Fiske i Ullensvang statsallmenning

Sentrale deler av Hardangervidda vest, m.a. øvre del av Kvennavassdraget. Over 200 vatn med bestand av aure. Meir info om fisket på heimesida www.hardangervidda-fjellstyra.no

Arter

  • Innlandsfiske
  • Ørret

Beliggenhet

Viktige datoer


01.01.2018 kl. 09:00

Kontakt selger

Ullensvang fjellstyre

Steinar Lund

482 70 778

ullensvang@fjellstyrene.no

Video

Kjøp fiskekort her

Veibeskrivelse

Ullensvang statsallmenning ligg midt inne på Hardangervidda og det er langt å gå. Dette gjeld sama kva rute du vel. https://ut.no/kart gir ei grei oversikt over avstandar.

Det er to hovudruter inn i Ullensvang statsallmenning:

Alt: 1: Du kan ta Rv. 7 over Hardangervidda til Tråastølen, (Eidfjord statsallmenning),  køyr Tinnhølvegen (bomveg) til parkeringsplass ved Tinnhølen. Derfrå ta beina fatt på turstien innover mot Sandhaug og vidare i retning t.d. Litlos. Frå Tinnhølen går det ei traktorslepe mot Sandhaug, og vidare mot Hansbu. Det er mogleg å sykle på traktorslepa, men standarden er ikkje god. Merk at det er forbode å sykle utanom traktorslepa, jf. verneforskrifta for Hardangervidda nasjonalpark.

Alt: 2: Køyr E-134 til Røldal, ta av innover Valldalsvegen, 14 km til parkering. Så er det beina fatt opp Vivassdalen, gå turvegen i retning Litlos. Her går du over Røldal statsallmenning før du kjem inn i Ullensvang statsallmenning.

Eit tredje alternativ er å gå frå Haukelisæter (på E-134 over Haukelifjell) innover mot/over Røldal statsallmenning og vidare til Ullensvang statsallmenning. Dette alternativet er kanskje det lengste og tyngste, men ein flott tur.

Kartbladet "Hardangervidda Vest" i M1:100 000 viser det meste av området med vegar og turstiar.

 

Motorferdsel i Hardangervidda nasjonalpark:

Motorferdsel er i utgangspunktet forbode i Hardangervidda nasjonalpark. Det er mogleg å søke om landingsløyve for helikopter/sjøfly i samband med blant anna storviltjakt og garnfiske. Det er ikkje opning for å få løyve til motorferdsel i samband med stongfiske og småviltjakt. Søknad om løyve til motorferdsel i nasjonalparken skal sendast til Tilsynsutvalet i Vestlandet for Hardangervidda nasjonalpark. For meir info om motorferdsel, kontakt Tilsynsutvalet: https://ullensvang.kommune.no/artikkel/tilsynsutvalet-i-vestland-for-hardangervidda-nasjonalpark/

 

Fjellstyret har hytter som kan leigast i sommarhalvåret, sjå meir info på nettsida til Ullensvang fjellstyre.

Andre overnattingstilbod er turisthyttene Litlos, Tyssevassbu og Torehytten.

 

Kartbladet "Hardangervidda Vest" i M1:100 000 viser det meste av området med vegar og turstiar. 

Om selger

Sjå heimesida for Ullensvang statsallmenning, her vil du finna fortløpande info om jakt, fiske, fjellstyrehytter, og fjellstyra sitt arbeid.

www.hardangervidda-fjellstyra.no

 

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Fangstrapportering

For å fiske her må du levere fangstrapport etter turen.

Rapporter fangst

Mer detaljert beskrivelse

Sentralt på Hardangervidda, m.a. øvre del av Kvennavassdraget. Har vore eit godt stongfiske siste åra. Ullensvang fjellstyre har hytter til utleige spreidd utover statsallmenningen. 

 

Kjøpte kort blir ikkje refundert, jf. angrerettloven § 22 m).

 

Fiskebestand

Gode. Dei siste åra har det vore god rekruttering av fisk i mange vatn, og vertilhøva har gjort at veksten også har vore bra. Men over så store område og med så mykje høgtliggjande fiskelokalitetar, vil det vera variasjonar mellom dei ulike områda. Det ligg meir info om fisket i Ullensvang statsallmenning på heimesida til fjellstyret. M.a. driftsplan for fisket, og faktaark om fisket i mange av fiskevatna.

 

Les meir på heimesida vår. 

 

Fjellstyret har båtar liggjande ved ein del vatn som kan brukast av alle:
Store Vallgardsvatnet
Ambjørgsvatnet
Midtra Grøndalsvatnet
Tuevatna
Vetla Uravatnet
Svervetjødn

Garn til tynningsfiske:
I båtane som ligg ved Tuevatna, Vetla Uravatnet og Svervetjødn ligg det finmaska garn som kan brukast av dei som har kjøpt garnfiskekort. Desse vatna har potensiale til svært fin fisk, men er for tida noko "overbefolka". Hjelp til med tynningsfiske - så vert det fin fisk i vatna!

