Villreinjakt i Røldal for utanbygds
Det vert ikkje opna for søknader for utanbygds i 2018 pga svært låge kvotar. Velkomen som søkjar ved seinare høve.
Arter
- Villrein
Kjøp/søk jakt her
Viktige datoer
03.04.2017 kl. 09:00
02.05.2017 kl. 23:59
Om oss
Hjelp oss å ta vare på det me har fått å forvalta. Velkomen til Røldal!
Kontakt oss
Lenker på denne siden
- Ingen lenker
Priser
Innanbygds Utanbygds
Fritt dyr 1400,- 2800,-
Simle/Ungdyr 900,- 1800,-
Simle/Ungdyr m/kalv 1100,- 2200,-
Kalv 400,- 800,-
Mer detaljert beskrivelse
Røldal Fjellstyre tildelar eit avgrensa antal kort til utanbygds kvart år. For 2017 vert det gjeve tilbod til maksimalt 40 jegerar, men med redusera antal utifrå tildelt kvote. Tildeling av kort skjer etter trekking. Du vil få tilbod via INatur.no med ein frist for betaling. Dersom du ikkje betalar til fristen vil tilbodet gå til neste på reservelista.
Kort kjøpt på statsallmenning er personleg og kan ikkje overdragast eller seljast til andre. Kjøpt kort refunderast ikkje.
Jaktregler
Jakttida er fom 20 august tom 30 september. (dersom jakta vert utvida gjeld dette automatisk)
Du må ha med deg gyldig fellingsløyve, våpenkort, jegeravgiftskort, evt samjaktavtaler og jaktlagsavtaler.
Samjaktavtaler: avtaler som er inngått av Røldal Fjellstyre med andre vald vil ligge ved kortet når du får dette. Du kan, på eige initiativ, få løyve av andre grunneigarar på Hardangervidda til å nytte kortet ditt der. Dette må du ordne sjølv.
Jaktlag: Røldal Fjellstyre har opna for at alle som har utskrive fellingsløyve på Røldal SA kan lage jaktlag med inntil 5 personar. MRK: Inngangsbilletten for å danne jaktlag er at du har eit fellingsløyve frå Røldal SA. Du kan IKKJE lage jaktlag med jegerar som ikkje har fellingsløyve eller fellingsløyve frå andre vald. Ynskjer du å lage jaktlag må dette godkjennast av fjellstyret. Du finn skjema for utfylling og innsending på desse sidene.