Tverråhytta i Reinheimen Nasjonalpark - Skjåk Almenning

Hytta ligg 1040 moh. i Tordalen i Reinheimen Nasjonalpark. 9 km og ca.2,5 t gange frå Billingen. Fint for familiefisketur og vidare til Storvassbu og Skarvedalshytta.NB! LES INFO OM NØKKELHENTING!

Størrelse og ankomst

Senger til
5 personer
Antall soverom
1
Areal
20 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 15:00
Avstand fra vei
10 km (sommer)
10 km (vinter)

Beliggenhet

Kontakt utleier

Skjåk Almenning

61213900

firmapost@skjak-almenning.no

Video

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Skjåk Almenning er ei bygdealmenning frå 1798, og Noregs største private grunneigar med sine 2 millionar dekar. Hovudverksemda vår er skogbruk, trelast, hytter, jakt og fiske.

Skjåk Almenning er særleg kjent for villreinjakt, med om lag 400 fellingsløyver kvart år. Etter kvart er vi også vorte kjent for eit flott område for fjellfiske. Vi tilbyr totalt 17 utleiehytter fordelt på heile området. I Skjåk er det i alt 18 toppar på over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente og Nordre Hestbrepiggen som den høgste (2172 moh.). 

Skjåk Almenning er også et sentralt punkt mellom aust- og vestland der Oppland møter Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det meste av området er verna i form av Breheimen og Reinheimen nasjonalpark. Området ber i stor preg av urørt natur og sine verneverdiar.  

Vårt administrasjonsbygg finn du i Bismo med våre 7 tilsette med høgare utdanning innan skog og utmarksforvaltning i tillegg til tilsette frå Statens Naturoppsyn, Mjøsen Skog og Nasjonalparkforvalter for Breheimen. 

Åpningstid kvardagar kl 08.00-15.30

Om hytta

Tverråhytta er ei enkel hytte som tilbyr det mest grunnleggande ein treng for eit godt opphald i høgfjellet. Oppvarmingsalternativet er god gamaldags vedomn, gassbluss for kokking og stearinljos for belysning. Alt du treng av kjøkenustyr finn du i hytta. Det er 2 køyesenger med ekstra madrass slik at ein fint kan overnatte 5 personar i hytta. Sjå meir informasjon om hytta her.

Turen til Tverråhytta er ein fin familietur sommarstid då det er DNT stig fram til hytta, lite stigning og lettgått terreng.

Vinterstid er det stikka DNT løype forbi Tverråhytta, men løypa blir vanlegvis ikkje stikka før til påske. Tidlegare på vinteren er det ingen merking eller løype, og det er derfor naudsynt med kart/kompass/GPS. Med opphald i denne hytta får du eit opphald i eitt med naturen utan telefondekning og lyden av tungtrafikk. 

Hytta har flott utsikt utover Tordalen og Torsnose som er den høgste toppen i området. 

Fine fiskeplassar i elva Tora når denne ikkje er flaumstor, men mykje småfisk. Bra fiske på Torsvatnet og fleire andre vatn lenger inn på fjellet i aust og nordaust for Torsvatnet med bra kvalitet på fisken. Tverråhytta ligg sentralt til langs DNT-nettet, og passar som overnatting i forbindelse med turar både til Veltdalshytta og Torsbu. Eventuelt er det fint å legg opp ein rundtur ei helg i Reinheimen NP frå hytte til hytte; Tverråhytta-Storvassbu-Skarvedalshytta. 

Innanbygds bør reservere hytta ved å kontakte oss på kontoret med tanke på redusert leigepris. Eventuelt får ein refusjon av beløp ved å sende kvittering og kontonr. til firmapost@skjak-almenning.

Anbefalte lenker

Hytte-/Avbestillingsregler

Vask av hytta

Leietaker vaskar hytta sjølv.

Avbestilling

Avbestillingar blir i utgangspunktet ikkje refundert. Ved avbestilling seinast 3 veker før leiestart refunderer vi 50%.

Husdyr

Hund tillate,men ikkje i senger! Syrg for god reingjering.

Nøkkelhenting

Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i vår opningstid måndag-fredag kl. 8.00-15.30, eller kontakt oss (tlf. 61213900) for avtale om annan henting. Kan også hente nøkkel på Dønfoss camping fram til den 20.august. Hugs kvittering.

Veibeskrivelse

NB! Nøkkelhenting - sjå informasjon nedst på denne sida. 

Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.

Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.

Til Tverråhytta;

Rv.15 til Billingen,opp sætervegen til parkering.DNT-stig på vestsida av Tora til Tverråe og over elva på sommarbru. Hytta ligg like ved DNT stigen.

VIKTIG

Dei fleste av hyttene våre
ligg i høgfjellet utanfor merka ruter. Særleg vinterstid kan turen bli
krevjande og ta mykje lengre tid enn planlagt dersom det er mykje laussnø eller
dårleg vær.  Ta derfor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen både
sommar og vinter, og ver førebudd på ymse føre, dårleg vær og sikt i
høgfjellet. Skal du på topptur sjekk skredfaren på www.varsom.no

Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.

M 711-serien 1319 II Tordsvatnet. UTM 32 Euref 89:Nord 6883990 Aust 437686

 

Turtips

Sjå denne sida for andre turtips: 

https://outtt.com/regions/15/skjk

La deg også inspirere av presentasjonsvideoen vår frå området. Klikk her for å sjå den.

Andre aktuelle tilbud