Persbu, Øvsta Bjørnavatn- Ullensvang Fjellstyre
Steinbu som ligg ved Øvsta Bjørnavatnet, i Ullensvang statsallmenning.
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 2 personer
- Antall soverom
- 1
- Areal
- 10 m2
- Ankomst
- tidligst kl 16:00
- Avreise
- senest kl 15:00
- Avstand fra vei
-
35 km (sommer)
45 km (vinter)
Beliggenhet
Kontakt utleier
48270778
Velg ankomst og avreise
Om utleier
Sjå heimesida for Ullensvang statsallmenning, her vil du finna fortløpande info om jakt, fiske, fjellstyrehytter, og fjellstyra sitt arbeid.
www.hardangervidda-fjellstyra.no
Ullensvang fjellstyre ynskjer å kartlegge alle båtvrak i Ullensvang statsallmenning. Båtvrak av plast og trebåtar med maling, lakk og bunnstoff er ein kilde til mikroplast, som ein ynskjer å fjerne frå naturen.
Fjellstyre ber brukarane av statsallmenningen om å melde i frå om dei kjem over øydelagde båtar, og dokumentere dette med bilete og stad, helst med koordinatar. Informasjon sendes til ullensvang@fjellstyrene.no, eller tlf: 482 70 778
Her finn du meir informasjon om båtvrak-prosjektet:
https://www.fjellstyrene.no/aktuelt/bter-ryddet-p-statsallmenningene
Om hytta
Hytta er utstyrt med madrasser, ved, gasskomfyr og naudsynt kjøkenutstyr. Ta med sovepose.
Hytta har eit rom med to senger
Solcellepanel, ladepunkt 12 v (usb og "billadar")
Tilgang til båt i Øvsta Bjørnavatnet
Kartreferanse UTM-sone 32: 404057- 6655675
Garn til utlån
Fjellstyret har kjøpt inn sju garn som kan lånast av dei som brukar hytta – to småmaska og fem med maskestorleik 35-39 mm. Garna heng i uthuset. Hugs garnfiskekort.
Fryseboks
Intensjonen med fryseboksen i uthuset er å gi brukarane moglegheita til å fryse ned fangsten og ta med seg heim. Les gjennom brukarmanual som ligger på hytta FØR bruk. Fryseboksane er klargjort til bruk på gass. Skru av fryseboks og kople frå gass når ikkje i bruk, og når ein forlèt hytta ved leigeslutt.
Påhengsmotor
Det er ein 4 hk Suzuki påhengsmotor i uthuset. Motoren blir leigd ut for 75,- pr døgn, eller 500,- for ei veke. NB! Motor kan berre brukast til garnfiske i eit omfang på minimum 50 garndøger og i samband med villreinjakt. Dersom fleire av leigetakarane på Raudåna leiger motoren må bruken avtalast dei imellom. Motoren er plassert i uthuset, og det er montert kodelås. Ved leigeslutt plasser motor tilbake og sett på igjen kodelås. Leig motor for perioden du leiger hytta på denne sida på Inatur. Koden står på kvitteringa når du har gjennomført kjøpet.
Hytte-/Avbestillingsregler
Alle bestillingar blir belasta på bestillingsdato. Leigetakar har rett til å avbestille leigeforholdet inntil 30 dagar før leigeforholdet startar, og vil då få refundert 80% av leigesummen.
Ved avbestiling inntil 21 dagar før opphaldet startar blir 50% av summen refundert.
Ved avbestilling 20 dagar eller mindre før opphaldet bir det ikkje gitt refusjon.
Avbestiling skal sendast direkte til Ullensvang fjellstyre på e-post ullensvang@fjellstyrene.no.
- Alle brukarar skal vaska og rydda etter seg. Forlat hytta i den stand du sjølv ynskjer å finna ho.
- Ikkje legg att mat i hytta.
- Hytta er røykfri.
- Sjå til at propan er kopla frå og at dører, vindauge og ventilar er skikkeleg stengd att før du reiser frå hytta.
- Brennbart søppel kan brennast, matrestar kastast i god avstand frå hyttene. Resten tek du med deg heim.
Nøkkelhenting
Nøkkel ligger i kodeboks som er montert på hytteveggen. Koden til nøkkelboksen står på kvitteringen du får ved bestilling av hytta- Ta derfor godt vare på kvitteringen du får fra Inatur.no.
Om leigetaker mister nøkkelen til hytta blir vedkomende fakturet kr. 1.000,- i gebyr.
Fjellstyret ber om at leietaker gir tilbakemelding om det er lite ved/ gass på hytta, eller andre feil eller mangler som må rettes opp.