Nausta
Nausta er en ettertraktet elv for sportsfiske etter laks og sjøørret. Før en kan starte fisket må alle fiskere ha hentet ut fiskekort på Inatur slik at fangst kan rapporteres.
Arter
- Laksefiske
Beliggenhet
Kontakt selger
47266062
Kjøp laksefiske her
Laksebørs
Se fangststatistikkOm selger
Naustdal elveeigarlag
Foreninga har ansvaret for drift av anadromt strekk i Nausta.
Fiskekvoter
§ 4 Kvotar og rapportering:
- Personleg døgnkvote på avliving av 1 laks t.om. 65 cm. Det er ikkje tillate å avlive laks over 65 cm.
- Samlekvote per døgn for avliving av laks t.o.m. 65 cm:
- For den delen av fiskeretten til Ellinor Friis, Mads Kleven og Eiliv Erdal under Naustdalsfossen som vert leigd ut samla: 8 laks
- Hogafossen: 2 laks
- Hovefossen: 6 laks (Frank Rune Ås og Ole Magnus Klopstad)
• Fiske skal avsluttast straks døgnkvote er nådd.
• Døgnkvote går frå midnatt til midnatt.
• All fangst skal fortløpande rapporterast inn på www.inatur.no. Fiskar er sjølv ansvarleg for fortløpande innrapportering av fangst. Feilrapportering eller mangelfull rapportering vert sett på som brot på fiskereglane, og handsam i tråd med reglane i § 6 (Straff).
• Fisk som blir tatt opp og avliva utover kvoten skal rapporterast til Elveigarlaget og leverast til Naustdal omsorgssenter
• Det skal takast skjelprøver av all avliva fisk. Desse skal leverast leiar i laget innan 15.09.2025. I sesongen vil det vere høve til å levere skjelprøver på Best-stasjonen i Naustdal, i postkassen til Eiliv Erdal, Berrvellene 7, og i ein låst postkasse som vert sett opp ved informasjonsskiltet på Naustdalsfossen.
• Personleg døgnkvote på avliving av 1 sjøaure over minstemål på 35cm.
Evaluering
21.06.2025 vil det bli gjennomført ei evaluering av innsiget av laks, og Nausta elveigarlag vil i lag med forvaltninga og Norsk institutt for naturforsking (NINA) vurdere og avgjere vegen vidare. Om det syner seg at det er grunnlag for endringar av fiskereglane, vert alle medlemmer i laget informert om dette. Midtsesongevaluering vil bli gjennomført rundt 10.07.2025.
Mer detaljert beskrivelse
Nausta er en ettertraktet elv for sportsfiske etter laks og sjøørret. Den laks- og sjøørretførende strekningen er på 12,4 km. På denne strekningen er det to fosser, Naustdalsfossen, som ligger 1,5 km ovenfor grensa mellom elv og sjø, og Hovefossen, som er 2,9 km lenger oppe i elva. I Naustdalsfossen stanser fisken gjerne en stund etter oppvandring fra sjøen. Fisken passerer lettest fossen ved relativt lav vannføring. Den attraktive fiskeplassen nedenfor fossen er bortleid på langtidskontrakt.
Den opprinnelige anadrome strekningen ovenfor Naustdalfossen var på bare 2,9 km - opp til Hovefossen. Her ble det bygget en laksetrapp i 1975. Anadrom fisk kunne da passere Hovefossen og gå videre åtte kilometer oppover til Kallandsfossen. På dette strekket er det fine gyte- og oppvekstområder og smoltproduserende areal er.
Det planlegges nå en fisketrapp i Kallandsfossen. Dette vil gi ytterligere fire kilometer med produktivt areal for laks og sjøørret.
Nausta er et relativ stort Vestlandsvassdrag med et nedbørfelt på 277 km2. De høyestliggende delene av vassdraget ligger mer enn 1300 meter over havet, og det finnes flere større innsjøer opp mot 900 m.o.h. Nedenfor Vonavatnet (466 m.o.h) er det imidlertid ingen større innsjøer som demper flommer.
Det er få menneskeskapte negative påvirkningsfaktorer i vassdraget og forvaltningen av fisket, sammen med utviklingen av trusselfaktorer i kystsonen og overlevelsesforhold i havet er viktig for langsiktig bestandsutvikling
Fiskeregler
Fiskekort er kun gyldig sammen med bevis for betalt fiskeravgift.
Kartet på salgssiden er kun veiledende. Oppmerking i elva, og/eller lokale fiskeregler, er til enhver tid gjeldende for gyldig fiskeområde.
Fiskereglar Nausta 2025
Følgjande reglar er fastsett for fiske etter anadrom laksefisk i Nausta. Frå og med 2023 skal alle som fiskar i Nausta må registrere seg gjennom Inatur. Alle som skal fiske i Nausta må skaffe seg rapporteringskort hjå Inatur før fiske startar. Sjå lenke: Inatur Nausta. Rapportering av fangst skjer også via denne portalen. Alle som skal fiske i Nausta har plikt til å sette seg inn i gjeldande fiskereglar.
§ 1. Fisketid
- Laks: f.o.m. 1. juni t.o.m. 31. august.
- Sjøaure: f.o.m. 15. juni -t.o.m. 15. august.
