Ulvik, villreinjakt for UTANBYGDS

Frist 2. mai. Sjå detaljert skildring nedst for rettleiing om utfylling.

Arter

  • Villrein

Beliggenhet

Viktige datoer


01.04.2022 kl. 09:00

02.05.2022 kl. 23:59

Kontakt selger

Ulvik Fjellstyre

Ole Rune Røkenes

94978534

ulvik@fjellstyrene.no

Kjøp/søk jakt her

Om selger

Statsallmenningen i Ulvik dekkjer med sine 400 km2  vel 57% av arealet i heradet.

Av dette utgjer netto høgfjellsareal (villreinarealet) omlag 363 km2. Det er omlag 20 større fiskevatn innanfor allmenningen, med eit areal på omlag 20 km2. I tillegg finns mange mindre tjørnar og elvestrekningar med fin fisk.

Delar av vestlege delen av allmenningen er prega av kraftutbygging, med fleire store magasin.

Bergensbanen skjer gjennom allmenningen frå Storurdi i aust til Hallingskeid i vest. Dette gjer at allmenningen på mange områder er ulik dei andre statsallmenningane på Hardangervidda.

Området mellom Finse og Lågheller er regulert av Ulvik herad i eiga reguleringsplan frå 2001. Her er det teltforbod og jaktforbod 500 meter på kvar side av Rallarvegen.

www.hardangervidda-fjellstyra.no

Priser

HARDANGERVIDDA

Fritt dyr og bukkekort Hardangervidda: 6400,-

 

ALL RELEVANT OG ENDELIG INFORMASJON FOR JAKTA 2022 VERT LAGT UT PÅ DENNE SIDA.

 

NORDFJELLA

Fritt dyr Nordfjella: 3800,-

Simle/ungdyr og kalv Nordfjella: 3600,-

 

GENERELT

Ein tek atterhald om endringar i korttyper frå direktoratet.

 

Kort på statsallmenning er personleg og kan ikkje overdragast eller seljast til andre.Dette betyr at ingen andre enn den som kjøper korta kan jakte på dei. Dei kan ikkje delast med andre.Unntaket er jaktlagsordninga - men i eit jaktlag må alle deltakarar ha jaktkort tildelt frå Ulvik fjellstyre. 

 

Selde kort blir ikkje refundert.

 

Jaktkort på Statsallmenning vert tildelt etter reglane i Fjellova §§ 23, 24 og 25. Søkjarar som ikkje fyller krava til å vere innanbygdsbuande vert forkasta. Dei vil få eiga melding om dette. Søkjarar som ikkje fyller krava til å vere innanbygdsbuande må søkje på våre sider for utanbygdsbuande.

Fjellstyret legg ut eit avgrensa antal kort for sal til utanbygds. Når fellingsløyva er fordelte til dei innanbygdsbuande som ynskjer kort, vert resten fordelt til utanbygdsbuande. 

 

Når du har søkt om kort vil det ta noko tid før alle kort til innanbygds er tildelt. Etter dette vil det gå ut tilbod via epost til utanbygds søkerar. Det vil då vere ein kort betalingsfrist. Dei som ikkje betaler korta sine til fristen, misser retten til korta. Tilbodet vil då gå vidare til neste på lista. Du vil motta løyve i posten i juli månad. 

 

Mer detaljert beskrivelse

For å vere sikker på at du får kort må du velje fleire kortpakkar, og prioritere mellom dei. Dersom du berre vel kortpakkar med fritt dyr, og det ikkje er tilgjengeleg fleire frie dyr, vil du ikkje få tilbod om kort. 

 

Framgansmåte:

1. Klikk på den kortpakka du ynskjer. Vel "utanbygds" og klikk på "søk på denne perioden". 

2. Klikk på ei ny kortpakke, vel "Utanbygds", og klikk på "søk på denne perioden". Dette kan du gjenta så mange gonger du ynskjer.

3. Når du har lagt til så mange kortpakkar du vil, klikk på "fyll ut søknaden". Viss du vil endre prioriteringa kan du gjere det ved å dra kortpakkane opp og ned (ta tak i ikonet ute til høgre).

 

Hugs at du MÅ levere inn jaktkort/jaktkorta til Fjellstyret seinast 5 dagar etter at jakta er over.

Det er jegeren sitt ansvar å halde seg oppdatert på gjeldande reglar og retningslinjer for jakt. Du finn informasjon for nedlasting og utskrift her på desse sidene.

 

Det er opp til deg som jeger å sette deg inn i kor grensene for ditt jaktområde går. Kartet på denne salssida er veiledande, og viser difor berre grensene i grove trekk.

Jaktregler

Jakttid Hardangervidda: Fom 20.august tom 20.september.

Jakttid Nordfjella: Fom 20.august tom 20.september.

Kontrollkort: Informasjon vert lagt ut.

Nattefreding: Mellom kl 1900 og 0700.

Hugs å ha med under jakta: Jaktløyve, våpenkort i original, betalt jegeravgiftskort, dokumentert skyteprøve, samjaktavtalar og evt utlånserklæring på våpen. 

Samjaktavtalar: Sjå vedlagte samjaktsavtalar.

Jaktlag: Informasjon vert lagt ut. 

Kjeveinnsamling: Informasjon vert lagt ut.

Jaktforbodsone: Frå Storurdi til Lågheller er det jaktforbod 500 meter nord og sør for rallarvegen. Sjå kart øverst på denne sida.

Øvrig informasjon: Informasjon vert lagt ut.

Andre aktuelle tilbud