Søknad - Jakt på småvilt utan hund - Vågå Fjellstyre

Søknad på jaktkort som gjeld i avgrensa periode frå 15. sept. til 29. sept. i Langmorkje statsallmenning i Vågå kommune. Inntil 5 jegere kan søkje saman som lag.

Arter

  • Småvilt
  • Lirype
  • Fjellrype
  • Røy
  • Tiur
  • Orrfugl
  • Hare
  • Rødrev
  • Grevling
  • Røyskatt
  • Mår
  • And

Beliggenhet

Viktige datoer


11.03.2024 kl. 09:00

01.04.2024 kl. 23:59

Kontakt selger

Vågå fjellstyre

Oskar Pettersen / Knut Øyjordet

99599440 / 90966277

vaga@fjellstyrene.no

Video

Kjøp/søk kort her

Om selger

Jaktkort for småviltjakt utan hund blir i perioda 15.09-29.09 tildelt etter søknad og trekning. Jaktkorta er fordelt på tre 5-dagarsperiodar,  periode 1: 15.09 – 19.09, periode 2: 20.09 –24.09 og periode 3: 25.09 – 29.09. Det blir tildelt maksimalt 125 kort i kvar periode. Etter trekning i 2023 vart det ein del ledige kort i periode 2 og 3. På seinsommaren vart alle kort i periode 2 seld. Rypa vart freda for jakt heile sesongen 2023/24. 137 valgte å overføre kortet sitt til i år. Derfor blir det færre ledige kort for trekning i år. 

Frå 30.09 og ut februar er det normalt fritt kortsal, men både i 2021 og 2022 vedtok fjellstyret å stoppe jakta på rype frå og med 30. september og ut sesongen pga. dårleg produksjon. For sist sesong (2023/24) vart lirype, fjellrype, røy og orrhøne freda heile sesongen, og tiur og orrhane frå 30. september. Jakt på dei andre artane gjekk som normalt. 

Utanbygds som er interessert i jakt med hund må sende søknad innan 1. april ved å nytte søknadsskjema på heimesida til fjellstyret.

Vågå fjellstyre nyttar seg av dagskvote for rype. For jaktsesongen 2022/23 vart det ei dagskvote på 1 rype pr. jeger, same som året før. Kvota blir bestemt med bakgrunn i takseringar, bruk av treningsfeltet og andre tilbakemeldingar. For sesongen 2023/24 er kvote ikkje aktuelt fordi rypa er freda.

Jaktkvoter

Fjellstyret vedtok for jaktsesongen 2022/23 ei dagskvote på 1 rype pr. jeger.

Vedtak om dagskvote blir gjort med bakgrunn i resultat frå takseringar, bruk av treningsfeltet og andre tilbakemeldingar om årets produksjon av rype.

Dersom det utover i jakta viser seg at produksjonen er annleis enn det vi visste før jaktstart, kan det vera aktuelt å vurdere kvota på nytt.

Alle som har løyst jaktkort har plikt på seg til å sjekke her på Inatur, eller på fjellstyret si heimeside www.vaga-fjellstyre.no kor stor dagskvota er.  Fjellstyret kan vedta å avslutte jakta før opplyst dato. Løyste sesongkort vil vanlegvis ikkje bli refundert.

Flytting av kvoter mellom jegere og mellom dagar er ikkje tillatt.

Ungdom som er med på opplæringsjakt (er under 16 år), jaktar på tilsynsjegeren si dagskvote.

Fangstrapportering

For å jakte her må du levere fangstrapport etter turen.

Rapporter fangst

Mer detaljert beskrivelse

 

Dei som blir trekt ut får ein e-post og SMS om dette. Blir det søkt som jaktlag vil alle få same tilbodet. Du får ein frist til å takke ja/nei, som må overhaldast. Du får berre eitt tilbod. Hvis du ikkje får tilbod blir du ståande på venteliste. Vi tildeler vidare frå denne ventelista dersom nokon takkar nei til tilbodet sitt. Pass på at e-post og telefonnummer er korrekt utfylt slik at du får dei beskjedane du skal. Vi legg også ut melding på heimesida når trekninga er gjennomført.

