Reinheimen søraust - Aursjoen, Lordalen og Leirungsvatnet i Skjåk

Dette fjellområde ligg nord for Bismo i Skjåk. Dei næraste områda er lett tilgjengelege da det går veg opp til Aursjoen. Området er kjent for flott fjellaure av prima kvalitet.

Arter

  • Innlandsfiske
  • Ørret

Beliggenhet

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Kontakt selger

Skjåk Almenning, Industrivegen 10, 2690 Skjåk

61 21 39 00

firmapost@skjak-almenning.no

Video

Kjøp fiskekort her

Om selger

Skjåk Almenning er ei bygdealmenning frå 1798, og er Noregs største private grunneigar med i underkant av 2 millionar dekar areal. Hovudverksemda vår er skogbruk, trelast, hytter, jakt og fiske.

Skjåk Almenning er særleg kjent for villreinjakt, med om lag 400 fellingsløyver kvart år. Etter kvart er vi også vorte kjent for eit flott område for fjellfiske. Vi tilbyr totalt 17 utleiehytter fordelt på heile området. I Skjåk er det i alt 18 toppar på over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente og Nordre Hestbrepiggen som den høgste (2172 moh.). 

Skjåk Almenning er også et sentralt punkt mellom aust- og vestland der Oppland møter Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det meste av området er verna i form av Breheimen og Reinheimen nasjonalpark. Området ber i stor preg av urørt natur og sine verneverdiar.  

Vårt administrasjonsbygg finn du i Bismo med våre 7 tilsette med høgare utdanning innan skog og utmarksforvaltning i tillegg til tilsette frå Statens Naturoppsyn, Mjøsen Skog og Nasjonalparkforvalter for Breheimen. 

Åpningstid kvardagar kl 08.00-15.30

Besøk gjerne heimesidene til Skjåk Almenning.

Dette kortet gjeld for heile Skjåk Allmening og Skjåk kommune!

Fiskekvoter

Mer detaljert beskrivelse

Dette fiskekortet gjeld for heile Skjåk kommune, men er målretta mot fjellområde som ligg rett nord for Bismo i Skjåk, og i den sørøstre delen av Reinheimen Nasjonalpark. Dei næraste områda er lett tilgjengelege da det går veg opp til Aursjoen. Området er kjent for flott fjellaure av prima kvalitet. 

Aursjoen:  Eit regulert vatn, men har både linsekreps og skjoldkreps som er viktig næring for fisken. Tidlegare blei det sett ut fisk, men nå er bestanden selvrekrutterande. Vatnet har aure av fin kvalitet og det finnst mykje fisk på over halvkiloen. Det er lov med motorbåt på Aursjoen. Skjåk Almenning har utleie av båt. Nordsia og to grunner midt på vatnet er gode fiskeplassar.   

Einingstjønn:  Eit lite vatn på omlag 600 x 300 meter. Vatnet er demt opp for å sikre vatningsreserver for gårdene i bygda. Det blir sett ut fisk her.  Størrelsen på fisken ligg i gjennomsnittet på ein kvart kilo og den er raud i kjøttet. Det går merka sti heilt fram til Einingstjønn. 

Aukarsvatnet: Dette vatnet ligg drøye 2 kilometer nord for Aursjoen.  Det blir sett ut fisk både her og i omkringliggande vatn. I Aukarsvatnet finnst det verkeleg stor fisk. Det er fanga aure her på over 4 kilo. Om ikkje fisken bit i Aukarsvatnet ligg det fleire spannande vatn i gangavstand. Det er omlag 5,3 kilometer inn til vatnet langs delvis umerka, men tydeleg sti. 

Øvre del av Lordalen:  I øvre del av Lordalen finnst ein rekkje av 5 tjønner, Lortjønnin.  I alle vatn finnst aure av varierande storleik. Størst fisk er det i Løtjønne - vatnet som ligg lengst sør av dei fem vatna. Sveinbu som er ei utleiehytte hjå Skjåk Almenning ligg her. Område er flott for fjelltur og fiske for heile familien. Det er omkring 10 kilometer inn til Sveinbu langs merka sti, og med fleire fiskevatn på turen innover. 

Leirungsvatnet: I dette vatnet blir det årleg sett ut fisk. Vatnet er høgproduktivt med mykje skjoldkreps. Fisken er av svært fin kvalitet med ein kondisjonsfaktor på over 1,1.  Det blir årleg teke mange fisk på over kiloen her. Utletjønnen og småvatna like vest for Leirungsvatnet har også stor ørret, og kan vere spennande alternativ. Storhøbu er ei utleiehytte som ligg ca 3 km fra Leirungsvatnet. Det er omlag 10 kilometer inn til Leirungsvatnet langs tydeleg og delvis varda sti. 

Kroketetjønn:  Dette vatnet ligg nordvest for Aursjoen. Det blir sett ut fisk i Krokettjønn. Fisken er av god kondisjon og størrelsen ligg på frå 250 gram og oppover. Nord for Kroketetjønn ligg det fleire andre små og spennande vatn med fisk i. 

