Belebu, stor del - Kvennsjøen, Ullensvang fjellstyre

Stor hytte med to separate avdelingar ved Kvennsjøen i Ullensvang statsallmenning

Størrelse og ankomst

Senger til
4 personer
Antall soverom
1
Areal
15 m2
Ankomst
tidligst kl 16:00
Avreise
senest kl 15:00
Avstand fra vei
35 km (sommer)
45 km (vinter)

Beliggenhet

Kontakt utleier

Ullensvang Fjellstyre

48270778

ullensvang@fjellstyrene.no

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Sjå heimesida for Ullensvang statsallmenning, her vil du finna fortløpande info om jakt, fiske, fjellstyrehytter, og fjellstyra sitt arbeid.

www.hardangervidda-fjellstyra.no

 

Ullensvang fjellstyre ynskjer å kartlegge alle båtvrak i Ullensvang statsallmenning. Båtvrak av plast og trebåtar med maling, lakk og bunnstoff er ein kilde til mikroplast, som ein ynskjer å fjerne frå naturen.

Fjellstyre ber brukarane av statsallmenningen om å melde i frå om dei kjem over øydelagde båtar, og dokumentere dette med bilete og stad, helst med koordinatar. Informasjon sendes til ullensvang@fjellstyrene.no, eller tlf: 482 70 778

Her finn du meir informasjon om båtvrak-prosjektet:

https://www.fjellstyrene.no/aktuelt/bter-ryddet-p-statsallmenningene

Om hytta

Hytta er utstyrt med madrasser, ved, gasskomfyr og naudsynt kjøkenutstyr. Ta med sovepose.

Hytta har tovesomr med to senger i kvar, og madrasser på loftet (plass til 2-3 personar). Ved leige av fleire personar enn fire betalar du for ekstraseng når du bookar.

Solcellepanel, ladepunkt 12 v (usb og "billadar")

 

Kartlenke   Kartreferanse UTM-sone 32: 6659179 399259

 

Tilgang til båt  i Kvennsjøen

 

Garn til utlån
Fjellstyret har kjøpt inn sju garn som kan lånast av dei som brukar hytta – to småmaska og fem med maskestorleik 35-39 mm. Garna heng i uthuset. Hugs garnfiskekort.

Fryseboks
Intensjonen med fryseboksen er å gi brukarane moglegheita til å fryse ned fangsten og ta med seg heim. Denne må deles mellom romma på hytta. Les gjennom brukarmanual som ligger på hytta FØR bruk. Fryseboksane er klargjort til bruk på gass. Skru av fryseboks og kople frå gass når ikkje i bruk, og når ein forlèt hytta ved leigeslutt. 

 

Påhengsmotor
Det er to stk 4 hk Suzuki påhengsmotor i uthuset. Motorane blir leigd ut for 75,- pr døgn, eller 500,- for ei veke. NB! Motor kan berre brukast til garnfiske i eit omfang på minimum 50 garndøger og i samband med villreinjakt. Motorane er låst med kodelås. Ved leigeslutt plasser motoren tilbake og sett på igjen kodelås. Leig motor for perioden du leiger hytta på denne sida på Inatur. Koden står på kvitteringa når du har gjennomført kjøpet.

Hytte-/Avbestillingsregler

Alle bestillingar blir belasta på bestillingsdato. Leigetakar har rett til å avbestille leigeforholdet inntil 30 dagar før leigeforholdet startar, og vil då få refundert 80% av leigesummen.

Ved avbestiling inntil 21 dagar før opphaldet startar blir 50% av summen refundert.

Ved avbestilling 20 dagar eller mindre før opphaldet bir det ikkje gitt refusjon.

Avbestiling skal sendast direkte til Ullensvang fjellstyre på e-post ullensvang@fjellstyrene.no.

 

  • Alle brukarar skal vaska og rydda etter seg. Forlat hytta i den stand du sjølv ynskjer å finna ho.
  • Ikkje legg att mat i hytta.
  • Hytta er røykfri.
  • Hundar skal vera i gangen.
  • Sjå til at propan er kopla frå og at dører, vindauge og ventilar er skikkeleg stengd att før du reiser frå hytta.
  • Brennbart søppel kan brennast, matrestar kastast i god avstand frå hyttene. Resten tek du med deg heim.

Nøkkelhenting

Nøkkel ligg i kodeboks som er montert på hytteveggen. Koden til nøkkelboksen står på kvitteringa du får ved bestilling av hytta - Ta derfor godt vare på kvitteringa du får frå Inatur.no. Slå inn koden, trykk hendelen til venstre ned. Når du har brukt nøkkelen: legg nøkkelen og kjettingen tilbake i boksen, lukk att boksen og endre tala til 0000. NB! Det er viktig å endre på tala - elles blir boksen ståande open. 

 

Fjellstyret ber om at leigetakar gir tilbakemelding om det er lite ved/ gass på hytta, eller andre feil eller manglar som må rettast opp.

Andre aktuelle tilbud