Villreinjakt i Rauland for innanbygds

NB! Du må velje fleire korttyper. Sjå detaljert skildring nedst for rettleiing om utfylling. Utanbygds skal IKKJE søkje her! Opnar for søknad ca 1 april. Frist 2 mai.

Arter

  • Villrein

Beliggenhet

Viktige datoer


31.03.2017 kl. 09:00

02.05.2017 kl. 23:59

Kontakt selger

Rauland Fjellstyre

902 13 655

rauland@fjellstyrene.no

Kjøp/søk jakt her

Om selger

Rauland Fjellstyre forvaltar Rauland Statsallmenning. Du er velkomen til å ta kontakt med oss om det er noko du lurar på. Sjå elles våre heimesider: http://www.hardangervidda-fjellstyra.no/

Priser

Fritt dyr: 2200,-

Simle/Ungdyr: 1500,-

Kalv: 500,-

Simle/Ungdyr og kalv: 2000,-

Mer detaljert beskrivelse

For å vere sikker på at du får kort må du velje fleire korttyper, og prioritere mellom dei. Dersom du berre vel  fritt dyr, og det ikkje er tilgjengeleg fleire frie dyr, vil du ikkje få tilbod om kort. 

 

Framgansmåte:

1. Klikk på den korttype du ynskjer. Vel "Innanbygds" og klikk på "søk på denne perioden". 

2. Klikk på ei ny korttype, vel "Innanbygds", og klikk på "søk på denne perioden". 

3. Når du har lagt til begge korttyper, klikk på "fyll ut søknaden". Viss du vil endre priroiteringa kan du gjere det ved å dra kortpakkane opp og ned (ta tak i ikonet ute til høgre).

 

Når du har søkt vil det bli ei trekking av søknadane. Fritt dyr vil bli tildelt til dei fyrste på trekkingslista som har slikt ynskje. Simle/ungdyr med kalv vert tildelt dei neste på lista. Reine Simle/Ungdyrkort vert tildelt til slutt.

Dei som får tilbodet vil få tilsendt betalingsinformasjon på epost med betalingsfrist. Dei som ikkje betaler til fristen misser retten til tilbodet og tilbodet går vidare til neste på reservelista. Det vil bli tildela kort på reservelista til det er tomt.

Kortutdeling vil som før bli på Raulandshuset. I år vert dette torsdag den 10 august kl 18-20. Forskjellen frå tidlegare er at du ikkje treng å betale korta når du hentar dei. Dette gjer du her når du får tilbodet. Alle reservekort vert og tildela via Inatur.no.

 

Kort kjøpt på Statsallmenning er personlege og kan ikkje overdragast eller seljast. Kjøpt kort refunderast ikkje.

 

Fellingsløyve vert utferda av Rauland FS etter reglane i Fjellova §§ 23, 24 og 25. Søkjerar som ikkje stettar krava til innanbygdsbuande vil verte avviste og du vil ikkje få tilbod om jakt. Er du busett utanfor gamle Rauland kommune kan du søkje om jakt på eigne utanbygdssider.

Jaktregler

Jakttida er fom 20 august tom 30 september. (dersom jakta vert utvida gjeld dette automatisk)

Nattefredning mellom kl 19:00 - 07:00.

Fredningssone sør for Saltpytthytta mot naboterreng. Sjå bilde øverst. 

Du må ha med deg gyldig fellingsløyve, våpenkort, jegeravgiftskort, evt samjaktavtaler og jaktlagsavtaler.

Rauland Statsallmenning har nattefredning mellom kl 19:00 - 07:00.

Rauland Statsallmenning har fredningssone i sørleg del av terreng mot naboterreng, sjå kart øverst. 

 

Samjaktavtaler: avtaler som er inngått av Rauland Fjellstyre med andre vald vil ligge ved kortet når du får dette. Du kan, på eige initiativ, få løyve av andre grunneigarar på Hardangervidda til å nytte kortet ditt der. Dette må du ordne sjølv.

Det er gjensidig samjakt med Berunuten Vest fom fyrste måndag i september. Vederlagsfritt-korta er stempla.

Jegerar med Allmenningsrett kan ta med seg kort frå andre vald inn på Rauland SA mot eit gebyr på kr 400 pr jeger.

 

Jaktlag: Rauland Fjellstyre har opna for at alle som har utskrive fellingsløyve på Rauland SA kan lage jaktlag med inntil 5 personar. MRK: Inngangsbilletten for å danne jaktlag er at du har eit fellingsløyve frå Rauland SA. Du kan IKKJE lage jaktlag med jegerar som ikkje har fellingsløyve eller fellingsløyve frå andre vald. Ynskjer du å lage jaktlag må dette godkjennast av fjellstyret. Du finn skjema for utfylling og innsending på desse sidene.