Bjørnavassbu, del sør - Nedsta Bjørnavatnet, Ullensvang fjellstyre
Stor hytte med to separate avdelingar ved Nedsta Bjørnavatnet, i Ullensvang statsallmenning
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 4 personer
- Antall soverom
- 1
- Areal
- 15 m2
- Ankomst
- tidligst kl 16:00
- Avreise
- senest kl 15:00
- Avstand fra vei
-
35 km (sommer)
45 km (vinter)
Beliggenhet
Kontakt utleier
48270778
Velg ankomst og avreise
Om utleier
Sjå heimesida for Ullensvang statsallmenning, her vil du finna fortløpande info om jakt, fiske, fjellstyrehytter, og fjellstyra sitt arbeid.
www.hardangervidda-fjellstyra.no
Ullensvang fjellstyre ynskjer å kartlegge alle båtvrak i Ullensvang statsallmenning. Båtvrak av plast og trebåtar med maling, lakk og bunnstoff er ein kilde til mikroplast, som ein ynskjer å fjerne frå naturen.
Fjellstyre ber brukarane av statsallmenningen om å melde i frå om dei kjem over øydelagde båtar, og dokumentere dette med bilete og stad, helst med koordinatar. Informasjon sendes til ullensvang@fjellstyrene.no, eller tlf: 482 70 778
Her finn du meir informasjon om båtvrak-prosjektet:
https://www.fjellstyrene.no/aktuelt/bter-ryddet-p-statsallmenningene
Om hytta
Hytta er utstyrt med madrasser, ved, gasskomfyr og naudsynt kjøkenutstyr. Ta med sovepose.
Hytta har eit soverom med fire senger
Solcellepanel, ladepunkt 12 v (usb og "billadar")
Tilgang til båt i Nedsta Bjørnavatnet
Kartreferanse UTM-sone 32: 408839- 6657254
Garn til utlån
Fjellstyret har kjøpt inn sju garn som kan lånast av dei som brukar hytta – to småmaska og fem med maskestorleik 35-39 mm. Garna heng i uthuset. Hugs garnfiskekort.
Fryseboks
Intensjonen med fryseboksen er å gi brukarane moglegheita til å fryse ned fangsten og ta med seg heim. Denne må deles mellom romma på hytta. Les gjennom brukarmanual som ligger på hytta FØR bruk. Fryseboksane er klargjort til bruk på gass. Skru av fryseboks og kople frå gass når ikkje i bruk, og når ein forlèt hytta ved leigeslutt.
Påhengsmotor
Det er ein 4 hk Suzuki påhengsmotor i uthuset. Det skal brukast rein bensin (95) utan tilsett olje. Bensin må brukar ta med sjølv. Motoren blir leigd ut for 75,- pr døgn, eller 500,- for ei veke. NB! Motor kan berre brukast til garnfiske i eit omfang på minimum 50 garndøger og i samband med villreinjakt. Dersom begge avdelingane i hytta leiger motoren må bruken avtalast dei imellom. Motoren er plassert i uthuset, og det er montert kodelås. Ved leigeslutt plasser motor tilbake og sett på igjen kodelås. Leig motor for perioden du leiger hytta på denne sida på Inatur. Koden står på kvitteringa når du har gjennomført kjøpet.
Opphenging av kjøt på veggen
På Bjørnavassbu er det i vinter bytta kledning på sør og aust veggen. Det er ny isolasjon, asfaltplater, vindduk og kledning.
På den gamle kledningen var det slått inn ein heil del med spiker for å kunne henge kjøtt på. På den nyvøla veggen er det etablert opphengsystem som det er mogleg å henge kjøttet på, med kroker eller tau/stripps. Det er lagt inn 25 kroker på hytta. Ta med tau/stripps sjølv.
Leigetakarar skal ikkje slå inn spiker i kledningen. Det vil kunne resultere i hull på vindduk og asfaltplater. Det ynskjer vi ikkje skal skje.
På Nordveggen er det fremdeles spiker i kledningen, da kledning på denne veggen ikkje er bytta enda.
Hytte-/Avbestillingsregler
Alle bestillingar blir belasta på bestillingsdato. Leigetakar har rett til å avbestille leigeforholdet inntil 30 dagar før leigeforholdet startar, og vil då få refundert 80% av leigesummen.
Ved avbestiling inntil 21 dagar før opphaldet startar blir 50% av summen refundert.
Ved avbestilling 20 dagar eller mindre før opphaldet bir det ikkje gitt refusjon.
Avbestiling skal sendast direkte til Ullensvang fjellstyre på e-post ullensvang@fjellstyrene.no.
- Alle brukarar skal vaska og rydda etter seg. Forlat hytta i den stand du sjølv ynskjer å finna ho.
- Ikkje legg att mat i hytta.
- Hytta er røykfri.
- Hundar skal vera i gangen.
- Sjå til at propan er kopla frå og at dører, vindauge og ventilar er skikkeleg stengd att før du reiser frå hytta.
- Brennbart søppel kan brennast, matrestar kastast i god avstand frå hyttene. Resten tek du med deg heim.
Nøkkelhenting
Nøkkel ligg i kodeboks som er montert på hytteveggen. Koden til nøkkelboksen står på kvitteringa du får ved bestilling av hytta - Ta derfor godt vare på kvitteringa du får frå Inatur.no. Slå inn koden, trykk hendelen til venstre ned. Når du har brukt nøkkelen: legg nøkkelen og kjettingen tilbake i boksen, lukk att boksen og endre tala til 0000. NB! Det er viktig å endre på tala - elles blir boksen ståande open.
Fjellstyret ber om at leigetakar gir tilbakemelding om det er lite ved/ gass på hytta, eller andre feil eller manglar som må rettast opp.