Fiskeregler

Fiskereglar Ullensvang statsallmenning

Gjeldande frå 22.6.2022

Kjøpte kort blir ikkje refundert, jf. angrerettloven § 22 m).

 

Generelle fiskereglar

  1. Alle som er fylt 16 år må løysa fiskekort. For grensevatna Holmavatnet, Tangasjøen og Vetla Uravatnet gjeld fiskekortet for heile vatna. For dei andre grensevatna gjeld fiskekortet berre på den delen av vatnet som ligg på Ullensvang statsallmenning.
  2. Personar som ikkje har fylt 16 år kan fiska med stong og handsnøre utan å løyse fiskekort.
  3. Alt fiske er tillate heile året.
  4. Kvar fiskar kan nytta inntil to fiskestenger/to handsnøre om gongen.
  5. Fiske med line og ståkrok er forbode.
  6. Det er forbode å nytta levande fisk som agn.
  7. Det er forbode å flytta fisk frå eit vatn til eit anna.
  8. Det er forbode å setja ut fisk utan særskilt løyve frå fjellstyret.
  9. Fiske med oter og garn er berre tillate for innanbygdsbuande i områda som låg i Ullensvang herad utanom Storås og Lilleås, Odda kommune utanom Røldal, og bygdene Kvanndal og Lussand, mot løysing av garnfiskekort. Sjå unntak for garnkort for utanbygdsbuande (punkt 19-22).
  10. Fiskaren skal ha fiskekort med seg under fisket, og når han oppheld seg på eller ferdast til eller frå fiskeplassane med fiskereiskap. Fiskaren er pliktig til å vise fram fiskekortet når dette vert kravt av fiskeoppsynet, politiet eller nokon frå fjellstyret.
  11. Brot på desse fiskereglane er straffbart.

 

Garnfiskereglar

12. Fiske med garn er tillate for innanbygdsbuande i områda som låg i Ullensvang herad utanom Storås og Lilleås, Odda kommune utanom Røldal, og bygdene Kvanndal og Lussand, mot løysing av garnfiskekort. Garnfiskekortet gjeld også for fiske med stong, handsnøre og oter i tilsvarande tidsrom.

13. Det er ikkje lovleg å setja garn nærare innfalls- og utfallsos enn 50 meter. Garn må heller ikkje nyttast i elvar, bekkar eller loner (tjørnliknande utvidingar av vassdrag).

14. Garna skal vera tydeleg merkte med eigaren sitt namn og adresse. Merka skal vera lett synlege.

15. For Holmavatnet og Tangasjøen gjeld fyljande:

      • Maks tal garn pr. fiskar er 5 stk.
      • Garna skal ha maskevidde større eller lik 39 mm (16 omfar) mellom knutane når garnet er vått.

16. Maks tal garn pr. fiskar er 10 stk. Det kan i tillegg nyttast inntil fem garn med maskevidde inntil 26 mm (sjå unntak for Holmavatnet og Tangasjøen i punkt 15).

17. I fylgjande vatn er det ikkje tillate med større maskevidde enn 39 mm (16 omfar): Litlosvatnet, Kvennsjøen, Øvsta Krokavatnet, Midtra Krokavatnet, Nedsta Krokavatnet, Jakobsbuvatnet, Nedsta Bjørnavatnet, Øvsta Bjørnavatnet, Tuevotni, Kollsvatnet, Vassdalsvatni (ved Vetlekoll), Krokavatnet (i Sledalen), Skadvatn, Ambjørgsvatnet og Grøndalsvotni.

18. I vatn som ikkje er nemnt i punkt 15 eller 17 er det fri maskevidde.

 

Vekeskort garnfiske for utanbygdsbuande

19. Fjellstyret kan tilby eit avgrensa tal vekeskort for garnfiske for utanbygdsbuande som kan nyttast i fyljande vatn: Nedsta Krokavatnet, Midtra Krokavatnet, Øvsta Krokavatnet, Jakobsbuvatnet, Nedsta Bjørnavatnet, Øvsta Bjørnavatnet, Sigridskarvatnet, Tuevotni, Kvennsjøen, Litlosvatnet, Kollsvatnet, Skadvatn, Ambjørgsvatnet, Krokavatnet (i Sledalen), Nedsta Vassdalsvatnet og Grøndalsvotni.

20. Dei til ei kvar tid gjeldande fiskereglar for fiske med garn gjeld – sjå garnfiskereglar for
Ullensvang statsallmenning.

21. Garnkortet gjeld også for fiske med stong og handsnøre (i alle vatn og elvar på Ullensvang statsallmenning) og oter (i vatna som er dekka av fiskekortet) i tidsrommet kortet gjeld for.

22. Kvar enkelt person kan berre kjøpa fiskekort for ei veke per sesong.

Gode fisketips

Ullensvang statsallmenning når du lettast ved å gå frå Tinnhølen i nord eller Valldalen i sør. 
Aure er einaste fiskeart. Du har sjanse til å treffa nærare kjennskap med den store feite "Hardangervidda-auren". Gode fiskevatn finn ein i heile statsallmenningen. Det kan lønna seg å oppsøka mindre vatn eit stykke frå dei mest trafikkerte områda.

Andre aktuelle tilbud