Rypejakt i Valle vesthei, øvre Setesdal
Rypejakt omkring Hovdefjellet i Valle vesthei, øvre Setesdal
Arter
- Lirype
- Fjellrype
- Rødrev
- Røyskatt
- Mår
Beliggenhet
Kontakt selger
+4747011060
Kjøp/søk kort her
Om selger
Tarald Rike er utleigar. Han bur på garden Derheime i Uppstadgrenda i Valle kommune.
Jaktkvoter
To ryper pr jeger pr dag.
Fangstrapportering
For å jakte her må du levere fangstrapport etter turen.
Rapporter fangstMer detaljert beskrivelse
Jaktfeltet Hovdefjellet omfattar 3,7 tusen dekar. Vi reknar det for eit godt jaktfelt, og det varierer i høgde over havet frå ca 900 til 1100 meter. Dei fleste vil sikkert finne greit fram til Uppstadgrenda i Valle kommune i øvre Setesdal.
Frå Uppstadgrenda sommarstid tek ein bilen og køyrer opp lia på Støyledalsvegen, ca 3 kilometer, der ein kan leige parkeringsplass til kr 50. Deretter må ein spasere på turvegen eller stien (delvis merkt) 20-30 minutt til Hovdefjellet jaktfelt.
Sjølve Støyledalsvegen er ein privat veg, avgiftsbelagt med kr 100 pr tur. Det er greitt skilta med opplysningar om kontonummer/Vippsnummer for vegavgifta og parkeringsavgifta.
Overnatting: Gamal støyl til leige nær terrenget.
Jaktregler
Jaktkortet - eller dagskortet - er berre gyldig for kortinnehavar og skal framvisast ved kontroll. Pliktig levering av fangstrapport etter endt jakt.
"Tilleggskort til dagskortet" kan kjøpast for ein - eller av ein - ekstra jegar som dagskortinnehavar vil jakte saman med.
Hald hunden i band på vegen til Hovdefjellet jaktfelt.
Vis omsyn til beitedyr og anna vilt. Ver særleg aktsam under sauesanking slik at ikkje du og din hund uroar gjetarhund og sau. Hundeeigar er ansvarleg for eventuelle skadar som hunden måtte påføre. Eigar må ha gyldig bevis for at hunden er sauerein.
Jegeravgifta må vere registrert betalt før du kan kjøpe jaktkort.
Reglar for betaling og avbestilling
* Alle bestillingar vert betalt på inatur.no ved bestilling.
* Ved ev avbestillingar vert innbetalt beløp ikkje refundert, då inatur.no skal ha sin provisjon av brutto innbetalt beløp.
* Det kan vere greitt å ha avbestillingsforsikring saman med eventuell reiseforsikring.