Aurlandskortet - Høgfjellsfiske i Skarvheimen
Felles fiskekort i Aurland kommune som dekker over 200 vatn i tillegg til vatn og bekker. Frå Rallarvegen og Flåmsvassdraget i sør, til Aurlandsvassdraget og grensa til Hallingdal.
Arter
- Ørret
- Røye
Kjøp fiskekort her
Viktige datoer
Om oss
Aurland fiskeadministrasjon administrere eit felles fiskekort for nesten heile Aurland kommune.
Kontakt oss
57633566
Lenker på denne siden
- Ingen lenker
Fiskekvoter
Mer detaljert beskrivelse
Generell beskrivelse
Aurlandskortet er eit fiskekort som gjer at ein kan fiske med eit fiskekort i 7 ulike fiskekortsoner i Aurland kommune. Det gjev oss fantastiske fiskemoglegheiter frå lågland til høgfjellet. Dei som berre vil kjøpa fiskekort for dei enkelte sonene kan gjera det på Turistkontoret i Aurland, overnattingsverksemdene i fjellet eller eigne fiskekortautomatar langs fjellvegen mellom Aurland - Lærdal. Det er og høve til å kjøpa dagskort på dei enkelte sonene på denne sida.
I Stemmerdalen nedom turisthytta er det tilrettelagt med fiskesti for rullestolbrukarar.
Fiskebestand
Dei fleste vatn har ein tynn bestand av stor fisk, røye i sone 6 Flåmsvassdraget. Med dei gode sommarane me har hatt no dei siste åra er det svært gode forhald for fiske i høgfjellet.
Gjennomsnittsvekta på garnfanga fisk i sone 1 Aurland Statsallmenning, var på 0,4 kg sesongen 2016. og det blei teke opp over 2 tonn aure. Det blir drive eit omfattande kultiveringsarbeid med utsetting av sommargamal yngel på dugnad og tynningsfiske der fiskebestanden er for tett.
Beliggenget og terrengbeskrivelse
Aurland ligg inst i Sognefjorden, med høgfjell som strekker seg mot Hallingdal i aust og Hardangervidda i sør. Dei fiskevatna som det blir teke opp mest fisk i ligg over 1400 m.o.h.
Småviltjakt Broksfjell. Småviltjakt Aurland. Heimeside Aurland fjellstyre.
Fiskeregler
Fiskekortet gjeld i utgangspunktet berre for stongfiske, men i sone 1, Aurland Statsallmenning er det opna for oterfiske i alle vatn, i tillegg er det opna for garnfiske for utanbygdsbuande i alle vatna i Storebotnvassdraget og nokre vatn kring Stemmerdalen. Ta kontakt Aurland Fjellstyre aurland@fjellstyrene.no for meir informasjon. I sone 4 er det opna for oterfiske i Finndalsvatn og Nyhellervatn.
Fangstrapport
Me vil oppfordra alle som fiskar om å senda fangstrapportar til aurland@fjellstyrene.no med opplysningar om vatn det er fiska i, mengde fisk, vekt fisk og største fisk.
Gode fisketips
Svært gode forhald for isfiske på våren og føresommaren, isfiskesesongen er lang, i høgfjellet ligg isen ofte heilt til midten på juli.
Ta med fiskestanga når de skal gå Aurlandsdalen, fantastisk natur kombinert med fine fiskehølar. Mykje småfisk men og ei og anna strekka med moglegheit for storfisk på kroken. Ypperleg viss ein har med seg ungar.
Frå midten av juli og utover hausten kan ein verkeleg oppleve eit eventyrleg fiske i høgfjellet. Gå litt vekk frå allfarveg, fisken er ikkje så slukredd der.
Langs Fv. 50 i Stemmerdalen er det tilrettelagt med fiskesti for rullestolbrukarar, rasteplass og fleire fine bålplassar. Flott fiske på begge sider av terskelen, perfekt plass for småbarnsfamelien på fisketur.