Sottjønn og Sottjønnbu

Fisken i Sottjønnene er raud i kjøttet og av god kondisjon. Størrelsen er fra rundt ein kvart kilo og oppover. Ved Sottjønnene ligg utleiehytta Sottjønnbu.

Arter

  • Innlandsfiske
  • Ørret

Beliggenhet

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Kontakt selger

Skjåk Almenning, Industrivegen 10, 2690 Skjåk

61 21 39 00

firmapost@skjak-almenning.no

Video

Kjøp fiskekort her

Om selger

Skjåk Almenning er ei bygdealmenning frå 1798, og er Noregs største private grunneigar med i underkant av 2 millionar dekar areal. Hovudverksemda vår er skogbruk, trelast, hytter, jakt og fiske.

Skjåk Almenning er særleg kjent for villreinjakt, med om lag 400 fellingsløyver kvart år. Etter kvart er vi også vorte kjent for eit flott område for fjellfiske. Vi tilbyr totalt 17 utleiehytter fordelt på heile området. I Skjåk er det i alt 18 toppar på over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente og Nordre Hestbrepiggen som den høgste (2172 moh.). 

Skjåk Almenning er også et sentralt punkt mellom aust- og vestland der Oppland møter Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det meste av området er verna i form av Breheimen og Reinheimen nasjonalpark. Området ber i stor preg av urørt natur og sine verneverdiar.  

Vårt administrasjonsbygg finn du i Bismo med våre 7 tilsette med høgare utdanning innan skog og utmarksforvaltning i tillegg til tilsette frå Statens Naturoppsyn, Mjøsen Skog og Nasjonalparkforvalter for Breheimen. 

Åpningstid kvardagar kl 08.00-15.30

Besøk gjerne heimesidene til Skjåk Almenning.

Dette fiskekortet gjeld for heile Skjåk Allmening og Skjåk kommune!

Fiskekvoter

Mer detaljert beskrivelse

Kortet gjeld for alle vatn og elver i Skjåk kommune sjølv om det er målretta mot Sotaområdet. 

Sottjønnen ligg i høgfjellet i Breheimen nasjonalpark. Ca annakvart år blir det sett ut fisk i Sottjønnen. Veksthøva er gode som gjer at fisken er raud i kjøttet og i god kondisjon. Det går sti opp til Sottjønnen frå Sota seter. Stien fylgjer ei jamn stigning (730 høgdemeter) fordelt på omlag 5 kilometer.  Ei fantastisk utsikt ventar på deg når du kjem opp. Det er også fin fisk i Tundradalstjønnin som ligg 2,5 kilometer frå Sottjønnen. Grøntjønne er også eit spennande alternativ litt lengre frå. I aust finn du veldig gode alternativ i Grønstorrtjønn, Storsteintjønne, Skauttjønnen og Storgrovtjønnen. 

Sottjønnin og Sottjønnbu kan anbefalast for dei som ynskjer seg på ein tur til høgfjellet i Breheimen Nasjonalpark. Fantastisk utsikt over store isbrear, Tverrådalskyrkja og Tundradalskyrkja i sør, og mot vest ser du Lodalskåpa. Om du ikkje er glad i toppturar har du likevel flott utsikt frå hytteveggen, og hytta er eit fint turmål i seg sjølv. 

Det er også mogleg å leggje opp sin eigen fisketur i Breheimen med overnatting i almenningshyttene Liabu, Sottjønnbu, Grønstorrbu og Sauhytta om ein ynskjer ein lengre fisketur mellom 2000 meterstoppar og isbrear!

Overnatting

Sottjønnbu

Anbefalte lenker

Skjåk Almenning for meir informasjon.

Anbefalte lenker

Fishspot.no for meir informasjon og fleire bilder. 

Fiskeregler

Alle personar over 16 år som vil fiske med oter/garn i Skjåk Almenning må ha gyldig fiskekort.

Med stang og håndsnøre fiskar alle gratis opp til fylte 20 år, også utanbygds. 

1. Innanbygds kan kjøpe fiskekort som gjeld for stongfiske, reiv, oter og garnfiske i Skjåk Almenning.

2. Utenbygdsbuande kan kjøpe fiskekort som gjeld for stongfiske og oter i heile Skjåk, og/eller garnfiske i Skjåk Almenning.

