Søknad Småviltjakt utenbygds Eidfjord Fjellstyre

Det er gode moglegheiter for småviltjakt i Eidfjord statsallmenning. Fjellrype og lirype er det vanligaste viltet, men det vert og felt hare, ender og raudrev.

Arter

  • Småvilt

Beliggenhet

Viktige datoer


17.03.2022 kl. 09:00

01.04.2022 kl. 23:59

Kontakt selger

Eidfjord Fjellstyre

47612205

fjellstyre@eidfjord.kommune.no

Kjøp/søk kort her

Veibeskrivelse

RV 7 over Hardangervidda er eit godt utgangspunkt for småviltjakt i Eidfjord Statsallmenning. Tek du Tinnhølvegen frå Tråastølen inn til Tinnhølen, har du og eit fint utgangspunkt. Tinnhølvegen er garantert helde ope til 1. oktober. Så hugs å sjekk vermelding om du kjøyrer inn etter 1. oktober, snøen kan koma fort!

Turisthytter i området er Halne fjellstugu, Dyranut turisthytte, Stigstuv ca 1,5 t aust for Tinnhølen, Sandhaug ligg 3-4 timar sør for Tinnhølen. Sjekk om dei har overnatting før du reiser.

Kartbladet "Eidfjord" i M:50 000 viser heile statsallmenninga med vegar og turstiar.   

 

Jaktkvoter

Vekekort med rett til å fella inntil 1 rype per dag, 4 ryper tilsaman.

Dagskvote og tal jegerar kan doblast når taksering viser ein produksjon på minimum 3 kyklingar/høne og ein tettleik på minimum 8 rype/km². Det skal ikkje fellast meir enn 15% av rypestamma berekna etter taksering.

Jaktbare arter:

Hare  - Raudrev - Mink - Lirype - Fjellrype - Kråke - Ramn - Skjor - Stokkand - Krikkand

 

Fangstrapportering

For å jakte her må du levere fangstrapport etter turen.

Rapporter fangst

Mer detaljert beskrivelse

De som blir trukket ut får en e-post og SMS om dette. Søkes det som jaktlag, vil jaktleder få tilbudet.

Jaktlaget er bindende og jegere på laget kan ikke endres etter søknadsfrist / trekning.

Du får en frist til å takke ja/nei og den må overholdes. Du får kun ett tilbud. Hvis du ikke får et tilbud blir du stående på venteliste. Vi tildeler videre fra denne ventelista hvis noen takker nei til tilbudet sitt. Pass på at e-post og telefonnummer er korrekt utfylt slik at du får de beskjedene du skal

 

Områdeinndeling:

Allmenningen er delt i 2 småviltjaktområde i tida 15.09-30.09. For områdegrenser sjå kart på heimesida, www.eidfjord-fjellstyre.no  Ingen områdeinndeling frå og med 1. oktober.  Områdeinndelinga gjeld ikkje for innanbygds jegerar.

 

Dersom fjellstyret stenger for jakt etter at det er starta kortsal, vert jeger returnert kortbetaling minus provisjon som inatur tek.

Jeger som rapporterer frå jakt året før prioriterast framfor nye jegerar.

Jaktregler

Generelle jaktreglar:

  • I reinsjakta er det nattefreding mellom kl 19.00 og kl 07.00, altså inga jakt i dette tidsrommet.
  • Det er jaktfri sone langs Rv-7 (500m på kvar side) og sør for Nordmannslågen på lik line med reinsjakta.
  • Det er forbode å jakta på holmar det ikkje kan vassast over til med vanleg fottøy.
  • Kortsal for perioden 1.10-23.12 vert vurdert opna etter at resultat av taksering er gjennomført i fyrste halvdel av august.

Andre aktuelle tilbud