Rovviltjakt i Lom
Smårovviltkort i Lom kommune, innanfor statsallmenningane forvalta av Lom fjellstyre og eit stort utval private grunneigarlag. Forbehalde innanbygdsbuande i Lom.
Arter
- Rødrev
- Grevling
- Røyskatt
- Mår
- Måker
- Andre
Beliggenhet
Kontakt selger
Dagleg leiar og fjelloppsyn Åsmund Galde / fjelloppsyn Eilev Hellekveen
92893226/99712939
Kjøp/søk kort her
Jaktkvoter
Mer detaljert beskrivelse
Rovviltkort for innanbygdsbuande i Lom som gjeld for allmenninngane forvalta av Lom fjellstyre, Lia grunneigarlag, Vårdalen utmarkslag, Vårdalen grunneigarlag, Meadalen grunneigarlag, Bøverdalen østside, Bøverdalen solside, Runningane grunneigarlag, Sula-Driva grunneigarlag, Lomseggen sameige og Skim grunneigarlag.
Jaktregler
Jaktkortet gjeld for jakt- og fangst av artane raudrev, mår, røyskatt, grevling, nøtteskrike, skjære, kråke og ravn samt dei artane det er jakttid på heile året. Jaktkortet gjev samstundes grunneigars løyve til lisensfelling- og kvotejakt på jerv, gaupe, bjørn og ulv.
Jaktkortet gjeld for jakt utan hund, og er forbehalde innanbygdsbuande i Lom kommune. Elles fylgjer ein dei offentlegrettslege reglane og jakttidsramene som til einkvar tid er gjeldande for den enkelte art.
Jaktkortet gjeld for utmark. For jakt på innmark krevst det særskilt løyve frå den enkelte grunneigar. På statsalmenningene er jakt på innmark tillate, men det skal skje i dialog- og med omsyn til seter/beitebrukerar.
Jeger pliktar gjennom jaktutøvinga å syne særleg varsemd til beitebruk, storviltjaktutøving- og andre brukarar av utmarka.