Ulvik, villreinjakt for INNANBYGDS 2026

VILLREINKORT FOR INNANBYGDSBUANDE 2026. Sjå informasjon om samjakt. Søknadsfrist er 2. mai. Set av den pakken du ynskjer øvst i søknaden. Sjå detaljert skildring nedst for rettleiing om utfylling.

Arter

  • Villrein

Beliggenhet

Viktige datoer


17.04.2026 kl. 09:00

02.05.2026 kl. 23:59

Kontakt selger

Ulvik Fjellstyre

Ole Rune Røkenes

94978534

ulvik@fjellstyrene.no

Video

Kjøp/søk jakt her

Om selger

Statsallmenningen i Ulvik dekkjer med sine 400 km2 vel 57% av arealet i heradet.

Av dette utgjer netto høgfjellsareal (villreinarealet) omlag 363 km2. Det er omlag 20 større fiskevatn innanfor allmenningen, med eit areal på omlag 20 km2. I tillegg finns mange mindre tjørnar og elvestrekningar med fin fisk.

Delar av vestlege delen av allmenningen er prega av kraftutbygging, med fleire store magasin.

Bergensbanen skjer gjennom allmenningen frå Storurdi i aust til Hallingskeid i vest. Dette gjer at allmenningen på mange områder er ulik dei andre statsallmenningane på Hardangervidda.

Området mellom Finse og Lågheller er regulert av Ulvik herad i eiga reguleringsplan frå 2001. Her er det teltforbod og jaktforbod 500 meter på kvar side av Rallarvegen.

www.hardangervidda-fjellstyra.no

Priser

Kontrollkort: Hardangervidda: bukk, 2,5 år og eldre, simle/ungdyr, kalvekort.

Prisar: Bukk 1600,-. Sime/ungdyr 1200,-. Kalv 600,-

Mer detaljert beskrivelse

For å vere sikker på at du får kort, må du velje fleire kortpakkar, og i tillegg prioritere mellom dei. Dersom du berre vel berre ei kortpakke, og det ikkje er tilgjengeleg fleire pakkar, vil du ikkje få tilbod om kort. 

Framgangsmåte:

1. Klikk på den kortpakka du ynskjer. Vel "Innanbygds" og klikk på "søk på denne perioden". 

2. Klikk på ei ny kortpakke, vel "Innanbygds", og klikk på "søk på denne perioden". Dette kan du gjenta så mange gonger du ynskjer.

3. Når du har lagt til så mange kortpakkar du vil, klikk på "fyll ut søknaden". Viss du vil endre prioriteringa, kan du gjere det ved å dra kortpakkane opp og ned (ta tak i ikonet ute til høgre).

NB! Hugs at du MÅ levere inn jaktkort/jaktkorta til Ulvik fjellstyre seinast 5 dagar etter at jakta er over.

Det er jegeren sitt ansvar å halde seg oppdatert på gjeldande reglar og retningslinjer for jakt. All informasjon vert lagt ut fortløpande på denne sida.

Det er opp til deg som jeger å setje deg inn i kor grensene for ditt jaktområde går. All informasjon vert lagt ut fortløpande på denne sida.

 

Jaktregler

VIKTIG INFORMASJON:

Grunna planlagt reetaberling av villrein på Nordfjella i 2026, vert det samtundes freda for jakt. Dette vil gjelde heile Ulvik statsallmenning både nord og sør for jernbanen. Ulvik fjellstyre ynskjer derfor å tilby villreinjakt for innanbygdsbuande, og fjellstyret har no etablert samjaktavtalar på Hardangervidda med Øvre Numedal sa, Rauland sa, Røldal sa og Eidfjord sa. 

Øvre Numedal: Vidareføring av etablert samjaktavtale med jaktområde som før.

Rauland: Vidareføring av etablert samjaktavtale i heile Rauland statsallmenning. Inntil 5 innanbygdsjegrar frå Ulvik.

Røldal: Ny samjaktavtale i heile Røldal statsallmenning. Inntil 6 innanbygdsjegrar frå Ulvik. Kr. 1000,- i avgift pr. jeger. Frå 01.09 og ut jakta.

Eidfjord: Ny samjaktavtale. Gjeld i Eidfjord statsallmenning, nord for Nordmannslågen. Inntil 5 innanbygdsjegrar frå Ulvik.

Det kan etter trekkinga verta mogeleg å få kjøpt fleire kort på den statsallmenningen du er tildelt kort. Då tek du kontakt med Ole R. Røkenes på epost: ulvik@fjellstyrene.no, eller telefon: 94978534.

Kortprisar:

Valgfritt dyr: 1900,-

Vaksen bukk, 2,5 år og eldre: 1600,-

Kalv: 600,-

Endeleg kvote: Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet har vedtatt (5. mai) endeleg kvote for 2026. Sime/ungdyrkort som låg i kvoteforslaget er endra til Valgfritt dyr-kort. 

Jakttid Hardangervidda: Fom 20. august tom 30 .september. 

Kontrollkort: Hardangervidda: bukk, 2,5 år og eldre, valgfritt dyr, kalvekort.

Avgrensing: Tildelte kort på ein av ein av dei 4 statsallmenningane over, kan berre nyttast i den statsallmenningen korta er tildelt.

Nattefreding: Mellom kl 1900 og 0700.

Hugs å ha med under jakta: Kontrollkort (løyve), våpenkort i original evt digitalt våpenkort på mobil, betalt jegeravgiftskort, dokumentert skyteprøve, samjaktavtalar og evt utlånserklæring på våpen.

Samjaktavtalar: Vedlagt samjaktavtale for Øvre Numedal og Rauland. Avtalar for Røldal og Eidfjord vert lagt ut seinare.  

Jaktlag: Jegrar som vert tildelt kort på same statsallmenning, har høve til å danne jaktlag. Skjema for jaktlag tilhøyrande Øvre Numedal og Rauland finn du her. Jaktlagavtale for Røldal og Eidfjord vert lagt ut seinare.

Cwd-prøvar: Pliktig prøvetaking av felte dyr (ikkje kalv), inklusiv registrering og innsending av prøvar.

Jaktforbodsone: Informasjon vert lagt ut på denne sida.

Øvrig informasjon: Selde kort vert ikkje refundert. Kort utstedt av Ulvik fjellstyre HA 291 er tildelt personleg og kan ikkje seljast vidare til andre. Øvrig informasjon om jakta vert lagt ut forløpande på denne sida.

Andre aktuelle tilbud