Rovviltkort Skjåk Almenning

Kortet gjeld lisensjakt på jerv, bjørn, ulv og kvotejakt på gaupe I HEILE SKJÅK ALMENNING i aktuell jakttid / kvoter for dei ulike artane. Jaktkortet fylgjer jaktåret.

Arter

  • Gaupe
  • Andre

Beliggenhet

Kontakt selger

Skjåk Almenning

61213900

firmapost@skjak-almenning.no

Kjøp/søk kort her

Om selger

Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.
Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.
 
Skjåk Almenning er på heile 2 millionar dekar, og er den største private eigedomen i landet. Almenninga utgjer 95 prosent av arealet i Skjåk kommune. 6 prosent er skogkledt, medan vatn, elvar og brear utgjer 11 prosent. Resten er fjell og vidde. Høgaste topp er Nordre Hestbrepiggen på 2.172 m.o.h.
 
Skjåk er den mest nedbørfattige kommunen i landet - med tørre, varme somrar og stabile snøsikre vintrar. 
Skjåk er Norges største Nasjonalparkkommune, og store delar av Breheimen og Reinheimen Nasjonalparkar ligg i Skjåk.
 
Vi har 17 hytter i fjellområde, der to ligg ved bilveg. 
 
Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.
 

www.skjak-almenning.no

 

Jaktkvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Mer detaljert beskrivelse

Skjåk Almenning strekkjer seg frå innmarksnære skogområde til høgfjell på¨over 2100 moh. Det er jerv og gaupe som er mest aktuelle av dei jaktbare store rovdyra i Skjåk.

 

NB! Jaktkortet gjeld heile Skjåk Almenning, ikkje berre det avmerka området i kartet.  

Ved åtejakt på jerv må grunneigar kontaktast og særskild løyve må gjevast på førehand. 

Det er ein føresetnad at du registerere deg som lisensjeger og har alle naudsynte løyve i orden. 

Jaktregler

Jaktkortet gjeld lisensjakt på jerv, ulv og bjørn, samt kvotejakt på gaupe innanfor dei til ei kvar tid gjeldane offentlege lovar og reglar. Jaktkortet gjeld heile Skjåk Almenning. 

Jeger er sjølv ansvarleg for, og pliktar å sette seg inn i gjeldane regelverk, samt eventuelle kvoter det enkelte år og for den enkelte art.  

 

Statsforvaltaren i Innlandet har eigen nettside for forvaltning av store rovdyr, samt oppdatert info om kvoter og kvotetelefon. 

https://www.statsforvalteren.no/nb/innlandet/miljo-og-klima/rovvilt/

Hugs også å registrere deg i deira system, og som lisensjeger.  

 

Allmenningsstyret kan anmelde og/eller stenge ute frå all jakt i Skjåk Almenning eller gje andre sanksjonar til jegerar ved brot på jaktreglement og/eller offentlege føresegner.