Liavatnet og områdene sør for Ottadalen i Skjåk

Sørvest for Ottadalen i Skjåk finn du Liavatnet ved Sota Sæter - inngangen til Breheimen. Her finnst det mange gode fiskeplassar som er lett tilgjengelege for både små og store.

Arter

  • Innlandsfiske
  • Ørret

Kjøp fiskekort her

INVITER PÅ TUR! Del på

Veibeskrivelse

Geografisk sognar området til Østlandet, men store areal kilar seg inn i vestlandsfjella både i Sogn og Fjordane og Møre og Romdsdal, noko både landskap og klima ber preg av. Frå dei slake flyene i nordaust, blir fjella villare og dalene dypare mot sør og vest.

Kommuna ligg sentralt i forhald til kjente turistdestinasjonar som Geiranger, Stryn, Lom og Jotunheimen, og er i seg sjølv ei naturperle som det er vel verdt å besøke.
Riksveg 15 går langs Ottavassdraget gjennom heile Skjåk.

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Om oss

Skjåk Almenning er en bygdealmenning, og Norges største private grunneier. Hovedvirksomheten vår er skogbruk, trelast, hytter, jakt og fiske.

Skjåk Almenning er særlig kjent for villreinjakt, med over 400 fellingsløyver hvert år - og over 2/3 av korta går til utenbygds jegere. Etter hvert er vi også blitt kjent for et flott område for fjellfiske.

 

Besøk gjerne hjemmesidene til Skjåk Almenning.

 

Hos Skjåk Allmening kan du kjøpe et fiskekort som gjelder for hele Skjåk!

Kontakt oss

Skjåk Almenning, Industrivegen 10, 2690 Skjåk

61 21 39 00

firmapost@skjak-almenning.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Fiskekvoter

Mer detaljert beskrivelse

Sørvest for Ottadalen i Skjåk finn ein Sota Sæter, inngangsporten til Breheimen. Her ligg det vatn innover på rekkje og rad;  frå det store Liavatnet snirklar elv og vatn seg innover Breheimen via Røykjeskålsvatnet før ein kan velje mellom to nye dalføre, Mysubyttdalen eller Syrtbyttdalen. Her finnst det mange gode fiskeplassar som er lett tilgjengelege for både små og store. Ein kan gå langs Røykjeskålsvatnet og elva oppover, eller kjøyre bil inn til den vakre seterstulen Mysubytta (betalingsbomvei fra Sota seter) og ta utgangspunkt derfrå. 

 

Liavatnet: I Liavatnet finnst det mykje fisk. Mange er ganske små, men det finnst også større fiskar, det er fint å fiske i utosen på Liavatnet - eller i elva nedanfor turisthytta Sota Sæter som passar bra for familiar.  

Ved Liavatnet ligg Liabu som Skjåk Almenning leig ut. Liabu er eit svært godt utgangspunkt for mange fiskemuligheitar. Elva Stilla, Røykjeskålsvatnet og Mysubytta egnar seg godt for stangfiske. Oppover Mysubytta er det mange fine fiskeplassar heile vegen opp mot Mysubyttvatnet. På varme dagar og ved stor snøsmelting i fjellet blir vatnet farga turkis av dei store isbreane i Breheimen. 

 

For lengre dagsturar i område kan både Tverrådalen under Tverrådalskyrkja og Søverdalen nevnast. I Tverrådalen, på fjelle sørvest for Liavatnet,  finn du øvre og nedre Tverrådalstjønn, her blir det sett ut fisk. Det går sti opp til Tverrådalen frå Sota Sæter. 

Det er også fleire småvatn i område som egnar seg godt for stangfiske. På fjelle nordvest for Liavatnet finn du Søverdalen med Søvertjønnin og område innover mot Sekkebreen. I vatna her inne finnst det aure på over kiloen. Utgangspunkt frå Liavassosen (ikkje merka stig i starten, men ein går på sørsida av elva Søvra oppover.  Alternativt via merka stig opp til Sekken, stistart på vegen mellom Sota Sæter og Mysubytta. 

