Villreinjakt for UTANBYGDSBUANDE 2026
VILLREINKORT FOR UTANBYGDSBUANDE. Søknadsfrist er 2. mai. Set opp opp fleire valg i søknaden med prioritet. Sjå detaljert skildring nederst for rettleiing om utfylling.
Arter
- Villrein
Beliggenhet
Viktige datoer
09.04.2026 kl. 09:00
02.05.2026 kl. 23:59
Kontakt selger
Kjøp/søk jakt her
Om selger
Statsallmenningen i Ulvik dekkjer med sine 400 km2 vel 57% av arealet i heradet.
Av dette utgjer netto høgfjellsareal (villreinarealet) omlag 363 km2. Det er omlag 20 større fiskevatn innanfor allmenningen, med eit areal på omlag 20 km2. I tillegg finns mange mindre tjørnar og elvestrekningar med fin fisk.
Delar av vestlege delen av allmenningen er prega av kraftutbygging, med fleire store magasin.
Bergensbanen skjer gjennom allmenningen frå Storurdi i aust til Hallingskeid i vest. Dette gjer at allmenningen på mange områder er ulik dei andre statsallmenningane på Hardangervidda.
Området mellom Finse og Lågheller er regulert av Ulvik herad i eiga reguleringsplan frå 2001. Her er det teltforbod og jaktforbod 500 meter på kvar side av Rallarvegen.
Priser
VIKTIG!
Grunna planlagt reetaberling av villrein på Nordfjella i 2026, vert det samtundes freda for jakt. Dette gjeld heile Ulvik statsallmenning. Ulvik fjellstyre ynskjer å tilby villreinjakt for utanbygdsbuande, og me jobbar no med etablering av samjaktavtalar i statsallmenningar på Hardangervidda. Ulvik fjellstyre har inngått samjaktavtale med Øvre Numedal statsallmenning på Hardangervidda.
Inngåtte samjaktavtalar vert lagt ut på nederst på denne sida. Følg med!
HARDANGERVIDDA
2 bukkekort, vaksen bukk 2,5 år og eldre, Hardangervidda villreinområde. Kr. 6 400,-
GENERELT
Kort på statsallmenning er personleg tildelt og kan ikkje overdragast eller seljast til andre. Dette betyr at ingen andre enn den som kjøper korta kan jakte på dei. Dei kan ikkje delast med andre.
Selde kort blir ikkje refundert.
Jaktkort på Statsallmenning vert tildelt etter reglane i Fjellova §§ 23, 24 og 25. Søkjarar som ikkje oppfyller krava vert forkasta. Dei vil få eiga melding om dette. Fjellstyret legg ut eit avgrensa antal kort for sal til utanbygds. Når fellingsløyva er fordelte til dei innanbygdsbuande som ynskjer kort, vert resten fordelt til utanbygdsbuande.
Tildeling av kort vil skje i mai og juni. Dei som får tildelt kort, vert varsla om dette på epost/sms. Det vil då vere ein kort betalingsfrist. Dei som ikkje betaler korta sine til fristen, mister retten til korta. Tilbodet vil då gå vidare til neste på ventelista. Du vil motta løyve i posten i juli/august saman med cwd prøvesett og jegerinformasjon. Dette vert sendt ut i god tid før jaktstart. Sjå informasjon (filvedlegg) på denne sida. Informasjon vert lagt ut fortløpande.
Mer detaljert beskrivelse
Ein anbefalar å søkje på fleire kortpakkar. Det aukar sjansen for å få tildelt kort.
Framgangsmåte:
1. Klikk på den kortpakka du ynskjer. Vel "Utanbygds" og klikk på "søk på denne perioden".
2. Klikk på ei ny kortpakke, vel "Utanbygds", og klikk på "søk på denne perioden".
3. Når du har lagt til så mange kortpakkar du vil, klikk på "fyll ut søknaden". Om du vil endre prioriteringa, kan du gjere det ved å dra kortpakkane opp og ned (ta tak i ikonet ute til høgre).
NB! Som utanbygdsbuande søkjer du om villreinkort på denne søknadsida. (Innanbydsbuande har eigen søknadsside og gjeld dei som har fast bustadsadresse i Ulvik herad).
Hugs at du MÅ levere inn/sende jaktkort/jaktkorta til Ulvik fjellstyre seinast 5 dagar etter at jakta er over.
Det er jegeren sitt ansvar å halde seg oppdatert på gjeldande reglar og retningslinjer for jakt. Du finn oppdatert informasjon på desse sidene.
Som jeger plikter ein å setje seg inn i kor grensene for ditt jaktområde går. Kartet på denne salssida gjeld ikkje for jakta 2026, då dette området vert freda.
Jaktregler
Jakttid Hardangervidda, Øvre Numedal statsallmenning: Fom. 01. september tom. 30. september.
Kontrollkort: Bukk, 2,5 år og eldre.
Nattefreding: Mellom kl 1900 og 0700.
CWD-prøvar: Pliktig prøvetaking og innsending av prøvar av felte dyr (unntatt kalv).
Kjeveinnsamling: Tinnhølen.
Hugs å ha med under jakta: Kontrollkort (løyve), våpenkort, betalt jegeravgift, dokumentert skyteprøve, samjaktavtalar og evt utlånserklæring på våpen.
Samjaktavtalar: Inngåtte samjaktavtalar vert lagt ut nederst på denne sida. Følg med!
Jaktforbodsone: Informasjon vert lagt ut fortløpande nederst på denne sida i god tid før jaktstart.
Øvrig informasjon: Informasjon vert lagt ut fortløpande nederst på denne sida i god tid før jaktstart.
Atterhald: Ulvik fjellstyre tek atterhald om endring i endeleg fastsette kvotar, jakttid, og type kontrollkort som vert tilgjengeleg.