt, med over 400 fellingsløyver kvart år - og vel 2/3 av korta går til utenbygds jegere. Skjåk Almenning har også etter kvart fått eit god renomme for fjellfiske i Reinheimen og Breheimen.

 

Du MÅ sjå denne videoen for å bli kjend med fisket i Skjåk Almenning!

 

Besøk gjerne heimesidene til Skjåk Almenning.

 

Hjå Skjåk Allmening kan du kjøpe eit fiskekort som gjeld for heile Skjåk kommune!

Kontakt oss

Skjåk Almenning, Industrivegen 10, 2690 Skjåk

61 21 39 00

firmapost@skjak-almenning.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Fiskekvoter

I Ottaelva, frå Lom grense til Dønfoss, og frå utløpet av Pollvatnet (terskel)  til Pollfossen gjeld følgjande:

Det er tillate å fange og avlive inntil 1 fisk (aure eller har) over 35 cm pr.dag pr. fiskekort.

Mer detaljert beskrivelse

Harfiske i Otta elv, høgfjellsfiske i Breheimen, lange fisketurar i Reinheimen eller familiefiske på Grotli. Skjåk Almenning har fisketilbod til alle – og garantert køfritt.

 

Fiske nede i dalen og Otta 

Ottaelva har sitt utspring lengst vest i Skjåk, og den følgjer deg i over 70 km gjennom heile Skjåk, langs Riksveg 15. Vassdraget byr på mange moglegheiter med lett adkomst til fiske for alle. Det er aure i heile vassdraget, men det er større moglegheit for å få stor aure frå Pollfoss og nedover vassdraget, enn lengst vest. Harr over 40 cm kan du få i den nedre delen av Otta elva, fra Ofossen til Lom grense.

 

Ottaelva påverkast i stor grad av snø- og bresmelting om sommaren fordi mykje av nedbørsfeltet ligg svært høgt, og vi har store isbrear i Breheimen Nasjonalpark. Det beste fisket i Otta elva er når elva ikkje er for stor, dvs i april, mai, august og utover hausten. Ein kan også oppleve bra fiske midt på sommaren i perioder med lite nedbør og snøsmelting.

 

Område frå Pollfoss og ned til utløpet av Pollvatnet egnar seg svært godt for flugefiske. Strekninga er 5 km lang, og den øvre delen av sona er

lett tilgjengeleg frå veg. I den midtre delen er det best med kano eller båt. I den nedre delen er det grei adkomst frå veg på begge sider av elva. I resten av elva er det ingen restriksjonar på uttak.

 

Pollvatnet minner om ei stille elv som renn gjennom eit delta. Det er breslam frå dei store isbreane i Breheimen Nasjonalpark som gjennom åra har fylt opp Pollvatnet og forma det til eit vatn med mange kanalar. Lausmassetransporten er framleis stor og breslammet fargar vatnet turkis i varme perioder om sommeran. På grunn av lausmassetransportane av grus, sand og breslam er botn jamn og fin for vading når elva ikkje er flomstor.

 

Øvst i sona, på austsida av elva ved Pollodden er det lagt til rette med gapahuk og bålplass.

 

Gode fiskeplassar i Ottaelva nedanfor Dønfoss med moglegheiter for å fange stor fisk er Søtilhølen ved Nordberg kyrkje, Bokkodden, Harsheimhølen, Bismo, Ofossen, Marlo og langs Ramstadstrond sørover mot grensa til Lom.

 

Fjellfiske i Skjåk

Inne på dei store fjellområda finst det mange små og store blinkande perler. Mange av vatna ligger høgt til fjells og den beste tida for fiske er difor frå juli og utover seinsommaren.

I Skjåk finst det over 200 fiskevatn. I alle vatn er det aure, med unntak av Røyetjønn der det også er, ja nettopp røye. Skjåk har lange tradisjonar for kultivering, og det blir sett ut fisk i vatn der det er liten naturlig rekruttering. Det er mykje å velje i, men her er nokre gode tips:

  • Elva Tundra i Tundradalen sør for Ottadalen er ei lita elv som passar godt for stong og flugefiske. Elva blir betre dess lengre oppover du kjem.  Utleiehytta Grønstorrbu  ligg i dette område. Rett vest for Grønstorrbu ligg blant anna Storgrovtjønn og fleire interessante vatn.
  • Med utgangspunkt i Sauhytta  i Lundadalen, som ligg rett sør for Bismo, kan du fiske i elva Skjøle og på Lundadalsvatnet.  Både utløpsoset og Lundadalsvatnet er kjent som en god fiskeplassar.
  • Med utgangspunkt frå Sveinbu i indre Lordalen kan du fiske rundt i fleire dagar. I dette område ligg ei rekkje gode fiskevatn som Mebrotjønn, Røyetjønn, Bobergtjønn, Såvarhaugtjønn, Ålfotjønn, Mjølakolotjønn og Kroketetjønn.
  • Om du ynskjer deg riktig langt til fjells kan TverråhyttaStorvassbue eller Skarvedalshytta (inatur.no) vere flotte alternativ.  Anbefalte fiskeområde i dette område er elva Spongåe, Flatvatnet, Bollvatnet, Dørtjønnen og Spongvatnet.  Legg du turen inn mot Skarvedalen er Langvatnet, Blåbergtjønn, Rognebergtjønn og mange andre mindre vatn gode fiskeplassar.