Felles for begge stadane er at det er nokre kilometer å gå ( 4-5 km) og at du må opp over 5oo høgdemeter.  

Turen opp til Sekken passar bra for familiar, det er litt bratt - men utsikta er fantastisk når ein kjem opp. Nokon hundre meter lenger inn ligg Sekketjønn, her er det fint å både bade og fiske. Se nærmare turbeskrivels og kart her; https://www.ut.no/tur/2.4974/ 

 

Overnatting

Liabu ved Liavatnet.

 

Anbefalte lenker

Skjåk Almenning for meir informasjon.

Fishspot.no for meir informasjon og fleire bilete. 

Fiskeregler

Alle personar over 16 år som vil fiske med oter/garn i Skjåk Almenning må ha gyldig fiskekort.

 

Med stang og håndsnøre fiskar alle gratis opp til fylte 20 år, også utanbygds. Alle skal likevel løyse kort.

1. Innanbygds kan kjøpe fiskekort som gjeld for stongfiske, reiv, oter og garnfiske i Skjåk Almenning.

2. Utenbygdsbuande kan kjøpe fiskekort som gjeld for stongfiske og oter i heile Skjåk, og/eller garnfiske i Skjåk Almenning.

 

Stongfiske - fangstavgrensing

Otta elv – frå Lom grense til Dønfoss

Etter vedtak i Skjåk Utmarksråd 4. april 2018 er det innført fangstavgrensing som nå gjeld heile Otta elv frå Lom grense, vestover til almenningsgrensa (regelen gjeld også frå allmenningsgrensa til Dønfoss): Det er tillate å fange, og avlive maks 1 fisk (aure eller hårr) over 35 cm per dag per fiskekort.

Otta elv frå utløpet av Pollvatnet (terskel) til Pollfossen: Det er tillate å fange, og avlive maks 1 ørret over 35 cm per dag per fiskekort.

 

Grunnen til innføring av fangstavgrensing er at ein ynskjer å avgrense uttak av stor fisk i vassdraget , då det som regel tek 6-8 år før ein fisk når ei lengde på 35 cm. Stor aure/hårr er viktig å ta vare på av omsyn til forvaltning og for å gjere område meir attraktivt for fiske. Bruk av levande og daud fisk som agn er forbudt - dette for å hindre spreiing av uønska arter i vassdraga våre!

 

Alle under 20 år kan fiske gratis med stang og håndsnøre. Alle andre må løyse fiskekort for den type redskap de ynskjar å bruke, om det er stang, oter og/eller garn. Ta alltid med deg gyldig fiskekort på fisketuren. Fiskekortet gjeld alle vatn og elver innanfor Skjåk kommune sine grenser. Til saman over 200 vann og over 250 km med fiskeførande elver.

Garnfiske
Sidan Skjåk har store fiskeressursar, har vi valgt å gi utenbygds moglegheita til å fiske med garn i de aller fleste vatna våre, med unntak av to vatn. Vær nøye med å sette deg inn i regler og maskeviddebestemmelsar for de enkelte vatna, og løs fiskekort for fiske med garn.

 

For reglar og maskeviddebestemmelsar se vedlegg: Fiskeregler i Skjåk Allmenning 2018. 

Bruk av båtmotor
I Skjåk kommune kan det berre brukas båtmotor med inntil 10 hk på følgjande vatn: Grønvatnet, Breidalsvatnet, Kolbeinsvatnet, Aursjoen, Raudalsvatnet, Liavatnet, Lundadalsvatnet, Torsvatn, Leirungsvatnet og den delen av Otta elv (Skim) som ligger i Skjåk.
Ved bruk av motor på Lundadalsvatnet, Torsvatnet, Leirungsvatnet og delar av Skim må en søke vernemyndigheitane om tillatelse i god tid i forvegen.


Gode fisketips

Mange av vatna ligg så høgt at den isfrie perioda berre varer nokre ukar, og den beste perioda for høgfjellsfiske er derfor i fra midten av juli og utover i august.  Lenger ned i dalbotn er det vanlegvis bra fiske allereie i april - mai.

 

"På fisketur i Skjåk"

 

Andre aktuelle tilbud