Elg- og hjortejakt i Finndalen statsallmenning
Elg- og hjortejakta i Finndalen statsallmenning skjer i eitt jaktfelt. Feltet blir tildelt innanbygds jaktlag. I 2025 og 2026 er det jaktlag frå Vågå som har fyrsteprioritet.
Arter
- Elg
- Hjort
Beliggenhet
Viktige datoer
01.04.2025 kl. 09:00
02.05.2025 kl. 23:59
Kontakt selger
Kjøp/søk jakt her
Priser
Pris 2025: Grunnpris elg kr. 3.800 og hjort kr. 1500. Kilosprisen kr. 89.- (ikkje moms).
Mer detaljert beskrivelse
Sjølve Finndalen er ein seterdal med ope landskap i dalbotn, med furuskog og lauvskog i dalsidene og snaufjell både på sør- og nordsida.
Generell om feltet
Elg- og hjortejakta i Finndalen statsallmenning skjer i eitt jaktfelt. Feltet blir tildelt innanbygds jaktlag. Sidan statsallmenningen ligg i to kommuner (Lom og Vågå), og det er sterke bruksrettsinteresser frå grenda Hovstrondi i Skjåk, har fjellstyret vedteke ei slik femårsrullering av elg- og hjortejakta: Jaktlag frå Lom i 2022-23, jaktlag frå Hovstrondi i Skjåk i 2024 og jaktlag frå Vågå i 2025-26. Dersom det ikkje kjem søknad frå jaktlag frå bygd som står for tur, blir jakta tildelt jaktlag frå neste bygd som står for tur.
For søknad blir det vist til søknad om elg- og hjortejakt på statsallmenning. Kvoter for årets jakt er ikkje klare ennå. I 2024 vart det felt 4 elgar og 7 hjortar.
Jaktregler
Fjellstyret krev at det er godkjent ettersøkshund (ekvipasje) i jaktlaget.
For all jakt hos fjellstyra gjeld forskrift om jakt, felling, fangst og fiske på statsallmenning. Elles gjeld generelle reglar for elg- og hjortejakt på statsallmenning, samt lokale reglar for elg- og hjortejakt i Finndalen statsallmenning.