 

Overnatting

Skjåk Almenning tilbyr 17 flott beliggende hytter i Reinheimen og Breheimen. Se alle hyttene hos Skjåk Almenning hos Inatur.

 

Anbefalte lenker

 

Fishspot.no for mer informasjon og flere bilder.

 

Fiskeregler

Alle personar over 16 år som vil fiske med oter/garn i Skjåk Almenning må ha gyldig fiskekort.

 

Med stang og håndsnøre fiskar alle gratis opp til fylte 20 år, også utanbygds. Alle skal likevel løyse kort.

1. Innanbygds kan kjøpe fiskekort som gjeld for stongfiske, reiv, oter og garnfiske i Skjåk Almenning.

2. Utenbygdsbuande kan kjøpe fiskekort som gjeld for stongfiske og oter i heile Skjåk, og/eller garnfiske i Skjåk Almenning.

 

Stongfiske - fangstavgrensing

Otta elv – frå Lom grense til Dønfoss

Etter vedtak i Skjåk Utmarksråd 4. april 2018 er det innført fangstavgrensing som nå gjeld heile Otta elv frå Lom grense, vestover til almenningsgrensa (regelen gjeld også frå allmenningsgrensa til Dønfoss): Det er tillate å fange, og avlive maks 1 fisk (ørret eller harr) over 35 cm per dag per fiskekort.

Otta elv frå utløpet av Pollvatnet (terskel) til Pollfossen: Det er tillate å fange, og avlive maks 1 ørret over 35 cm per dag per fiskekort.

 

Grunnen til innføring av fangstavgrensing er at ein ynskjer å avgrense uttak av stor fisk i vassdraget , då det som regel tek 6-8 år før ein fisk når ei lengde på 35 cm. Stor aure/harr er viktig å ta vare på av omsyn til forvaltning og for å gjere området meir attraktivt for fiske. Bruk av levande og daud fisk som agn er forbudt - dette for å hindre spreiing av uønska arter i vassdraga våre!

 

Alle under 20 år kan fiske gratis med stang og håndsnøre. Alle andre må løse fiskekort for den type redskap de ønsker å bruke, om det er stang, oter og/eller garn. Ta alltid med deg gyldig fiskekort på fisketuren. Fiskekortet gjeld alle vatn og elver innanfor Skjåk kommune sine grenser. Til saman over 200 vatn og over 250 km med fiskeførende elver.
Garnfiske: Sidan Skjåk har store fiskeressursar, har vi valgt å gi utenbygds muligheta til å fiske med garn i de aller fleste vatna våre, med unntak av to vatn. Vær nøye med å sette deg inn i regler og maskeviddebestemmelsar for de enkelte vatn, og løs fiskekort for fiske med garn.

 

For regler og maskeviddebestemmelser se vedlegg: Fiskereglar i Skjåk Allmenning 2018. 
Bruk av båtmotor: I Skjåk kommune kan det berre brukast båtmotor med inntil 10 hk på følgjande vatn: Grønvatnet, Breidalsvatnet, Kolbeinsvatnet, Aursjoen, Raudalsvatnet, Liavatnet, Lundadalsvatnet, Torsvatn, Leirungsvatnet og den delen av Otta elv (Skim) som ligger i Skjåk. Ved bruk av motor på Lundadalsvatnet, Torsvatnet, Leirungsvatnet og delar av Skim må en søkje vernemyndigheitane om tillatelse i god tid i forvegen.



Vedlagte filer

Gode fisketips

Mange av vatna ligger så høyt at den isfrie perioden bare varer noen uker, og den beste perioden for høyfjellsfiske er derfor i fra midten av juli og utover i august.  Lenger ned i dalbunnen er det vanlegvis bra fiske allerede i april - mai.

 

Er du «førstegangsfisker» i Skjåk kan de store områdene og alle vannene virke noe uangripelig.

 

I heftet «På fisketur i Skjåk»  presenteres 36 fisketurer i Skjåk, med rutebeskrivelse, kart og fisketips. Heftet er gratis, og du finner det der du får kjøpt fiskekort.

 

Det er utarbeidet et turkart for Skjåk i målestokk 1:60 000. Dette dekker hele Skjåk kommune, og har inntegna alle merkede turstier og utleiehytter.

 

Andre aktuelle tilbud