Småviltjakt Røldal Statsalmenning Utanbygds

Statsallmenning i Ullensvang kommune, Hordaland. Totalareal: 350.000 daa – Høgfjell. Kortet gjeld småviltjakt utan hund. DENNE SIDA GJELD BERRE UTANBYGDS

Arter

  • Lirype
  • Fjellrype
  • Orrfugl
  • Rødrev
  • Gjess
  • And

Beliggenhet

Viktige datoer


01.09.2024 kl. 09:00

Kontakt selger

Røldal fjellstyre

Eirik Dørheim

48270778

roldal@fjellstyrene.no

Kjøp/søk kort her

Om selger

Fjellstyret har sett startdato for sal av jaktkort på småvilt til 1. september 2024. Det er gjort ei vurdering av bestandssituasjonen før avgjersla om  opning for sal av jaktkort vart tatt. Fjellstyret har landa på å opne for sal av nokre få småviltjaktkort.

Fjellnaturen rundt bygda har mange små og store perler. Dei kan vitjast og nytast, men gjer det utan å setja att spor.
Hjelp oss å ta vare på det me har fått å forvalta.

 

 

 

Jaktkvoter

Baglimit 2 ryper/jeger/dag.

Fangstrapportering

For å jakte her må du levere fangstrapport etter turen.

Rapporter fangst

Mer detaljert beskrivelse

Fjellstyret har sett startdato for sal av jaktkort på småvilt til 1. september 2024. Det blir gjort ei vurdering av bestandssituasjonen før eventuell opning for sal av jaktkort.

 

Meir informasjon om Røldal Statsallmenning får du her

 

Røldal fjellstyre tilbyr 1 stk gratis dagskort til alle fyrstgongsjegerar som har avlagt jegerprøven etter 1. januar 2024! Det er og innført ungdomskort for dei mellom 16 og 20 år. Dette gjeld dagskort. Du får rabatt når du vel det aktuelle kortet. 

 

Det er ikkje naudsynt å søkje om småviltjakt. Småviltkort vert seldt berre på Inatur.

"inaturkode10655"

Jaktregler

  1. Det opnast opp for rjupejakt/småviltjakt f.o.m. 1. oktober t.o.m. 28. februar. Jaktkorta vert lagt ut for sal på Inatur 01.06 kl. 09:00.
  2. Jakt med hund er ikkje tillate, dette gjeld og hund i band.
  3. Det opnast ikkje opp for jakt på hare. Småviltjaktkortet omfattar elles dei artane som er lovlege etter dei til ei kvar tid gjeldane forskrifter gitt av Miljødirektoratet. Fjellstyret oppfordrar til beskatning av smårovvilt under jakta.
  4. Det kan skytast 2 rjuper per dag per jeger. Det er ikkje høve til å samle opp frå dag til dag.
  5. Jegerar mellom 16 - 20 år kan kjøpe dagskort med ungdomsrabatt.
  6. Jeger under 16 år (opplæringsjakt), jakter gratis med veiledar. Opplæringsjeger vil, etter avtale med fjellstyre, få ein kvote på 1 rjupa per dag. Veiledar må ha løyst ordinært jaktkort.
  7. Fjellstyret tilbyr smårovviltkort. Jaktkortet er gyldig f.o.m. 1. mars t.o.m. 30. september.
  8. Det opnast for jakt på Kanadagås i jakttida for denne. Ein kan jakte Kanadagås både på smårovviltkortet og småviltkortet.
  9. Fellefangst av villmink er vederlagsfritt etter avtale med fjellstyret. Leiar får fullmakt.
  10. Det er obligatorisk å rapportere felt vilt. Rapport skal sendast inn seinast 10 dagar etter endt jakt.
  11. Brot på reglane vert straffa etter fjellova, og kan føre til tap av rett til å løyse jaktkort i statsallmenninga.

 

Kjøpt kort vert ikkje refundert!! (jfr. angrerettsloven § 22 m). 

Only citizens of Norway can perform hunting in Røldal statsallmenning. Hunting license bought by anyone else will not be valid, and will not be refunded.

Jakttider og jaktbare arter.

Andre aktuelle tilbud