Ulvik, villreinjakt for INNANBYGDS 2024

Søknadsfrist 2. mai. Set av den pakken du ynskjer øvst i søknaden. Sjå detaljert skildring nedst for rettleiing om utfylling.

Arter

  • Villrein

Beliggenhet

Viktige datoer


02.04.2024 kl. 09:00

02.05.2024 kl. 23:59

Kontakt selger

Ulvik Fjellstyre

Ole Rune Røkenes

94978534

ulvik@fjellstyrene.no

Video

Kjøp/søk jakt her

Om selger

Statsallmenningen i Ulvik dekkjer med sine 400 km2  vel 57% av arealet i heradet.

Av dette utgjer netto høgfjellsareal (villreinarealet) omlag 363 km2. Det er omlag 20 større fiskevatn innanfor allmenningen, med eit areal på omlag 20 km2. I tillegg finns mange mindre tjørnar og elvestrekningar med fin fisk.

Delar av vestlege delen av allmenningen er prega av kraftutbygging, med fleire store magasin.

Bergensbanen skjer gjennom allmenningen frå Storurdi i aust til Hallingskeid i vest. Dette gjer at allmenningen på mange områder er ulik dei andre statsallmenningane på Hardangervidda.

Området mellom Finse og Lågheller er regulert av Ulvik herad i eiga reguleringsplan frå 2001. Her er det teltforbod og jaktforbod 500 meter på kvar side av Rallarvegen.

www.hardangervidda-fjellstyra.no

Priser

Jakttid Hardangervidda: Fom 20.august tom 22.september. 

Jakttid Nordfjella: Fom 20.august tom 20.september. 

Kontrollkort: For 2024: Hardangervidda - bukk, 2,5 år og eldre. Nordfjella - bukk, 1,5 år og eldre, alternativt kan det fellast kalv på kortet. 

Nattefreding: Mellom kl 1900 og 0700.

Hugs å ha med under jakta: Kontrollkort (løyve), våpenkort i original, betalt jegeravgiftskort, dokumentert skyteprøve, samjaktavtalar og evt utlånserklæring på våpen. 

Samjaktavtalar: Sjå vedlagte samjaktsavtalar.

Jaktlag: Sjå vedlagte avtalar om jaktlag. NB! merk frist for innsending av søknad.

Jaktforbodsone: Frå Storurdi til Lågheller er det jaktforbod 500-1000 meter nord og sør for Rallarvegen, samt sør for elva Moldo. Sjå kart øverst på denne sida.

Øvrig informasjon: Informasjon vert lagt inn.

Mer detaljert beskrivelse

For å vere sikker på at du får kort, må du velje fleire kortpakkar, og i tillegg prioritere mellom dei. Dersom du berre vel berre ei kortpakke, og det ikkje er tilgjengeleg fleire pakkar, vil du ikkje få tilbod om kort. 

 

Framgangsmåte:

1. Klikk på den kortpakka du ynskjer. Vel "Innanbygds" og klikk på "søk på denne perioden". 

2. Klikk på ei ny kortpakke, vel "Innanbygds", og klikk på "søk på denne perioden". Dette kan du gjenta så mange gonger du ynskjer.

3. Når du har lagt til så mange kortpakkar du vil, klikk på "fyll ut søknaden". Viss du vil endre prioriteringa, kan du gjere det ved å dra kortpakkane opp og ned (ta tak i ikonet ute til høgre).

 

NB! Hugs at du MÅ levere inn jaktkort/jaktkorta til Ulvik fjellstyre seinast 5 dagar etter at jakta er over.

Det er jegeren sitt ansvar å halde seg oppdatert på gjeldande reglar og retningslinjer for jakt. All informasjon vert lagt ut på desse sidene.

 

Det er opp til deg som jeger å setje deg inn i kor grensene for ditt jaktområde går. Kartet på denne salssida er veiledande, og viser difor berre grensene i grove trekk.

 

Jaktregler

Jakttid Hardangervidda: Fom 20.august tom 22.september. 

Jakttid Nordfjella: Fom 20.august tom 20.september. 

Kontrollkort: For 2024: Hardangervidda - bukk, 2,5 år og eldre. Nordfjella - bukk, 1,5 år og eldre, alternativt kan det fellast kalv på kortet. 

Nattefreding: Mellom kl 1900 og 0700.

Hugs å ha med under jakta: Kontrollkort (løyve), våpenkort i original, betalt jegeravgiftskort, dokumentert skyteprøve, samjaktavtalar og evt utlånserklæring på våpen. 

Samjaktavtalar: Sjå vedlagte samjaktsavtalar.

Jaktlag: Sjå vedlagte avtalar om jaktlag. NB! merk frist for innsending av søknad.

Jaktforbodsone: Frå Storurdi til Lågheller er det jaktforbod 500-1000 meter nord og sør for Rallarvegen, samt sør for elva Moldo. Sjå kart øverst på denne sida.

Øvrig informasjon: Informasjon vert lagt inn.

Andre aktuelle tilbud