Fiske i Førde

Fiske i vakre Jølstra på den sagnomsuste Prestegardsretten. Opplev stemninga ved den lakseførande elva som renn gjennom vakre Førde. Elva har stabil og god vassføring gjennom heile sesongen.

Arter

  • Sjøørret

Kjøp laksefiske her

INVITER PÅ TUR! Del på

Om oss

Førde Jakt og Fiskelag

Nettsida vår

 

Kontakt oss

Førde JFF

Gunnar Risnes

913 27 902

gunnar.risnes@gmail.com

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Fiskekvoter

Inntil 2 sjøaure pr. døgn, pr. stang.

Frå 10.7-15.8.

Fangstrapportering

For å fiske her må du levere fangstrapport etter turen.

Rapporter fangst

Mer detaljert beskrivelse

Fiskeretten omfattar strekninga på Prestegardsretten. Sjå kart.Sonene er sone 9 ( 9/10slått saman), 10 ( tidligere 11),11 (12A ) og 12 (12B ) Tidlegare soneinndeling i parantes. Øverste sone(9) startar frå punkt i elva der Anga møter Jølstra. Nedre sone (12) går ned til Langebrua. Sonene er merka med skilt på elvebreidda. Fiskeretten gjeld på nordsida av elva.

Det er 1 kort pr.sone pr.døgn.

Fiskeregler

Fiskekort er kun gyldig sammen med bevis for betalt fiskeravgift.

Det er kun tillate å fiske med flugeredskap, der flugelina utgjer kastevekta. Det er døgnfredning i tidsrommet kl. 13.00 til 17.00. Fiskesesongen går frå og med 15. Juni til og med15. August.

 

Fiskedøgnet startar kl 0000 og går  til 2400.

 

FØR DU STARTAR FISKE SKAL FISKEUTSTYRET VERE DESINFISERT. PÅLEGG FRÅ MATTILSYNET. DET ER ETABLERT EIN STASJON FOR DESINFISERING PÅ FØRDE CAMPING VED SANITÆRANLEGGET. DU FÅR KVITTERING I RESEPSJONEN MELLOM KL 0900-2100. OM DU DESINFISERER TIL ANDRE TIDER MÅ KVITTERING HENTAST I ÅPNINGSTIDA.

 

OBS. FRÅ 15.6 - 09.07 ER DET KUN FANG OG SLIPP!

 

ALL LANDA FISK SKAL SETJAST SKÅNSOMT UT ATT I ELVA.

 

I perioden frå og med 10. Juli til og med 15. August, er det tillate å avlive inntil 2 sjøaurar pr. døgn (personlig kvote). Fiske skal avsluttast når 2 sjøaurar er avliva. Det skal takast skjelprøve av all avliva sjøaure, og desse skal leverast tilbake i postkassen etter endt fiske. Postkassen og konvoluttar til skjelprøvetaking finn du øverst på sone 11 v/laksen(i stein ).

 

FANGSTRAPPORTERING

Alle fiskekort har kortnummer. Legg inn kortnummer for å rapportere.

Ikkje vent med å rapporter. Vi må purre på dei som ikkje har rapportert.

INGEN FANGST SKAL OGSÅ RAPPORTERAST.

 

Gode fisketips

Beste fisketid etter auren, er på kveld og natt etter at flaggermusene er komne i lufta.