Fiske i idylliske Birtedalen i Fyresdal
Fjellområde på 600–1100 moh, i Fyresdal i Vest-Telemark. Kupert og variert terreng med snaufjell, myr og skog, samt ei rekke flotte fjellvatn med god matfisk.
Arter
- Ørret
Beliggenhet
Viktige datoer
Kontakt selger
35067703 / 91632615
Kjøp fiskekort her
Om selger
Fyresdal er gjennom Fyresdal Fiskefond delt inn i fem fiskesoner, og du kan kjøpe fiskekort for ei sone eller heile området.
Med over 500 vatn er Fyresdal eit eldorado for fiskeinteresserte, og vi kan nærast garantere gode naturopplevingar både for den erfarne sportsfiskaren, og for den som er ute for fyrste gong – og gleda ved å få fisk er like stor uansett.
Fiskekvoter
Det er inga kvoteavgrensing på dette tilbodet.
Mer detaljert beskrivelse
Birtedalen ligg i Fyresdal kommune i Vest-Telemark og er eit av kommunens best tilrettelagde friluftsområde. Birtedalen har eit kupert og variert terreng med myr, skogkledde og nakne heier opp i 1000-1100 meters høgde, samt lågare og frodigare heier. Her er både elver, tjern, små vatn og større innsjøar, både lett tilgjengeleg og langt inne på heia. Variasjonen gjev flugefiskarar stor sjanse til å treffe ei god klekking i eit vatn, da våren og varmen kjem i eit spreidd tidsrom på vatna i forskjellig høgde. Birtevatn ligg på 611 moh og fjellvatna ligg på om lag 700–900 moh. Topografien i Birtedalen ligg godt til rette for kombinasjonen av padling og fisking langs hovudvassdraga, eller vandring og fiske dersom ein ynskjer å ta seg inn til dei høgstliggjande vatna.
Birtedalen går under sone fem i fiskekortløysinga. Du finn meir informasjon om fisket i kommunen her: Fiske i Fyresdal
Overnatting
Ynskjer du overnatting i nærleiken, finst det fleire alternativ i Birtedalen; blant anna Kvipt Gjestegard, Birtehytta og Tovslid.
Andre aktivitetar
Av andre aktivitetar har Birtedalen fleire merka toppturar, og er ein av inngangsportane til DNT sitt løypenett i Austheiene. Du kan bruke sykkelen på dei mange grusvegane i området, eller du kan padle og nyte båtlivet. Seinsommaren og hausten er ei fin tid for bær- og sopplukking.
Her finn du forslag til turar i området: Turar i Øvre Birtedalen
Fiskeregler
Kjøp av fiskekort gjev rett til fiske med stong og handsnøre i dei områda fiskekortet gjeld for. Dei som skal fiske plikter å orientere seg om kvar det er lov å fiske og om dei reglane som gjeld.
Ungar under 16 år kan etter "Lov om innlandsfiske" fiske fritt med stong og handsnøre fram til 20. august kvart år.
Ved kontroll har ein plikt til å syne fram fiskekort eller legitimasjon.
Fiske med levande fisk som agn og spreiing av nye fiskeartar er forbode! Hjelp oss å halde vatna frie for ørekyte også i framtida!
Hugs fare for skogbrann! Det må ikkje gjerast opp open eld i tida 15. april - 15. september.
Far varsamt i naturen. Kast ikkje frå deg avfall, fiskesnøre eller liknande. Vis omsyn til andre turfolk og tenk deg om når du bryt granbar og samlar ved til bålet.
Gode fisketips
I Birtedalen finn ein i hovudsak reine aurebestandar, utan innslag av andre artar. Dei fleste vatna er egna for dei fleste type fiske, og du kan bruke sluk, spinnar, mark eller fluge. Elvene er i hovudsak best med mark og fluge. Her finn ein både lett tilgjengelege fiskevatn og vatn som er meir krevjande å nå. Dei fleste vatna har mest fisk opp til 500 gram, men somme vatn byr på overraskingar som aure på 2 kg.
Forslag til fiskevatn:
Familievenlege vatn som er tilgjengelege frå bilveg: Brutjønn, Birtevatn og Øyarvatn.
Vatn i nærleiken av bilveg: Tovsliøytjønn, Stemmetjønn.
Vatn som krev at ein går eit stykke: Sandvatn, Grodvatn, Gjevarvatn, Langevatn, Bergstadtjønn, Furutjønn, Sundbekk, Mjåvatn, Rjupetotjønn, Nilsetjønn, Ytretjønn og Krokstøyltjønn.
Egna for båt: Birtevatn, Nesvatn, Øyarvatn og Brutjønn.
Vassdrag som er fine å padle; Øyarvatn, Sandvatn, Grodvatn, Brutjønn, Ufstjønn, Gjevarvatn, Langevatn.