Hjortejakt i Hyllestad
4-dagars jaktkort for 1 jaktlag.
Arter
- Storvilt
- Hjort
Beliggenhet
Viktige datoer
01.04.2025 kl. 09:00
Kontakt selger
Kjøp/søk jakt her
Om selger
Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane er eit regionlag i Norges Jeger- og Fiskerforbund og har som eit av sine formål å sikre jakt- fiske og frilufsliv til alle.
Vi administrerer denne jakta for Opplysningsvesenets fond (OVF) i Sogn og Fjordane.
Priser
Før du kan kjøpe kort, må du ha betalt jegeravgifta.
4-dagars kort, ingen begrensingar på antal jegerar. Kr 5.000 i september/oktober, kr 3.300 i november/desember. Første og siste kortet er noko lengre og har derfor litt høgre pris.
Tillegg :
I tillegg betalar ein kilopris på kr 80 for for felte dyr. Kiloprisen er slaktevekt etter at dyret er vomba ut og flådd, og utan hovud.
Mer detaljert beskrivelse
Jaktkort
Kortet gjeld for 4 dagar (første og siste jaktkortet er lengre). Kortkjøpar er jaktleiar, ingen begrensingar på antal jegerar i jaktlaget. Det blir solgt kun 1 jaktkort i kvar periode. Terrenget er utan jakt halvanna veke mellom kvart kort, slik at det har vore ro i terrenget ei stund før ein startar jakta. .
Dersom det kun er att kalv på kvota, kan du velje å ikkje nytte deg av jaktkortet.
Gje isåfall beskjed til sognogfjordane@njff.no minst 5 dagar før, då får du att 75% av kortet. Det er ikkje mogleg å få refundert jaktkortet ved andre høver, med unntak av om vi får solgt avbestilt kort.
Løyve
Kvota for 2024:
Kvoterfri jakt på hjortekalv
3 stk 1,5 år hodyr (fjorkolle / ungkolle)
1 stk hodyr
Ungkolle kan fellast istaden for kolle. Kalv kan fellast for alle kategoriar.
MERK! Dette er ikkje endeleg fastsatt kvote. Små forandringar kan forekomme.
Heile den resterande kvota er jaktbar. Kvar enkelt jeger må sjekke restkvote på www.hjorteviltregisteret.no/bruker/login før ein startar jakta. Det er eit krav at alle må rapportere sett og skutt dyr innan kl 24.00 siste jaktdagen.
På grunn av terrenget sin storleik, er dette terrenget ikkje eigna til jakt med laushund.
Jaktleiar
Den som kjøper jaktkortet er jaktleiar. Jaktleiar er ansvarleg for all rapportering.
Jaktregler
Krav om rapportering
1. Felte dyr skal rapporterast umiddelbart på sms til 97985133, oppgje alder og kjønn.
2. Felte dyr og observasjonar (også ved ingen observasjonar) skal rapporterast inn seinast siste jaktdag på jaktkortet på https://www.hjorteviltregisteret.no/bruker/Login/ . Dette er svært viktig då andre som har kjøpt kort må inn å sjå restkvote på hjorteviltregisteret. Jaktfelt 4637J0056, Hyllestad kommune, Prestegarden.
Hugs å legge inn alle synsobersvasjonar, også dei som de veit andre i jaktlaget har sett.
Alle dagar det har blitt jakta, skal leggast inn. Også dersom det ikkje er gjort observasjonar (observasjon = 0- null)
3. Etter slakting (utvombing, flåing og tatt av hovudet) skal dyret vegast. Ta bilete av dyret med vekta, slik at det er mogeleg å lese av tyngda. Send biletet på sms til 97985133. Stikkprøver vert tatt, så skal du ut av området, må du først gje beskjed om det til 97985133.
4. Ikkje kryss nabovald unødig under jakta, det kan forstyrre andre jaktlag. Vi må ha eit godt forhold til naboane.
Før du skal jakte:
Alle som har kjøpt kort er pliktige til å sjekke på hjorteviltregisteret om det er att dyr på kvota https://www.hjorteviltregisteret.no/bruker/Login/ Jaktfelt 4637J0056, Hyllestad kommune, Prestegarden.
Den som jaktar pliktar å legge inn dette innan seinast siste jaktdag i jaktkorts-perioden.
Om jaktkort:
1. Kortet gjeld 4 dagar (6 dagar siste jaktkortet i desember). Kortkjøpar er jaktleiar. Jaktkortet gjeld for heile jaktlaget til kortkjøpar, ingen begrensingar på antal jegerar i jaktlaget.
2. Alle som jaktar må ha betalt jegeravgifta for dette året og fått godkjent skyteprøve dette året.
3. Bevis for betalt jaktkort, jegeravgift og bestått skyteprøve skal takast med under jakt.
4. Kjøpte kort vert ikkje refundert, med mindre kvota er fyllt med unntak av fri kalv,før du får jakte. Då vert 75% av beløpet refundert dersom du sender melding om det til sognogfjordane@njff.no 5 dagar før jaktperioden din.
Ettersøk
OVF og NJFF Sogn og Fjordane har ettersøksavtale med Fjaler og Hyllestad ettersøksring. Dei har vakttelefon 99 15 81 00 (lagre nummeret på mobiltelefonen). Du kan bruke denne avtala dersom uhellet er ute. Har du med eigen godkjent ettersøkshund kan du bruke den.
Ta med kopi av ettersøksavtala under jakt.
Ettersøksavtala finn du i informasjonsbrevet.
Informasjonsbrev for 2024 vert oppdatert sommaren 2024, alle som kjøper kort må lese informasjonsbrev til jegere_Hyllestad 2024