Fiske i Eresfjord og Vistdal statsallmenning

Både i Aursjøen og i vatna i Stordalen, Sandgrovbotnen og Mardalsbotnen kan ein få stor og fin fisk. I dei fleste vatn finn ein aure, medan det i Aursjøen og er harr.

Arter

  • Innlandsfiske
  • Ørret
  • Harr

Beliggenhet

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Kontakt selger

Eresfjord og Vistdal fjellstyre

90689828

eresfjord.vistdal@fjellstyrene.no

Video

Kjøp fiskekort her

Om selger

Eresfjord Vistdal Fjellstyre forvalter Eresfjord og Vistdal Statsallmenning, i alt 214 daa høgfjell i Molde kommune, Møre og Romsdal fylke.

 

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Fangstrapportering

For å fiske her må du levere fangstrapport etter turen.

Rapporter fangst

Mer detaljert beskrivelse

Eresfjord og Vistdal Fjellstyre forvalter Eresfjord og Vistdal Statsallmenning, i alt 214 daa høgfjell i Molde kommune, Møre og Romsdal fylke.

Statsallmenninga grenser til Eikesdal Sameige på begge sider av Eikesdalen og mot Rauma, Sunndal og Lesja kommuner.

 

Fellesfiskekort i Snøhettaområdet

Småviltjakt i Eresfjord og Vistdal

Hjemmeside

Eresfjord

Laksefiske i Eira

 

Fiskeregler

 

Det er lov å fiske med stang og handsnøre i alle vatn heile året, også isfiske. Det er og lov å sette ut krokar for fangst over natta.

På grunn av smittefare er det kun lov å bruke meitemark og magot som levande agn.

Det er lov å fiske med garn (settegarn) og oter frå 1. juni til 15. september.

Alt fiske krev gyldig fiskekort. Kort må kunne synast fram ved kontroll.

Born under 16 år har rett til gratis fiske med stang, handsnøre og oter.

Bruk av båt med motor er lovleg på Aursjøen.

Av omsyn til tryggleiken er det ikkje tillatt med isfiske på Aursjøen.

Utanlandske statsborgarar kan berre fiske med stang.

Minste maskevidde i Aursjøen er 39 mm, elles fri maskevidde. I 2022 skal eit av tre garn i Aursjøen ha 39 mm maskevidde, i 2023 to av tre garn. I 2024 alle. Eit garn er inntil 25 m langt, og inntil 2 m djupt.

Garn skal vere merka med namn og telefonnummer.

Fiske med garn er forbode i elver, loner og bekker, og nærare enn 50 m frå inn- og utløpsoser.

Fiskarar med adresse Eikesdal, Eresfjord, Vistdal og Bugge, og som har vore busett der siste året, får fiske med fritt tal garn i alle vatn. Andre fiskarar 3 garn pr. person. I Aursjøen kan alle fiske med fritt antall garn i Eresfjord Vistdal fjellstyre sin del av Aursjøen.

 

Fangstrapportering

Som ein del av forvaltinga vert det kvart år sett ut fleire tusen fiskar. Desse fiskane er feittfinneklipt. Eresfjord og Vistdal Fjellstyre ynskjer tilbakemelding på resultatet av fisket. Vi ber om at du leverer fangstoppgave via Inatur.no. Eventuelt til Eresfjord Vistdal Fjellstyre, 6470 Eresfjord, epost eresfjord.vistdal@fjellstyrene.no, sms: 90689828 (oppgi kortnummer).

Av dei innsendte fangstoppgåvene vert det trekt eit gåvekort på kr. 500,-.

 

Gode fisketips

Både i Aursjøen og i vatna i Stordalen, Sandgrovbotnen og Mardalsbotnen er det stor og fin fisk.

Vi har og mange fiskeelvar.

Andre aktuelle tilbud