Laksefiske i Ommedalselva
Ommedal grunneigarlag tilbyr laks- og sjøaurefiske i Ommedalselva og Ommedalsvatnet. Ommedalselva er midtre del av Gjengedalsvassdraget i Hyen, Gloppen kommune.
Arter
- Laks
- Sjøørret
Beliggenhet
Kontakt selger
Kjøp laksefiske her
Laksebørs
Se fangststatistikkOm selger
Ommedal grunneigarlag SA er eit samvirke av grunneigarar i grenda Ommedal i Hyen. Vi sel fiskekort i Ommedalselva og Ommedalsvatnet, den midtre delen av Gjengedalsvassdraget. Her kan du fiske både laks og sjøaure i tillegg til røye i vatnet.
Følg oss gjerne på Facebook: https://fb.me/ommedalselva
Fiskekvoter
LAKSEFISKE ER STENGT FOR SESONGEN 2024
Vi har bestemt oss for å halde stengt framleis då det ikkje er praktisk gjennomførbart å opne for fiske med dei restriksjonane som vi er pålagde
Merk: Fiskesesongen for laks er 01.06. - 31.08. Sjøaure 01.06. til 15.08.
Maksimum 1 laks over 3 kg pr fiskedøgn.
Fiskedøgnet startar på det klokkeslettet du vel når du kjøper kortet og varar i 24 timar uansett kva fiskekort du har kjøpt. Det betyr at kjøper du t.d. eit 12-timars kort kl 16:00 ein dag og får ein laks over 3 kg kl 21:00, så må du vente til kl 16:00 dagen etter før du kan løyse nytt kort/starte å fiske igjen.
Unnataket er sesongkort, der er det eitt fiskedøgn pr kalendardøgn.
Mer detaljert beskrivelse
Fiskekort for elv gjeld også i vatnet. Der har vi to båter for utleige. Informasjon om båtutleige finn du på oppslag ved nausta. Det er ingen førehandstinging av båt, fyrstemann til mølla gjeld.
Nokre fiskeplassar er avmerka på kartet. Stort sett er heile elva fiskbar, men desse plassane kan vere eit greitt utgangspunkt viss du ikkje er kjent frå før.
Det er ingen begrensningar på tal fiskekort pr døgn. Det betyr at av og til kan det vere mykje folk, andre tider lite. Vis omsyn til kvarandre og ruller fisket slik at alle slepp til. Det skal vere triveleg å fiske i Ommedalselva.
Det er slåttemark heilt inntil elva fleire plasser. Vær snill å gå langs kantane slik at det ikkje lagar seg stiar i graset. Hugs også å plukke med deg søppel, det kan føre til store skader på dyra våre dersom det t.d. kjem ein øl-/brusboks i foret.
Overnatting:
Ola Henning Ommedal (977 52 415) har 2 hytter til leige. Han har også plass for bubil/campingvogn og telt.
Det er råd å telte eller parkere bubil/campingvogn ved det gamle skulehuset på Klype. Ta kontakt med styret for å avtale (Sivert Jan Ommedal - 902 27 570 eller Tove Hanne Ommedal - 930 93 933).
Vågen Motell & Camping nede ved sjøen tilbyr overnatting og camping. Tlf 57 86 98 66
Her kan du sjå fangstrapport for Ommedalselva
Fiskeregler
Fiskekort er kun gyldig sammen med bevis for betalt fiskeravgift.
Kartet på salgssiden er kun veiledende. Oppmerking i elva, og/eller lokale fiskeregler, er til enhver tid gjeldende for gyldig fiskeområde.
Merk: Fiskesesong for laks er 01.06. til 31.08., sjøaure 01.06. til 15.08.
Maks ein laks over 3 kilo per døgn. Dette gjeld uansett kva type kort ein har kjøpt. Kvart døgn byrjar ved det klokkeslett ein har skrive på kortet. Dette gjeld også vekekort.
- Har du tatt ein laks over 3kg, så kan du forsetje å fiske på vatnet etter smålaks (under 3 kg) , sjøaure og røye. Det er då forventa at du nyttar lett utstyr og agn som høver til slikt fiske.
- Maks 10 laksar over 3 kg, per fiskar per sesong.
- Rullerande fiske skal gjennomførast. Maks 1 time i kvar høl per fiskar viss det er kø. Dette er spesielt viktig på populære fiskeplassar som t.d. begge sider av elveosen.
- Fiske frå båt skal ikkje skje nærare enn 100m frå elveosen. Hegresteinen, godt synleg i vatnet på vestsida av osen, er eit godt referansepunkt.
- Det er fiskestopp (freding) på osen kvar natt mellom 01:00 og 03:00. Dette gjeld heile sesongen.
- Fang og sett ut igjen (catch and release) er ikkje akseptert.
- Fiskarar som nyttar ulovleg agn, t.d. reker, er uønskt i vassdraget.
- Unngå å lage leir/rasteplass i nærleiken av fiskeplassane. Det kan bli oppfatta som sjenerande for andre.
- Vis hensyn til andre fiskarar og meld frå til grunneigar om du opplever at nokon ikkje fylgjer reglane.
- Fangstoppgåve skal leverast etter endt fiske, sjølv om du ikkje fekk fisk.
- Det skal takast skjellprøve av fanga fisk. Du finn konvoluttar til prøvane i bombua, legg konvolutt med innhald i safen.
- Det er ikkje tillatt å nytte oter på vatnet.
- Hugs desinfisering av utstyr. Det står stamp med desinfeksjonsvæske ved bombua.
- Brot på reglane kan føre til utestenging.
- Grensene for fiske er teikna opp i fila "grenser_fiske.pdf"
Ungdomsmedlemer i S&F NJFF får halv pris på døgnkort i Ommedalselva. Ved kjøp må dei oppgje medlemsnummer for å få rabatt.