Villreinjakt for utanbygdsbuande i Finndalen statsallmenning

Finndalen statsallmenning er ein del av Reinheimen-Breheimen villreinområde. 25 % av kvota blir tildelt utanbygds. Søknad på Inatur gjeld utanbygds jegarar.

Arter

  • Villrein

Kjøp/søk jakt her

INVITER PÅ TUR! Del på

Viktige datoer


01.04.2020 kl. 09:00

02.05.2020 kl. 23:59

Om oss

Finndalen fjellstyre forvaltar Finndalen statsallmenning som ligg i Lom og Vågå kommuner i Oppland. Totalareal: 267.200 daa, der ca 256.700 daa er høgfjell.

SMÅVILTJAKT: Rype, hare, skogsfugl og andre jaktbare arter . Fritt kortsalg for jakt u/hund 15.09 - ut februar. Fuglejakt m/hund 15.09-29.09 (18 kort a 5 dager fordelt på tre 5-døgns perioder), harejakt m/hund 11.-17/10 (5 kort a 7 dager). Jakt med hund blir tildelt etter søknad, og trekning. Søknadsfrist 1/4. Kortsalg: YX i Vågåmo, Esso i Lom, og på Inatur. VILLREINJAKT: Egen kvote til utanbygdsbuande (ca. 12-15 kort). Søknad på Inatur for alle, både innan og utanbygds. ELGJAKT: Eitt felt som går på omgang mellom innanbygds lag i Lom, Skjåk og Vågå. Søknadsfrist 02. mai, blir lyst ut på Inatur dei åra det er ledig.

INNLANDSFISKE: 10 vatn og 26 km elv med aure. Stangfiske. Oter- og garnfiske på Honnsjoen for utanbygds. Kortsalg same plassar som jaktkortsalg.

To hytter/ buer, ei ved Honnsjoen og ei ved Råkåvatnet.  Sjå eigne sider her på Inatur for meir opplysning og evt. booking av hytter.

Kontaktinformasjon:

Sekretær/ fjellstyrekontor: 

Knut Øyjordet 909 66277

Erik Myrum 907 39335

Fjelloppsyn:

Kjell Gaukstad 901 57362

Kontakt oss

Finndalen fjellstyre

61 29 37 37

finndalen@fjellstyrene.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Priser

Prisar 2020 :

Fritt dyr                       kr. 6.400,-

Bukk u/ 50 kg.             kr. 4.800,-

Simle/ bukk u/ 40 kg.  kr. 3.400,-

Simle/ bukk u/ 40 kg

+ kalv                         kr. 5.000,- 

Kalv                            kr. 1.600,-

Prisar er ikkje endeleg fastsett for 2020, det kan difor bli mindre justeringar.

Mer detaljert beskrivelse

Finndalen statsallmenning på nordsida av Ottadalen,  er ein del av Reinheimen-Breheimen villreinområde. 25 % av kvota blir tildelt utanbygds (Dei siste åra har kvota til utanbygds liggje på 15-20 dyr). Fellingsprosenten i 2019 var på 68 %. Normalt ligg fellingsprosenten på ca. 70%. Korttypen Simle/ bukk u/ 40 kg + kalv vart innført på fjellstyremøtet 04.04.17, dette etter oppfordring frå Villreinutvalget Breheimen-Reinheimen.
Kvoter for 2020 er:

Fritt dyr 3 stk.

Bukk u/ 50 kg 0 stk.

Simle/ bukk u 40 kg. + kalv 4 stk.

Kalv 1 stk.

(Kvoter er førebels, endelege kvoter kjem etter at dei er fastsett av villreinutvalget) 

Villreinbestanden i Nord-Ottadalen er normalt i bra kondisjon, og forhaldsvis lite sky og grei å jakte på. 

Jaktregler

Søknad: Utanbygds søker på INATUR (www.inatur.no).  Søknadsfrist 2. mai. Innanbygds sender søknad på eige side her på Inatur. Det er felles bruk av jaktområde i Lom og Vågå heile jakta. Felles jaktområde i sentrale delar av villreinområdet (Finndalen fellesområde/ Lesja/ Skjåk) nokre dagar i jakta, fellesdagane er ikkje fastsett enno. På Villreinutvalget si nettside (sjå link under) blir det under jakta kvar kveld gjeve oppdatert informasjon om kvar reinen befinn seg i området.  Villreinutvalgets ilegg kun ut grovdetaljert info om kvar flokkane oppheld seg. Vidare er det bestemt å vidareføre opplegget med at oppsynskorpset ikkje får gje info om kvar flokkane held til over mobil på dagtid! 

Dette for å unngå konsentrasjon av jegere rundt villreinflokkane, med stressa og til dels inhuman jakt.

http://reinheimen-breheimen.no/