Villreinjakt i Rauland for utanbygds

Villreinjakt for utanbygds i Rauland statsallmenning. Personar busett utanfor Noreg kan ikkje søke jakt på Statsallmenning i Noreg.

Arter

  • Villrein

Beliggenhet

Viktige datoer


23.04.2025 kl. 09:00

02.05.2025 kl. 23:59

Kontakt selger

Rauland Fjellstyre

41202406

rauland@fjellstyrene.no

Kjøp/søk jakt her

Om selger

Rauland Fjellstyre forvaltar Rauland Statsallmenning. Du er velkomen til å ta kontakt med oss om det er noko du lurar på. Sjå elles våre heimesider: http://www.hardangervidda-fjellstyra.no/

Priser

Endeleg kvote og korttype er enda ikkje bestemt for 2025. På Hardangervidda er det på høyring eit forslag om 3000 dyr, med 2500 vaksen bukk i kvota og 250 kalv og 250 fritt dyr forbeholdt fyrstegongsjegerar. Forslaget inneber jakttid frå 20.august til 21 september. 

Du vil få tilbod etter kva som vert tilgjengeleg dersom du får tilbod etter trekning. 

Prisdøme: pakke med to bukkekort: 9600,-/ jeger.

 

Tilbodet du får avheng av korttype bestemt av Villreinutvalet/Miljødirektoratet.

 

Utanbygds får tilbod om 2 dyr i pakke. Du betalar då for det du får tilbod om dersom du takkar ja. 

Mer detaljert beskrivelse

 ENDELEGE REGLAR, AVTALER OG TIDER FOR JAKTA 2025 VERT SENDT PÅ EPOST TIL DEI SOM FÅR TILBOD OM KORT.

 

Rauland Fjellstyre tildelar eit avgrensa antal kort til utanbygds kvart år. Tildeling av kort skjer etter trekking og tal på kort etter kvote som vert satt. Du vil få tilbod via INatur.no med ein frist for betaling. Dersom du ikkje betalar til fristen vil tilbodet gå til neste på reservelista.

Kort kjøpt på statsallmenning er personleg og kan ikkje overdragast eller seljast til andre. Kjøpt kort refunderast ikkje.

 

Kart over området

Jaktregler

Endeleg kvote og korttype er enda ikkje bestemt. Du vil få tilbod etter kva som vert tilgjengeleg dersom du får tilbod etter trekning. 

Prisdøme: pakke med to bukkekort: 9600,-/ jeger.

 

Tilbodet du får avheng av korttype bestemt av Villreinutvalet/Miljødirektoratet.

 

Utanbygds får i utgangspunktet tilbod om 2 dyr kvar. Du betalar då for det du får tilbod om dersom du takkar ja. 

Det vil fom jakta 2025 vere innført nattefredning i Rauland SA og fredningssone nordaust i terrenget (rett linje mellom Store Kolsnut og Vasstjønneggi og terrenget austom mot grense).