Villreinjakt på Ullensvang statsallmenning for innanbygdsbuande 2025
Søknadsside for innanbygdsbuande i områda som låg i Ullensvang herad utanom Storås og Lilleås, Odda kommune utanom Røldal, og bygdene Kvanndal og Lussand. Utanbygdsbuande skal ikkje søkje her.
Arter
- Villrein
Beliggenhet
Viktige datoer
02.04.2025 kl. 09:00
02.05.2025 kl. 23:59
Kontakt selger
482 70 778
Video
Kjøp/søk jakt her
Om selger
Gjer merksam på at endeleg kvote ikkje er fastsett enda, og at det tas forbehold om eventuelle endringar.
Dei som er busett i områda som låg i Ullensvang herad (utanom Storås og Lilleås) og bygdene Kvanndal og Lussand kan søke om kort med tilgang på Eidfjord statsallmenning sør for Nordmannslågen. For å gjere det skriv du «Ja» under «Tilleggskriterier» på spørsmålet «Ønsker tilgang til tilleggsfelt». Dette gjer du etter at du har trykt "Fyll ut søknaden".
Merk at kort kategoriane "fritt dyr" og "kalv" vil bli forbeholdt unge jegerar i alderen 16 til 20 år. Eventuelle kort av desse kategoriane som er til overs, vil bli tildelt fortrinnsvis fyrstegangsjegerar, deretter i til jegerar frå 20 år og oppover.
Jaktstatistikk for valdet:
Korta gjeld på valda HA 281 og HA 282. Du finn felllingsstatistikk for valda på www.hjorteviltregisteret.no/statistikk/villrein
Ullensvang statsallmenning ligg midt inne på Hardangervidda og det er langt å gå. Dette gjeld sama kva rute du vel. https://ut.no/kart gir ei grei oversikt over avstandar.
Det er to hovudruter inn i Ullensvang statsallmenning:
Alt: 1: Du kan ta Rv. 7 over Hardangervidda til Tråastølen, (Eidfjord statsallmenning), køyr Tinnhølvegen (bomveg) til parkeringsplass ved Tinnhølen. Derfrå ta beina fatt på turstien innover mot Sandhaug og vidare i retning t.d. Litlos.
Alt: 2: Køyr E-134 til Røldal, ta av innover Valldalsvegen, 14 km til parkering. Så er det beina fatt opp Vivassdalen, gå turvegen i retning Litlos. Her går du over Røldal statsallmenning før du kjem inn i Ullensvang statsallmenning.
Eit tredje alternativ er å gå frå Haukelisæter (på E-134 over Haukelifjell) innover mot/over Røldal statsallmenning og vidare til Ullensvang statsallmenning. Dette alternativet er kanskje det lengste og tyngste, men ein flott tur.
Kartbladet "Hardangervidda Vest" i M1:100 000 viser det meste av området med vegar og turstiar.
Merk at det meste av Ullensvang statsallmenning ligg i Hardangervidda nasjonalpark. Det er blant anna bandtvang for hund heile året i nasjonalparken, og det er ikkje lovleg å bruke sykkel utanom på traktorslepene (elsykkel er ikkje lov). Verneforskrifta: https://lovdata.no/dokument/LF/forskrift/1981-04-10-4830
Motorferdsel i Hardangervidda nasjonalpark:
Motorferdsel er i utgangspunktet forbode i Hardangervidda nasjonalpark. Det er mogleg å søke om landingsløyve for helikopter/sjøfly i samband med blant anna storviltjakt og garnfiske. Det er ikkje opning for å få løyve til motorferdsel i samband med stongfiske og småviltjakt. Søknad om løyve til motorferdsel i nasjonalparken skal sendast til Tilsynsutvalet i Vestlandet for Hardangervidda nasjonalpark. For meir info om motorferdsel, kontakt Tilsynsutvalet: https://ullensvang.kommune.no/artikkel/tilsynsutvalet-i-vestland-for-hardangervidda-nasjonalpark/
I villreinjakta kan jegerar med fellingstillatelse på Ullensvang statsallmenning nytte helikopter til fastsette landingsplassar utan særskilt løyve. Info om dette blir sendt ut til dei som er tildelt jakt.
Priser
Pris står under "Beskrivelse" for kvar enkelt pakke.
Mer detaljert beskrivelse
Informasjon om reinsjakta på Ullensvang statsallmenning 2025
Oppdatert informasjon om reinsjakta 2025 blir lagt ut på heimesida til fjellstyret: http://www.hardangervidda-fjellstyra.no/reinsjakt-innanbygds-ullensvang
Kortpakke fritt dyr + kalv blir forbeholdt innanbygds ungdom. Eventuelle kort av denne typen som er til overs blir tildelt fortrinnsvis fyrstegongsjegerar og deretter dei i alder frå 20 år og oppover.
Jaktregler
- Jakttida er fom. 20. august tom. 21. september (kan bli endra etter fastsetting av endeleg jakttidsramme).
- Nattefreding 1900-0700.
- Frå det kalenderåret ein fyller 16 år og fram til fylte 18 år kan ein delta i opplæring på storviltjakt med våpen. Jegerar i denne aldersgruppa blir tildelt kort på lik linje med andre. Reglar for opplæringsjakt ligg på heimesida: http://www.hardangervidda-fjellstyra.no/info-om-reinsjakta-pa-ullensvang-statsallmenning-2024
- Du må ha med deg jaktkort, våpenkort, jegeravgiftskort og evt, jaktlagsavtalar på jakt.
- Alle reglar for jakta blir lagt ut på heimesida til fjellstyret før jakta: www.hardangervidda-fjellstyra.no. Det blir i tillegg sendt ut på epost til alle som er tildelt kort.