Ulvik, villreinjakt for UTANBYGDS 2024

Frist 2. mai. Sjå detaljert skildring nedst for rettleiing om utfylling.

Arter

  • Villrein

Beliggenhet

Viktige datoer


02.04.2024 kl. 09:00

02.05.2024 kl. 23:59

Kontakt selger

Ulvik Fjellstyre

Ole Rune Røkenes

94978534

ulvik@fjellstyrene.no

Kjøp/søk jakt her

Om selger

Statsallmenningen i Ulvik dekkjer med sine 400 km2  vel 57% av arealet i heradet.

Av dette utgjer netto høgfjellsareal (villreinarealet) omlag 363 km2. Det er omlag 20 større fiskevatn innanfor allmenningen, med eit areal på omlag 20 km2. I tillegg finns mange mindre tjørnar og elvestrekningar med fin fisk.

Delar av vestlege delen av allmenningen er prega av kraftutbygging, med fleire store magasin.

Bergensbanen skjer gjennom allmenningen frå Storurdi i aust til Hallingskeid i vest. Dette gjer at allmenningen på mange områder er ulik dei andre statsallmenningane på Hardangervidda.

Området mellom Finse og Lågheller er regulert av Ulvik herad i eiga reguleringsplan frå 2001. Her er det teltforbod og jaktforbod 500 meter på kvar side av Rallarvegen.

www.hardangervidda-fjellstyra.no

Priser

ALL RELEVANT INFORMASJON FOR JAKTA 2024 VERT FORTLØPANDE LAGT UT PÅ DENNE SIDA.

 

HARDANGERVIDDA

2 bukkekort Hardangervidda villreinområde, Osafjellet: 6 400,-

 

NORDFJELLA

Bukk, 1,5 år og eldre, alternativt felle kalv på kortet: 3 800,- 

 

GENERELT

Kort på statsallmenning er personleg og kan ikkje overdragast eller seljast til andre.Dette betyr at ingen andre enn den som kjøper korta kan jakte på dei. Dei kan ikkje delast med andre.

 

Selde kort blir ikkje refundert.

 

Jaktkort på Statsallmenning vert tildelt etter reglane i Fjellova §§ 23, 24 og 25. Søkjarar som ikkje oppfyller krava vert forkasta. Dei vil få eiga melding om dette. Fjellstyret legg ut eit avgrensa antal kort for sal til utanbygds. Når fellingsløyva er fordelte til dei innanbygdsbuande som ynskjer kort, vert resten fordelt til utanbygdsbuande. 

 

Tildeling av kort vil skje i mai og juni. Dei som får tildelt kort, vert varsla om dette på epost/sms. Det vil då vere ein kort betalingsfrist. Dei som ikkje betaler korta sine til fristen, mister retten til korta. Tilbodet vil då gå vidare til neste på ventelista. Du vil motta løyve i posten i juli/august saman med cwd prøvesett og jegerinformasjon. Dette vert sendt ut i god tid før jaktstart. Sjå ellers informasjon (filvedlegg) på denne sida.

Mer detaljert beskrivelse

Ein anbefalar å søkje på fleire kortpakkar. Det aukar sjansen for å få tildelt kort. 

 

Framgangsmåte:

1. Klikk på den kortpakka du ynskjer. Vel "Utanbygds" og klikk på "søk på denne perioden". 

2. Klikk på ei ny kortpakke, vel "Utanbygds", og klikk på "søk på denne perioden". Dette kan du gjenta så mange gonger du ynskjer.

3. Når du har lagt til så mange kortpakkar du vil, klikk på "fyll ut søknaden". Om du vil endre prioriteringa, kan du gjere det ved å dra kortpakkane opp og ned (ta tak i ikonet ute til høgre).

 

Hugs at du MÅ levere inn jaktkort/jaktkorta til Fjellstyret seinast 5 dagar etter at jakta er over.

Det er jegeren sitt ansvar å halde seg oppdatert på gjeldande reglar og retningslinjer for jakt. Du finn oppdatert informasjon på desse sidene.

 

Som jeger plikter ein å setje seg inn i kor grensene for ditt jaktområde går. Kartet på denne salssida er veiledande, og viser difor berre grensene i grove trekk.

Jaktregler

Jakttid Hardangervidda: 2024: Fom 20.august tom 22.september. 

Jakttid Nordfjella: 2024: Fom 20.august tom 20.september. 

Kontrollkort: Bukk, 2,5 år og eldre på Hardangervidda. Bukk 1,5 år og eldre (alt kalv) på Nordfjella.

Nattefreding: Mellom kl 1900 og 0700.

Hugs å ha med under jakta: Kontrollkort (løyve), våpenkort i original, betalt jegeravgiftskort, dokumentert skyteprøve, samjaktavtalar og evt utlånserklæring på våpen. 

Samjaktavtalar: Sjå vedlagte samjaktsavtalar. Jegrar som vert tildelt kort på Osafjellet, kan jakte innanfor det merka området - sjå kart. I tillegg kan ein jakte på privatområde ved Hallingskeid, på sørsida av Rallarvegen og elva Moldåni.

Jaktlag: For å danne jaktlag, må jaktlagsmedlemmar inneha kort på Osafjellet, HA291. Ta evt. kontakt på Ulvik fjellstyre si epostadresse.

Kjeveinnsamling: Vert etablert i krysset mot Langavatnet/Rundavatnet.

Jaktforbodsone: Frå Storurdi til Lågheller er det jaktforbod 500-1000 meter nord og sør for Rallarvegen. For området Osa-Sævartveit privat går grensa sør og vest for elva Moldåni. Sjå kart øverst på denne sida.

Øvrig informasjon: Sjå vedlagte filer

Andre aktuelle tilbud