Villreinjakt for INNANBYGDS i statsallmenningane i Lom og Vågå

Søknadar sendt på denne sida gjeld jegerar som er innanbygds i Finndalen, Vårdalen og Nordherad statsallmenningar. Utanbygds søkjer på eige side her på Inatur.

Arter

  • Villrein

Beliggenhet

Viktige datoer


01.04.2024 kl. 09:00

10.05.2024 kl. 23:59

Kontakt selger

Finndalen fjellstyre

90966277/90157362

finndalen@fjellstyrene.no

Video

Kjøp/søk jakt her

Om selger

Finndalen fjellstyre forvaltar bruksrettane i Finndalen statsallmenning, som ligg i Lom og Vågå kommunar. Totalareal: 267.200 dekar.

SMÅVILTJAKT: Rype, hare, skogsfugl og andre jaktbare artar. Fritt kortsal for jakt u/hund 15.09 - ut februar. Fuglejakt m/hund 15.09-29.09 (18 kort a 5 dager fordelt på tre 5-døgnsperiodar), harejakt m/hund 11.-20/10 (5 kort a 7 dager), søknadsfrist 1/4. Kortsal:  Inatur. VILLREINJAKT: Eigen kvote til utanbygdsbuande (ca. 20 kort). Søknad på Inatur for alle, både innan- og utanbygds. ELGJAKT: Eitt felt som går på omgang mellom innanbygds lag i Lom, Skjåk og Vågå. Blir lyst ut på Inatur dei åra det er ledig.

INNLANDSFISKE: 10 vatn og 26 km elv med aure. Stongfiske. Oter- og garnfiske på Honnsjøen også for utanbygds. Kortsal på Inatur.

Fjellstyret leiger ut ei hytte ved Råkåvatnet og ei ved Honnsjoen, med booking på Inatur. Innanbygds disponerer Råkåbue i tida 31. juli til 19.sept. (garnfiske).

Priser

Prisar 2023 :

Fritt dyr                        kr. 3.500

Bukk u/50 kg               kr. 2.750

Simle/bukk u/40 kg      kr. 1.850

Kalv                             kr.    900

 

Mer detaljert beskrivelse

Finndalen statsallmenning på nordsida av Ottadalen, er ein del av Reinheimen-Breheimen villreinområde. I tillegg er det to mindre statsallmenningar: Vårdalen og Nordherad, desse er forvalta av Lom og Vågå fjellstyre, men er ein del av eit felles søknads- og tildelingsopplegg for innanbygds i Lom og Vågå. Finndalen fjellstyre administrerer søknads- og tildelingsprosessen for alle tre statsallmenningane. 75 % av kvota i Finndalen blir tildelt innanbygds. Dei siste åra har kvota til innanbygds vore på ca. 60 dyr, i tillegg kjem det 5-7 dyr på kvar av dei små statsallmenningane. Fellingsprosenten i 2022 var på ca. 52 %, normalt ligg den mellom 60 og 70%. 

 

Søknad: Utanbygds søker på INATUR (www.inatur.no) på side for utanbygds. Søknadsfrist 2. mai.

Innanbygds søkjer på Inatur på side for innanbygds, søknadsfrist 10. mai.

 

Hugs at du er med i trekninga berre på den/dei typene dyr du har søkt på! Ønskjer du å delta i trekninga på alle typer dyr, alle typer dyr stå på søknaden din! Har du søkt berre på "Fritt dyr" vil du ikkje delta i trekninga om andre korttyper. Tildeling ved trekning vil også skje etter korleis du har prioritert dei ulike korttypene. Står "Kalv" øverst på søknaden din har du prioritert jaktkort på kalv som nr. 1, og vil da få tilbod om kalvkort sjølv om det er andre korttyper ledig. Prioritering av type dyr, og endring av søknaden kan gjerast fram til søknadsfristen går ut.

Innanbygds er personar som siste året har vore og framleis er fast busette i området der allmenningen ligg –  eller i bygd eller grend der innbuarane frå gamal tid har utøvd allmenningsbruk i allmenningen.

 

Kvoter for innanbygds i Finndalen statsallmenning i 2022 var (ikkje fastsett for 2023 enda):

Fritt dyr 16 stk.

Bukk u/ 50 kg 3 stk.

Simle/bukk u 40 kg. 19 stk.

Kalv 25 stk.

(I tillegg 5 kort i Vårdalen statsallmenning, og 7 kort i Nordherad statsallmenning). 

 

Jakttid 20.08-14.09, kvelds-/nattejaktforbud etter kl. 19.00.

AVTALE OM FELLES OG DELVIS FELLES JAKTOMRÅDE I REINHEIMEN (2022):

Områda i Lesja, Vågå, Lom og Skjåk aust for Tora-Tverråe-Torsvatnet inngår i et felles jaktområde for alle dagane i heile jaktperioden. Da skal jeger starte jakten fra eige jaktområde (som står på jaktkortet). Dovreområdene er unntatt. I tillegg blir følgjande fellesjaktopplegg vedr. Finndalsområdet vidareført: tysdag-torsdag: 30. august -1. sept. og 6.-8. sept, i denne perioda er kort stempla Fellesområdet Finndalen gyldig i både Skjåk- og Lesjaområde. Kort stempla Lesja-Reinheimen eller Skjåk-Reinheimen, er i same periode gyldige i Finndalsområdet.

Unge jegere (20 år og yngre) får jakte i heile det åpne Reinheimenområdet heile jakta, på eige kort!

Villreinbestanden i Nord-Ottadalen er normalt i bra kondisjon, og generelt lite sky og grei å jakte på. 

Jaktregler

 

AVTALE OM FELLES JAKTOMRÅDE I REINHEIMEN:
Områda i Lesja, Vågå, Lom og områda i Skjåk aust for Tora-Tverråe-Torsvatnet inngår i et felles jaktområde for heile jaktperioden. Da skal jeger starte jakten fra eige jaktområde (som står på jaktkortet). Dovreområda er unntatt. I tillegg blir følgende fellesjaktopplegg for Finndalsområdet vidareført: tysdag-torsdag 30. aug.-1. sept. og 6.-8. sept, i denne perioden er kort stempla Fellesområdet Finndalen gyldig i både Skjåk- og Lesjaområde. Kort stemplet Lesja-Reinheimen eller Skjåk-Reinheimen, er i same periode gyldige i Finndalsområdet.
Unge jegere (20 år og yngre) får jakte i heile det opne Reinheimenområdet i hele jakten, på eige kort!
UNNTATT FRA OPE JAKTOMRÅDE : Områdene i Fjord, Stranda og Rauma.

Villreinutvalgets infoside har frå 2017 berre lagt ut grovdetaljert info om kvar flokkane oppheld seg. Vidare er det bestemt å vidareføre opplegget med at oppsynskorpset ikkje får gje info om kvar flokkane held til over mobil på dagtid! 

Dette for å unngå konsentrasjon av jegere rundt villreinflokkane, med stressa og fare for inhuman jakt.

http://reinheimen-breheimen.no/

 

Detaljerte reglar elles om jakta kjem fram av jegerkontrakta.