Overnatting

Aursjobu, Aursjohytta, Sveinbu og Storhøhytta er alle hytter i denne delen av nordfjellet der Skjåk Almenning har hytter som blir leid ut.  

 

Anbefalte lenkjer

Skjåk Almenning for meir informasjon.

Fishspot.no for meir informasjon og fleire bilete. 

Fiskeregler

Alle personar over 16 år som vil fiske med oter/garn i Skjåk Almenning må ha gyldig fiskekort.

Med stang og håndsnøre fiskar alle gratis opp til fylte 20 år, også utanbygds. 

1. Innanbygds kan kjøpe fiskekort som gjeld for stongfiske, reiv, oter og garnfiske i Skjåk Almenning.

2. Utenbygdsbuande kan kjøpe fiskekort som gjeld for stongfiske og oter i heile Skjåk, og/eller garnfiske i Skjåk Almenning.

 

Stongfiske - fangstavgrensing

Otta elv – frå Lom grense til Dønfoss

Etter vedtak i Skjåk Utmarksråd 4. april 2018 er det innført fangstavgrensing som nå gjeld heile Otta elv frå Lom grense, vestover til almenningsgrensa (regelen gjeld også frå allmenningsgrensa til Dønfoss): Det er tillate å fange, og avlive maks 1 fisk (ørret eller harr) over 35 cm per dag per fiskekort.

 

Otta elv frå utløpet av Pollvatnet (terskel) til Pollfossen: Det er tillate å fange, og avlive maks 1 ørret over 35 cm per dag per fiskekort.

Grunnen til innføring av fangstavgrensing er at ein ynskjer å avgrense uttak av stor fisk i vassdraget , då det som regel tek 6-8 år før ein fisk når ei lengde på 35 cm. Stor aure/harr er viktig å ta vare på av omsyn til forvaltning og for å gjere området meir attraktivt for fiske. Bruk av levande og daud fisk som agn er forbudt - dette for å hindre spreiing av uønska arter i vassdraga våre!

Alle under 20 år kan fiske gratis med stang og håndsnøre. Alle andre må løse fiskekort for den type redskap de ønsker å bruke, om det er stang, oter og/eller garn. Ta alltid med deg gyldig fiskekort på fisketuren. Fiskekortet gjeld alle vatn og elver innanfor Skjåk kommune sine grenser. Til saman over 200 vatn og over 250 km med fiskeførende elver.


Garnfiske: Sidan Skjåk har store fiskeressursar, har vi valgt å gi utenbygds muligheta til å fiske med garn i de aller fleste vatna våre, med unntak av to vatn. Vær nøye med å sette deg inn i regler og maskeviddebestemmelsar for de enkelte vatn, og løs fiskekort for fiske med garn.

For regler og maskeviddebestemmelser se vedlegg. 


Bruk av båtmotor: I Skjåk kommune kan det berre brukast båtmotor med inntil 10 hk på følgjande vatn: Grønvatnet, Breidalsvatnet, Kolbeinsvatnet, Aursjoen, Raudalsvatnet, Liavatnet, Lundadalsvatnet, Torsvatn, Leirungsvatnet og den delen av Otta elv (Skim) som ligger i Skjåk. Ved bruk av motor på Lundadalsvatnet, Torsvatnet, Leirungsvatnet og delar av Skim må en søkje vernemyndigheitane om tillatelse i god tid i forvegen. I tillegg er det opna for å bruke el-motor inntil 800 W på Heggebottvatnet, Nysetervatnet, Heimdalsvatnet, Grotlivatnet, Lægervatna og Langvatnet (Geirangervegen). 

Veibeskrivelse

Geografisk sognar område til Østlandet, men store areal kilar seg inn i vestlandsfjella både i Sogn og Fjordane og Møre og Romdsdal, noko både landskap og klima ber preg av. Frå dei slake flyene i nordøst, blir fjella villare og dalane dypare mot sør og vest.

Kommuna ligg sentralt i forhald til kjente turistdestinasjonar som Geiranger, Stryn, Lom og Jotunheimen, og er i seg sjølv ei naturperle som det er vel verdt å besøke.
Riksveg 15 går langs Ottavassdraget gjennom heile Skjåk.

Gode fisketips

Mykje er alt omtala i teksta ovanfor. Andre tips kan vera Meborrotjønne, Såvårhaugtjønne, Mjølakolotjønnen og Bobergtjønne. 

Mange av vatna ligg så høgt at den isfrie perioda berre varer nokre uker, og den beste perioda for høgfjellsfiske er derfor i fra midten av juli og utover i august.  Lenger ned i dalbotn er det vanlegvis bra fiske allereie i april - mai.

I Reinheimen søraust er det som oftast isfritt fra midten av juni.

 

"På fisketur i Skjåk"

 

Andre aktuelle tilbud