 

Stongfiske - fangstavgrensing

Otta elv – frå Lom grense til Dønfoss

Etter vedtak i Skjåk Utmarksråd 4. april 2018 er det innført fangstavgrensing som nå gjeld heile Otta elv frå Lom grense, vestover til almenningsgrensa (regelen gjeld også frå allmenningsgrensa til Dønfoss): Det er tillate å fange, og avlive maks 1 fisk (ørret eller harr) over 35 cm per dag per fiskekort.

 

Otta elv frå utløpet av Pollvatnet (terskel) til Pollfossen: Det er tillate å fange, og avlive maks 1 ørret over 35 cm per dag per fiskekort.

Grunnen til innføring av fangstavgrensing er at ein ynskjer å avgrense uttak av stor fisk i vassdraget , då det som regel tek 6-8 år før ein fisk når ei lengde på 35 cm. Stor aure/harr er viktig å ta vare på av omsyn til forvaltning og for å gjere området meir attraktivt for fiske. Bruk av levande og daud fisk som agn er forbudt - dette for å hindre spreiing av uønska arter i vassdraga våre!

Alle under 20 år kan fiske gratis med stang og håndsnøre. Alle andre må løse fiskekort for den type redskap de ønsker å bruke, om det er stang, oter og/eller garn. Ta alltid med deg gyldig fiskekort på fisketuren. Fiskekortet gjeld alle vatn og elver innanfor Skjåk kommune sine grenser. Til saman over 200 vatn og over 250 km med fiskeførende elver.


Garnfiske: Sidan Skjåk har store fiskeressursar, har vi valgt å gi utenbygds muligheta til å fiske med garn i de aller fleste vatna våre, med unntak av to vatn. Vær nøye med å sette deg inn i regler og maskeviddebestemmelsar for de enkelte vatn, og løs fiskekort for fiske med garn.

For regler og maskeviddebestemmelser se vedlegg. 


Bruk av båtmotor: I Skjåk kommune kan det berre brukast båtmotor med inntil 10 hk på følgjande vatn: Grønvatnet, Breidalsvatnet, Kolbeinsvatnet, Aursjoen, Raudalsvatnet, Liavatnet, Lundadalsvatnet, Torsvatn, Leirungsvatnet og den delen av Otta elv (Skim) som ligger i Skjåk. Ved bruk av motor på Lundadalsvatnet, Torsvatnet, Leirungsvatnet og delar av Skim må en søkje vernemyndigheitane om tillatelse i god tid i forvegen. I tillegg er det opna for å bruke el-motor inntil 800 W på Heggebottvatnet, Nysetervatnet, Heimdalsvatnet, Grotlivatnet, Lægervatna og Langvatnet (Geirangervegen). 

Veibeskrivelse

Geografisk sognar området til Østlandet, men store areal kilar seg inn i vestlandsfjella både i Sogn og Fjordane og Møre og Romdsdal, noko både landskap og klima ber preg av. Frå de slake flyene i nordaust, blir fjella villare og dalane dypare mot sør og vest.

Kommuna ligg sentralt i forhald til kjente turistdestinasjonar som Geiranger, Stryn, Lom og Jotunheimen, og er i seg sjølv ei naturperle som det er vel verdt å besøke.
Riksveg 15 går langs Ottavassdraget gjennom heile Skjåk.

Gode fisketips

Mange av vatna ligg så høgt at den isfrie perioda berre varar nokre veker, og den beste perioda for høgfjellsfiske er derfor frå midten av juli og utover i august. Lenger ned i dalbotn er det vanlegvis bra fiske allereie i april - mai.

Det er aktiv kultivering av fiskevatna i Skjåk, og det blir sett ut fisk i dei fleste høgareliggande vatna. 

I området rundt Sottjønnbu er det i tillegg til Sottjønnen også fleire interessante fiskevatn i dagsturavstand fra hytta. Lenger søraust ligg det nokon små vatn, Tundradalsbandtjønnen og den større Grøntjønne. Ein bør også prøve å ta ein tur ned i Tundradalen for å prøve Tundradalstjønnen og elva Tundra. 

Ein litt lengre tur er det til vatna lenger nordaust, Grønstorrgrovtjønne, Storgrovtjønnen - desse kan gjerne kombinerast med opphald i Grønstorrbu

 

"På fisketur i Skjåk"

 

Andre aktuelle tilbud