Smårovviltjakt i Brokke

Hos oss får du eit rimeleg jaktkort for jakt på smårovvilt som i tillegg til raudrev gjeld for grevling, røyskatt, mår, mårhund, villmink, kråke, ravn, skjor og nøtteskrike.

Arter

  • Rødrev
  • Grevling
  • Røyskatt
  • Mår

Beliggenhet

Viktige datoer


22.04.2022 kl. 09:00

Kontakt selger

Brokke Aktivitet AS

Tor Brokke

98632477

aktivitet@brokke.com

Kjøp/søk kort her

Om selger

Brokke Aktivitet AS formidlar småviltjakt i Brokkeheia. I samarbeid med grunneigarar har me avtalar som sikrar at me kvart år kan tilby småviltjakt for hyttefolk, fastbuande og tilreisande.

Jaktkvoter

Det er inga kvoteavgrensing på dette tilbodet.

Fangstrapportering

For å jakte her må du levere fangstrapport etter turen.

Rapporter fangst

Mer detaljert beskrivelse

Tradisjonelt vert kortet bruka til revejakt. Terskelen for å jakte rev er låg og jakta er utfordrande og spennande. Reven har svært gode sansar og er ikkje lettlurt. Raudreven er ein vesentleg predator på skogsfugl, rype og rådyr.

Det er skotpremie på raudrev i Valle kommune. Ved utbetalt skotpremie i frå Valle kommune vil Brokke Aktivitet AS yte eit tillegg til jegeren på kr 500,- Me treng i tilfelle kopi av kvittert skjema frå Valle kommune.

NB! Me gjer merksam på at alle som har løyst jaktkort for småvilt kan jakte smårovvilt innanfor gjeldande jakt- og fangsttider på samme kortet.

Jaktkort for smårovvilt gjeld i alle våre jaktterreng. KML- og GPX-filer over jaktgrensene blir sendt på epost etter førespurnad.

Jaktregler

Jaktkortet er berre gyldig for kortinnehavar og skal framvisast ved kontroll. 

Hald hundar i band over andre eigedomar på veg til jaktterreng. Vis omsyn til beitedyr og anna vilt. Ver særleg aktsam under sauesanking slik at ikkje du og din hund uroar gjetarhund og sau. Hundeeigar er ansvarleg for eventuelle skadar som hunden måtte påføre. Eigar må ha gyldig bevis for at hunden er sauerein. Kontaktperson sau: Heiesjef, Livar Ravndal. T: 917 95 433

Pliktig levering av fangstrapport etter endt jakt.

Jegeravgifta må vere registrert betalt før du kan kjøpe jaktkort.

Andre aktuelle tilbud