Sauhytta i Breheimen Nasjonalpark - Skjåk Almenning

Hytta ligg vakkert til ved elva Skjøle i Lundadalen i Breheimen NP ca.2,5-3 t. gange frå veg. Fiske i elva Skjøle og Lundadalsvatnet. NB! Les info om nøkkelhenting!

Størrelse og ankomst

Senger til
5 personer
Antall soverom
1
Areal
21 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 15:00
Avstand fra vei
10 km (sommer)
19 km (vinter)

Beliggenhet

Kontakt utleier

Skjåk Almenning, Industrivegen 10, 2690 Skjåk

61 21 39 00

firmapost@skjak-almenning.no

Video

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Skjåk Almenning er ei bygdealmenning frå 1798, og Noregs største private grunneigar med sine 2 millionar dekar. Hovudverksemda vår er skogbruk, trelast, hytter, jakt og fiske.

Skjåk Almenning er særleg kjent for villreinjakt, med om lag 400 fellingsløyver kvart år. Etter kvart er vi også vorte kjent for eit flott område for fjellfiske. Vi tilbyr totalt 17 utleiehytter fordelt på heile området. I Skjåk er det i alt 18 toppar på over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente og Nordre Hestbrepiggen som den høgste (2172 moh.). 

Skjåk Almenning er også et sentralt punkt mellom aust- og vestland der Oppland møter Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det meste av området er verna i form av Breheimen og Reinheimen nasjonalpark. Området ber i stor preg av urørt natur og sine verneverdiar.  

Vårt administrasjonsbygg finn du i Bismo med våre 7 tilsette med høgare utdanning innan skog og utmarksforvaltning i tillegg til tilsette frå Statens Naturoppsyn, Mjøsen Skog og Nasjonalparkforvalter for Breheimen. 

Åpningstid kvardagar kl 08.00-15.30

Om hytta

Sauhytta er ei enkel hytte som tilbyr det mest grunnleggande ein treng for eit godt opphald i høgfjellet. Oppvarmingsalternativet er god gamaldags vedomn, gassbluss for kokking og stearinljos for belysning. Alt du treng av kjøkenustyr finn du i hytta. Det er 2 køyesenger med ekstra madrass slik at ein fint kan overnatte 5 personar i hytta. Sjå meir informasjon om hytta her.

Sommar

Fin familietur på sommaren då det er fin stig og ikkje altfor mykje stigning innover. Passar også som mellomstasjon til DNT hytta Trulsbu for å gjere etappane til Nørdstedalster meir familievenlege.

Fine fiskeplassar med bra fisk fleire stader i elva Skjøle når denne ikkje er flaumstor. Vidare ca 3 km innover kjem ein til Lundadalsvatnet. Bra fiske i osen på Lundadalsvatnet, og ny bru oppsett hausten 2016 gjer det enkelt å fiske frå begge sider av elva ved osen.

Elles er hytta eit godt utgangspunkt for toppturar til mellom anna den høgste toppen i Skjåk; høgste Hestbrepiggen på 2172 moh. Her er det fleire 2000-topper i Hestbrepiggane som kan nåast på ein dag! Ein kan også gå på Hestdalshøgde (2091 moh) via Salhus. 

Vinter 

Det finaste alternativet er kanskje å gå på ski frå Kvandalsvoll i Bøverdalen, til Netosæter og over Storberka til Sauhytta i Lundadalen (ca 13 km). Det er ingen merking av denne ruta, så ein må gjere sine eigne vurderingar og val på turen. Dette er ein krevjande tur med mange høgdemeter, og passar best for vårskitur frå mars og utover. Sauhytta er eit bra utgangspunkt for toppturar på ski til både Hestbrepiggar og Holåtindar. Også Hestdalshøgde kan nåast på ski frå Sauhytta. 

Anna

Lundadalen og områda rundt er også aktuell for rypejakt.

 

Nokre av hyttene våre står ope i reinsjakta for reinsjegerar, medan andre hytter vil vere stengt og kun tilgjengeleg for oppsyn/beitebrukarar i perioden 20/8-13/9 - sjå heimesida vår for oppdatert info det enkelte år.

 

Innanbygds bør reservere hytta ved å kontakte oss på kontoret med tanke på redusert leigepris. Eventuelt får ein refusjon av beløp ved å sende kvittering og kontonr. til firmapost@skjak-almenning.

Hytte-/Avbestillingsregler

Vask av hytta

Leietaker vaskar hytta sjølv.

Avbestilling

Avbestillingar blir i utgangspunktet ikkje refundert. Ved avbestilling seinast 3 veker før leiestart refunderer vi 50%.

Husdyr

Hund tillate,men ikkje i senger! Syrg for god reingjering.

Nøkkelhenting

Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i vår opningstid måndag-fredag kl. 8.00-15.30, eller kontakt oss (tlf. 61213900) for avtale om annan henting. Kan også hente nøkkel på Dønfoss camping fram til den 20.august. Hugs kvittering.

Veibeskrivelse

NB! Nøkkelhenting - sjå informasjon nedst på denne sida. 

Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.
Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.

Med bil: Køyr Rv.15 frå Bismo mot aust og inn på fylkesveg til Lundagrende.Til venstre etter 2,1km. Lundadalsvegen (betalingsbomveg) og så vidare 6,6 km til setra.

Til fots frå heimste Lundadalssætre i Skjåk. Gå DNT-merka stig frå setra over Skjøli på helårsbru og opp Lundadalen. Etter 2 km på austsida krysser du elva til vestsida på heilårsbru. Følg stigen oppover dalen forbi yste Lundadalssætre til Røysflatan og vidare på nordvestsida av elva på ein tydeleg stig fram til Sauhytta. Du går heile turen i Breheimen nasjonalpark.
Lengde 9,0 km
Tidsbruk 2,5-3,5 time 
Starthøgde 770 moh
Sauhytta 1141 moh 
Høgdeforskjell 371 m 

VINTER

Vegen til Heimste Lundadalssætre er ikkje vinterbrøyta, så ein må rekne med at turen blir ein god del lengre. Eit godt alternativ kan derfor vere å starte frå Kvandalsvoll i Bøverdalen, og gå på ski til Netosæter, over Storberka og ned til Sauhytta i Lundadalen. Det er ingen merking på den ruta, så her er ein avhengig av å navigere på eige hand. Fin tur også med fjellski. 

VIKTIG 

Dei fleste av hyttene våre ligg i høgfjellet
utanfor merka ruter. Særleg vinterstid kan turen bli krevjande og ta mykje
lengre tid enn planlagt dersom det er mykje laussnø eller dårleg vær.  Ta
derfor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen både sommar og vinter, og
ver førebudd på ymse føre, dårleg vær og sikt i høgfjellet. Skal du på topptur
sjekk skredfaren på www.varsom.no

Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna. 

M711-serien 1518-I og 1518-IV UTN 32 Euref 89: Nord 6850270 Aust 453273

Turtips

Flott utgangspunkt for toppturar til fleire av Hestbrepiggane, samt fleire 2000 meterstoppar sør for Lundadalen. Sauhytta passar også som mellomstasjon til Trulsbu for å gjere dagsetappane kortare over til Nørdstedalseter. Ny bru ved osen på Lundadalsvatnet hausten 2016 gjer det flott å fiske på begge sider av elva ved osen.

Toppturartikkel Hestebrepiggane;

https://peakbook.org/tour/83825/Hestbreapiggene.html

Meir kart og info

http://www.ut.no/hytte/3.1955/

For meir info om turar i Skjåk:

https://outtt.com/regions/15/skjk

Andre aktuelle tilbud