Villreinjakt i Rauland for innanbygds
Utanbygds skal IKKJE søkje her! Søknader som kjem inn frå utanbygds vert sletta utan varsel!
Arter
- Villrein
Beliggenhet
Viktige datoer
12.04.2022 kl. 09:00
02.05.2022 kl. 23:59
Kontakt selger
41202406
Kjøp/søk jakt her
Om selger
Rauland Fjellstyre forvaltar Rauland Statsallmenning. Du er velkomen til å ta kontakt med oss om det er noko du lurar på. Sjå elles våre heimesider: http://www.hardangervidda-fjellstyra.no/
Priser
Fritt dyr: 2400,-
Simle/Ungdyr: 1600,-
Kalv: 600,-
Simle/Ungdyr og kalv: 2200,-
Fritt dyr/vaksen bukk med kalv: 3000,-
Mer detaljert beskrivelse
Kvote, jakttid og type dyr er ikkje fastsett pr i dag. Prisane som står er prisar frå i fjor, desse er også gjeldande i 2022.
ALL RELEVANT OG ENDELEG INFORMASJON VERT SENDT PÅ EPOST TIL ALLE SOM VERT TILDELT KORT!!
Når du har søkt vil det bli ei trekking av søknadane. Alle som søkjer vil stille likt i trekkinga.
Dei som får tilbodet vil få tilsendt betalingsinformasjon på e-post med betalingsfrist. Dei som ikkje betaler til fristen misser retten til tilbodet og tilbodet går vidare til neste på reservelista. Det vil bli tildela kort på reservelista til det er tomt. Dersom alle får tilbod om kort vil det bli gjeve tilbod til dei som har kjøpt kort om tilleggsdyr. prisen for tilleggsdyr vert 1000,-
Kortutdeling vil bli annonsert til dei som får kort. Alle reservekort vert og tildela via Inatur.no.
Sei i frå om du er innanbygs fyrstegongsjeger og under 20 år, då vil du få gratis kort!
Kort kjøpt på Statsallmenning er personlege og kan ikkje overdragast eller seljast. Kjøpt kort refunderast ikkje.
Fellingsløyve vert utferda av Rauland FS etter reglane i Fjellova §§ 23, 24 og 25. Søkjerar som ikkje stettar krava til innanbygdsbuande vil verte avviste og du vil ikkje få tilbod om jakt. Er du busett utanfor gamle Rauland kommune kan du søkje om jakt på eigne utanbygdssider. Dersom du meiner du har rett til innanbygdskort, men har adresse ein annan stad, må du ta kontakt med fjellstyrekontoret før du søkjer.
Jaktregler
Jakttida er fom 20 august tom 30 september. (dersom jakta vert utvida gjeld dette automatisk).
Du må ha med deg gyldig fellingsløyve, våpenkort, jegeravgiftskort, evt samjaktavtaler og jaktlagsavtaler.
Samjaktavtaler: avtaler som er inngått av Rauland Fjellstyre med andre vald vil ligge ved kortet når du får dette. Du kan, på eige initiativ, få løyve av andre grunneigarar på Hardangervidda til å nytte kortet ditt der. Dette må du ordne sjølv.
Jegerar med Allmenningsrett kan ta med seg kort frå andre vald inn på Rauland SA mot eit gebyr på kr 500 pr jeger.
Jaktlag: Rauland Fjellstyre har opna for at alle som har utskrive fellingsløyve på Rauland SA kan lage jaktlag med inntil 5 personar. MRK: Inngangsbilletten for å danne jaktlag er at du har eit fellingsløyve frå Rauland SA. Du kan IKKJE lage jaktlag med jegerar som ikkje har fellingsløyve eller fellingsløyve frå andre vald. Ynskjer du å lage jaktlag må dette godkjennast av fjellstyret. Du finn skjema for utfylling og innsending på desse sidene. Frist for innsending av skjema er 5. august.