Hjortejakt i Selje
2 perioder: 01.09.25 - 30.10.25 og siste periode 01.11.25 - 23.11.25.
Arter
- Storvilt
- Hjort
Beliggenhet
Viktige datoer
01.04.2024 kl. 09:00
Kontakt selger
Kjøp/søk jakt her
Om selger
Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane er eit regionlag i Norges Jeger- og Fiskerforbund og har som eit av sine formål å sikre jakt- fiske og frilufsliv til alle.
Vi administrerer denne jakta for Allstad Eiendom AS (tidlegare Opplysningsvesenets fond -OVF) i Sogn og Fjordane.
Priser
1. periode 01.09.25 - 30.10.25. Kr 1.000
2. periode 01.11.25 - 23.12.25. Kr 1.000
Tillegg :
I tillegg betalar ein kilopris på kr 80 for for felte dyr. Kiloprisen er slaktevekt etter at dyret er vomba ut og flådd, og utan hovud.
Mer detaljert beskrivelse
Terrenget i Selje er eit lite jaktterreng, som det tek kanskje ein halv dag å jakte gjennom. Det er normalt lite dyr her, og vi kan ikkje garantere at her er dyr i terrenget til ei kvar tid.
Vi anbefaler derfor terrenget til lokale jegerar eller andre som kan kombinere ein jakttur her med anna jakt eller andre opplevingar i området.
Løyve
Kvota for 2024
Kvotefri jakt på kalv
1 ungdyr (1,5 år. Fjorkolle eller spissbukk)
HEILE DEN RESTERANDE KVOTA TIL EINKVAR TID ER JAKTBAR. Når kvota er full, kan ein ikkje jakte meir. Dersom det ikkje er att meir på kvota når 2. periode startar, får jaktleiar i 2. periode tilbakebetalt 75% av det som er innbetalt.
Jaktregler
Krav om rapportering
1. Felte dyr skal rapporterast umiddelbart på sms til 95889475, oppgje alder og kjønn.
2. Felte dyr og observasjonar skal rapporterast fortløpande på https://www.hjorteviltregisteret.no/bruker/Login/ . Jaktfelt 4649J0024, Stad kommune, Selje. Jaktleiar i periode 1 må rapportere sett og skutt seinast kl 21.00 siste dagen i jaktperioden, og jaktleiar i periode 2 må sjekke restkvote før ein startar jakta.
Hugs å legge inn alle synsobersvasjonar (også ved ingen observasjonar), også dei som de veit andre i jaktlaget har sett.
Alle dagar det har blitt jakta, skal leggast inn. Også dersom det ikkje er gjort observasjonar (observasjon = 0- null)
3. Etter slakting (utvombing, flåing og tatt av hovudet) skal dyret vegast. Ta bilete av dyret med vekta, slik at det er mogeleg å lese av tyngda. Send biletet på sms til 95889475, Alf Erik Røyrvik. Stikkprøver vert tatt, så skal du ut av området, må du først gje beskjed om det til Røyrvik på tlf. 95889475.
Om jaktkort:
1. Det vert solgt 1 kort per periode. Den som kjøper kort er jaktleiar. Ein kan jakte åleine eller danne eit jaktlag, det er ikkje begrensingar på antal jegere jaktleiar kan ta med seg.
2. Alle som jaktar må ha betalt jegeravgifta for dette året og fått godkjent skyteprøve dette året.
3. Bevis for betalt jaktkort, jegeravgift og bestått skyteprøve skal takast med under jakt.
4. Kjøpte kort vert ikkje refundert, med mindre kvota er fyllt før du får jakte. Då vert 75 % av beløpet refundert, både av hovedkort og tilleggskort.
Ettersøk
NJFF Sogn og Fjordane har ettersøksavtale med Stryn Ettersøkslag for dei jegerane som ikkje har ettersøkshund sjølv. Jaktlaget stiller med båtskyss til ettersøksjegeren dersom det vert ettersøk på Selja eller holmen.
Har du med eigen godkjent ettersøkshund kan du bruke den.
Ettersøksavtala skal takast med under jakt, den finn du i informasjonsbrevet:
Informasjonsbrev med ettersøksavtale for 2025 vert lagt ut her seinare. Alle som kjøper kort må lese informasjonsbrev til jegere_Selje 2025
Jakttips
På øya Selja anbefaler ein liten laushund, skogen på øya er tett og vanskeleg å bevege seg i, betre å sleppe inn hund og postere rundt.
Terrenget har glissent med dyr, og det kan vere utfordrande å få fellt dyr.
Jaktområde:
Sjå kart, det er 3 områder ein kan jakte i; Selja, Ersholmen og sentrum. Ein må vere særskilt aktsom nær bebyggelse.
Båtskyss:
Vestkapp Båtservice gir våre medlemer tilbodspris på skyss ut til Selja dersom ein ikkje har båt sjølv.
Telefon 417 63 415
Båtutleige: Geir Johnny Rye (Hansvik og Øyen-båt): 90764398