Rypejakt utan hund i Auskjeret i Sykkylven
Velkommen til småviltjakt i Auskjeret. Eit av dei beste jaktterrenga på Sunnmøre. Merk at frå i år av (2024) så kan ein ikkje jakte på lirype i Auskjeret. Den er freda.
Arter
- Fjellrype
- Hare
- Rødrev
- Røyskatt
- Mår
Beliggenhet
Viktige datoer
15.09.2024 kl. 09:00
Kontakt selger
Kjøp/søk kort her
Om selger
Dalane grunneigarlag vart skipa i 1964, og har i alle år sidan hatt sal av jaktkort i fjellet Auskjeret i Sykkylven kommune.
Jaktkvoter
- Det er sett ei grense på 3 felte ryper per kort/jeger per dag i Auskjeret. Det blir frå i år av (2024) fredning av lirype då bestanden er så låg. Så no er det kun tillatt å jakte fjellrype.
Fangstrapportering
For å jakte her må du levere fangstrapport etter turen.
Rapporter fangstMer detaljert beskrivelse
Terrenget i Auskjeret, som før nemt er av dei beste jaktområda på Sunnmøre varierer frå lange slakke bakkar til stupbratte fjellsider. På toppen er det relativt flatt. I høgste delen av terrenget er det mykje stein og ur.
Det som er spesielt med Auskjeret er at ryper frå omkringliggjande områder samlar seg her om hausten. Derfor er det alltid mykje ryper der og sjansen for å få fangst er dermed stor.
For ukjende jegrar er det anbefalt å starte turen frå området i den nordlege enden av Nysætervatnet ved Fausaskiftet, krysset mot Fausa/Fasteindalen.
Jakttrykket har til dels vore så stort at ein har måtte avgrense talet på selde dagskort. Det kan no seljast maksimalt 10 kort per dag i Auskjeret.
Jaktregler
- Merk at frå i år av (2024) så kan ein ikkje jakte på lirype i Auskjeret. Den er freda.
- Det er berre tillatt å kjøpe eitt jaktkort per person per dag. For mange kjøpte kort vil ikkje bli refundert.
- Jaktperioden er frå 1.10 - 30.11.
- Jakt med hund er ikkje tillatt i Auskjeret.
- Hagle er einaste lovlege jaktvåpen.
- Jaktkort gjeld innanfor markert grense på kart, 600 m over havet og oppover i terrenget.
- Jegaren pliktar å rette seg etter reglane som grunneigarlaget fastset og fredningsbestemmelser som gjeld.
- Kortet/kvitteringa skal takast med på jakt og visast ved kontroll.
- Fangstrapport må leverast før nytt kort kan kjøpast.
- Vi har kontrollørar i Auskjeret under jakta. Jegrane plikter å vise fram gyldig jaktkort og legitimasjon ved kontroll. Jakt utan gyldig kort medfører utestengelse.
- Jegerar som ikkje overheld jaktreglane, risikerar også å bli utestengt frå jakt i Auskjeret.
Kjøpte jaktkort kan ikkje refunderast eller endrast.
Veibeskrivelse
Tilkomst med bil er å ta av på fv. 60, som er hovedvegen mellom Sykkylven og Stranda. Ved starten på fjellovergangen på sykkylvssida tar ein av i krysset til Fjellseter. Ein køyrer så Nysætervegen heilt til endes ca 5 km. til ein kjem til krysset til Fausa/Fasteindalen, kalla Fausaskiftet. Der er det ein stor kommunal parkeringsplass. Auskjeret ser ein derifrå i vest. Turen mot toppen av fjellet går i slakt terreng i byrjinga, til å bli noko brattare etter kvart.
Ein kan også kome til Fausaskiftet ved å ta av i krysset mellom fv. 60 og fv. 5916 Dalevegen, ved Sykkylven sentrum. Ein fylgjer så Dalevegen til endes i Ramstaddalen, og tar av til Fasteindalen og køyrer denne vegen til endes.