Leige påhengsmotor på fjellstyrehyttene

Leige av påhengsmotor for leigetakarar av Belebu, Raudåna, Persbu, Bjørnavassbu, Langavassbu og Naustet (Nedsta Krokavatnet). NB! Kan berre brukast til garnfiske og reinsjakt (jf. verneforskrifta).

Arter

  • Ørret

Beliggenhet

Kontakt selger

Ullensvang Fjellstyre

48270778

ullensvang@fjellstyrene.no

Kjøp fiskekort her

Om selger

Fjellstyret har 4 hk påhengsmotor på Belebu (2 stk), Raudåna, Naustet (Nedsta Krokavatnet), Persbu, Langavassbu og Bjørnavassbu som kan leigast av dei som bur på hyttene. Dersom leigetakarar i begge romma på hyttene (Raudåna og Bjørnavassbu) leiger samtidig må det avtalast brukarane i mellom korleis dei fordeler bruken.

 

Motoren kan kun brukast til garnfiske i eit omfang på minimum 50 garndøger og i samband med villreinjakt.

NB!  For bruk på Nedsta Krokavatnet må du ha med løyvet som ligg på denne sida ("Løyve til bruk av båt med motor på Nedsta Krokavatnet 2023"), og føre ut køyrebok før bruk.

Det er ein 4 taktar påhengsmotor. Det må brukast rein bensin utan tilsett olje. NB! Det må IKKJE brukast 95-oktan. Det MÅ brukast 98-oktan eller Apsen 4 alkylatbensinBensin må brukar ta med sjølv. Motoren kan leggjast på bakken på 3 sider. Motor er merka på sida som ikkje skal leggjast opp og bilete er vist i brukarinformasjonen på hytta. Ved bruk av motor må ein visa omsyn til at detta er fjellvatn med grunner og oppstikkande steinar, etc.(Dersom ein øydelegg båt/motor kan ein bli erstatningspliktig)  Det ligger tennplugg og propell som reservedel. Ved uhell, skader, feil og manglar gi beskjed til fjellstyre så snart som mulig.

Fjellstyret anbefaler ein viss erfaring med bruk av påhengsmotor dersom ein ynskjer å leiga.

Motor er plassert i uthus og det er montert kodelås. Ved leigeslutt plasser motor tilbake og sett på igjen kodelås.

Koden står på kvitteringa du får frå Inatur når du har betalt for leiga.

 

Ullensvang fjellstyre ynskjer å kartlegge alle båtvrak i Ullensvang statsallmenning. Båtvrak av plast og trebåtar med maling, lakk og bunnstoff er ein kilde til mikroplast, som ein ynskjer å fjerne frå naturen.

Fjellstyre ber brukarane av statsallmenningen om å melde i frå om dei kjem over øydelagde båtar, og dokumentere dette med bilete og stad, helst koordinatar. Send info til: ullensvang@fjellstyrene.no eller ta kontakt på tlf: 48270778

Her finn du meir informasjon om båtvrak-prosjektet:

https://www.fjellstyrene.no/aktuelt/bter-ryddet-p-statsallmenningene

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Mer detaljert beskrivelse

Fjellstyret har 4 hk påhengsmotor på Belebu (2 stk), Raudåna, Naustet (Nedsta Krokavatnet), Persbu og Bjørnavassbu som kan leigast av dei som bur på hyttene. Dersom leigetakarar i begge romma på hyttene (Raudåna, Bjørnavassbu og Langavassbu) leiger samtidig må det avtalast brukarane i mellom korleis dei fordeler bruken.

Motoren kan kun brukast til garnfiske i eit omfang på minimum 50 garndøger og i samband med villreinjakt.

NB!  For bruk på Nedsta Krokavatnet må du ha med løyvet som ligg på denne sida ("Løyve til bruk av båt med motor på Nedsta Krokavatnet 2024"), og føre ut køyrebok før bruk.

Det er ein 4 taktar påhengsmotor. Det må brukast rein bensin utan tilsett olje. NB! Det må IKKJE brukast 95-oktan. Det MÅ brukast 98-oktan eller Apsen 4 alkylatbensin. Bensin må brukar ta med sjølv. Motoren kan leggjast på bakken på 3 sider. Motor er merka på sida som ikkje skal leggjast opp og bilete er vist i brukarinformasjonen på hytta. Ved bruk av motor må ein visa omsyn til at detta er fjellvatn med grunner og oppstikkande steinar, etc.(Dersom ein øydelegg båt/motor kan ein bli erstatningspliktig)  Det ligger tennplugg og propell som reservedel. Ved uhell, skader, feil og manglar gi beskjed til fjellstyre så snart som mulig.

Fjellstyret anbefaler ein viss erfaring med bruk av påhengsmotor dersom ein ynskjer å leiga.

Motor er plassert i uthus og det er montert kodelås. Ved leigeslutt plasser motor tilbake og sett på igjen kodelås.

Koden står på kvitteringa du får frå Inatur når du har betalt for leiga.

Fiskeregler

Fiskekort kjøper du på denne sida: Fiske i Ullensvang statsallmenning