§ 2 Reiskapsbruk og fiskemetode
Til fangst av anadrom laksefisk er det berre tillate å bruke stong. Det kan berre nyttast ein reiskap per person, eitt snøre per reiskap og eitt agn per snøre. Reiskapen skal ikkje forlatast under fiske. Lovleg fiskereiskap er fluge, sluk, spinner, wobbler og makk. Det er forbode å fiske på ein slik måte at fisken truleg vil krøkast. Avstanden mellom krokstammen og krokspissen skal ikkje vere større enn 13 mm, for enkeltkrok ikkje større enn 15 mm. Det er ikkje tillate å bruke søkke ved anna enn markfiske. Nausta elveeigarlag oppfordrar til bruk av sirkelkrok ved makkefiske. Ved bruk at floge som agn, er det dupp eller snøre som skal utgjere kastevekta.
§ 3 Gjenutsetting og innlevering
Fisk som skal settast ut skal handsamast på ein skånsam måte og i tråd med praksis vist foldaren « Gjenutsetting av laksefisk, Fang og slipp!». Denne ligg ute på heimesida til laget. Ein kan også laste den ned via denne lenka: https://lakseelver.no/nb/news-2016/gjenutsetting-av-laksefisk. For å redusere skadar på skjell og slim, skal det nyttas knutefri hov. Alle fiskarar skal ha kroktang samt innretning til å kontrollere lengda på fisken.
Fanga villaks utover kvoten skal leverast til Naustdal omsorgssenter. Kontakt Eiliv Erdal (90521997).
Følgjande retningsliner gjeld:
• Fisk skal bløggast så rakst som mogeleg
• Ikkje legg fisken på bakken og unngå direkte kontakt med jord
• All handsaming av fisken skal gå føre seg med god handhygiene
• Fisken leggast i rein behaldar som er eigna for kontakt med næringsmiddel
• Om ikkje fisken kan transporterast til mottak med ein gong, må fisken kjølast ned/frysast midlertidig. Krav til kjølelagring er maksimalt 4 grader celsius. Fryselagring skal skje ved -18 grader celsius eller kaldare
§ 4 Kvotar og rapportering:
- Personleg døgnkvote på avliving av 1 laks t.om. 65 cm. Det er ikkje tillate å avlive laks over 65 cm.
- Samlekvote per døgn for avliving av laks t.o.m. 65 cm:
- For den delen av fiskeretten til Ellinor Friis, Mads Kleven og Eiliv Erdal under Naustdalsfossen som vert leigd ut samla: 8 laks
- Hogafossen: 2 laks
- Hovefossen: 6 laks (Frank Rune Ås og Ole Magnus Klopstad)
• Fiske skal avsluttast straks døgnkvote er nådd.
• Døgnkvote går frå midnatt til midnatt.
• All fangst skal fortløpande rapporterast inn på www.inatur.no. Fiskar er sjølv ansvarleg for fortløpande innrapportering av fangst. Feilrapportering eller mangelfull rapportering vert sett på som brot på fiskereglane, og handsam i tråd med reglane i § 6 (Straff).
• Fisk som blir tatt opp og avliva utover kvoten skal rapporterast til Elveigarlaget og leverast til Naustdal omsorgssenter
• Det skal takast skjelprøver av all avliva fisk. Desse skal leverast leiar i laget innan 15.09.2025. I sesongen vil det vere høve til å levere skjelprøver på Best-stasjonen i Naustdal, i postkassen til Eiliv Erdal, Berrvellene 7, og i ein låst postkasse som vert sett opp ved informasjonsskiltet på Naustdalsfossen.
• Personleg døgnkvote på avliving av 1 sjøaure over minstemål på 35cm.
Evaluering
21.06.2025 vil det bli gjennomført ei evaluering av innsiget av laks, og Nausta elveigarlag vil i lag med forvaltninga og Norsk institutt for naturforsking (NINA) vurdere og avgjere vegen vidare. Om det syner seg at det er grunnlag for endringar av fiskereglane, vert alle medlemmer i laget informert om dette. Midtsesongevaluering vil bli gjennomført rundt 10.07.2025.
§ 5 Desinfisering
Alt utstyr som skal nyttast til fiske i Nausta skal desinfiserast før ein startar fiske. Dei som kun brukar fiskeutstyret i Nausta er friteken frå dette kravet. Kvittering skal på forlangande visast fiskeoppsyn. Desinfiseringsstasjon er på Best bensinstasjon i Naustdal.
§ 6 Straff
Brot på reglane eller medverknad til brot er straffbart. Regelbrot kan medføre utestenging, gebyr og melding til Politiet. Fiske kan ikkje gjenopptakast før ilagt gebyr er betalt. Gebyr for brot på fiskereglane er kr 4000,- med unnatak for brot på kvote eller medverknad til dette, som er kr 8000,-. Personar som blir teke for kvotebrot, bortvisast frå fiske i elva i 2 år. Personar som har vist uakseptabel åtferd kan og bortvistast frå fiske i elva. Uakseptabel åtferd kan vere å ikkje imøtekomme oppsynets pålegg, opptre truande eller sjenerande for andre fiskarar og grunneigarar. Bortviste personar er sjølve ansvarlege for å avstå frå fiske. Om dette ikkje vert overhalde, vil utestenginga utvidast. Fiske når vassdraget er midlertidig stengd straffast på lik line med brot på kvote. Fiskar har plikt til å løyse den statlege fiskaravgifta. Verneting for tvistesaker er Sunnfjord Forliksråd og eller Sunnfjord Tingrett.
§ 10 Ikraftreden
Desse reglane gjeld frå 01.06.2025.