Villreinjakt i Rauland for utanbygds
jakt 2025 ikkje klar
Arter
- Villrein
Beliggenhet
Viktige datoer
31.03.2017 kl. 09:00
02.05.2017 kl. 23:59
Kontakt selger
902 13 655
Kjøp/søk jakt her
Om selger
Rauland Fjellstyre forvaltar Rauland Statsallmenning. Du er velkomen til å ta kontakt med oss om det er noko du lurar på. Sjå elles våre heimesider: http://www.hardangervidda-fjellstyra.no/
Priser
Pris for Villreinjakt utanbygds:
Simle/Ungdyr: 3000,-
Simle/Ungdyr med kalv: 4000,-
Tilbodet du får avheng av korttype bestemt av Villreinutvalet/Miljødirektoratet.
Mer detaljert beskrivelse
Rauland Fjellstyre tildelar eit avgrensa antal kort til utanbygds kvart år. Tildeling av kort skjer etter trekking. Du vil få tilbod via INatur.no med ein frist for betaling. Dersom du ikkje betalar til fristen vil tilbodet gå til neste på reservelista.
Kort kjøpt på statsallmenning er personleg og kan ikkje overdragast eller seljast til andre. Kjøpt kort refunderast ikkje.
Jaktregler
Jakttida er fom 20 august tom 30 september. (dersom jakta vert utvida gjeld dette automatisk)
Nattefredning mellom kl 19:00 - 07:00
Fredningssone sør for Saltpytthytta mot naboterreng.
Du må ha med deg gyldig fellingsløyve, våpenkort, jegeravgiftskort, evt samjaktavtaler og jaktlagsavtaler.
Samjaktavtaler: avtaler som er inngått av Rauland Fjellstyre med andre vald vil ligge ved kortet når du får dette. Du kan, på eige initiativ, få løyve av andre grunneigarar på Hardangervidda til å nytte kortet ditt der. Dette må du ordne sjølv.
Jaktlag: Rauland Fjellstyre har opna for at alle som har utskrive fellingsløyve på Rauland SA kan lage jaktlag med inntil 5 personar. MRK: Inngangsbilletten for å danne jaktlag er at du har eit fellingsløyve frå Rauland SA. Du kan IKKJE lage jaktlag med jegerar som ikkje har fellingsløyve eller fellingsløyve frå andre vald. Ynskjer du å lage jaktlag må dette godkjennast av fjellstyret. Du finn skjema for utfylling og innsending på desse sidene.