 

Ved å søkje på jakt hjå Vågå fjellstyre aksepterer du følgjande:

  1. Godtek at namnet ditt, adresse, postnummer, poststed og tildelt tilbod kan bli offentleggjort. Dette gjeld også eventuelle jaktlagsmedlemmar.
  2. Ved å søkje på jakt plikter du å setje deg inn i reglar for søknad, trekning og jaktutøving hjå Vågå fjellstyre.
  3. Jaktlaget er bindande og jegerar på laget kan ikkje endrast etter søknadsfrist/trekning.
  4. Jaktkortet er personleg, og kan ikkje overdragast til andre. 
  5. Betalt jaktkort blir ikkje refundert. Sjukdom, vær- og føreforhold er ikkje grunnlag for å få tilbakebetalt jaktkort. Dersom fjellstyret vedtek å ikkje opne for jakt på rype, vil jegere få tilbod om refusjon av 75% av kortprisen. Fråtrekket er eit adiminstrasjonsgebyr som i hovudsak vil gå til å dekkje kostnadar ved bruk av Inatur, og eige administrasjonsarbeid. Det kan òg bli gjeve tilbod om å overføre kortet til neste jaktsesong, eller at kortet kan nyttast på jaktbare arter. 
  6. Fjellstyret kan av omsyn til småviltbestandene innføre begrensningar på jakt og fangst før eller under jakta (som t.d kvote), eller stoppe jakta etter jaktstart på kort varsel. Dette gjev ikkje grunnlag for refusjon av betalt jaktkort eller hytte. 

 

Generelt om området

Langmorkje statsallmenning ligg sør for Ottadalen og dekkjer områda frå omkring Lemonsjøen og innover Sjodalen til Gjendetraktene, på båe sider av elva Sjoa. Statsallmenningen grensar mot Lom i vest, Vang/Øystre Slidre i sør, og Sel/Nord-Fron i aust. 

Jaktkortet dekkjer eit areal på totalt 884 000 da. Området strekkjer seg frå skogkledde lier på ca 800 moh til store vidder med snaufjell opp til fjelltoppar over 2300 moh. Mykje av området er lett tilgjengeleg, og ligg i nærleiken av bilveg. Men for dei som ønskjer å ha fjellet "for seg sjølv", så der det ikkje problem å finne område der det er få andre jegerar. 


Trening av fuglehund skal, om hausten, foregå innanfor treningsfeltet i området Hoskelia/ Maurvangen/ grensa mot ØystreSlidre. Om vinteren er det opna for trening i heile Langmorkje statsallmenning, unntatt den delen av allmenninga som ligg innanfor grensene til Jotunheimen nasjonalpark.
For nærare opplysningar sjå Vågå fjellstyre si heimeside på: www.vaga-fjellstyre.no

 

Bestand av rype
Vi har dei siste to åra hatt nedgang i bestandane av både lirype og fjellrype. Før jakta blir det gjennomført taksering av lirype i nokre utvalde område. Resultat av taksering, tilbakemeldingar frå bruk av treningsfeltet inst i Sjodalen, rapportar etter fuglehundprøver samt andre tilbakemeldingar gjev grunnlag for fastsetting av årets dagskvote. 

  

Trening av fuglehund

For trening om hausten er det opna for dette i området Hoskelie og sørover til grensa mot Øystre Slidre (21. august - 14. sept.). Om vinteren, dvs. i februar og mars er det opna for trening i heile statsallmenninga, unntatt den delen av statsallmenninga som ligg innanfor grensene til Jotunheimen nasjonalpark. Kortsal på Inatur. For meir opplysningar, sjå fjellstyret si heimeside (www.vaga-fjellstyre.no). 

 

Lenker

Jaktregler

Jegeren skal med seg jaktkortet ved utøving av jakta. For meir informasjon om reglane, sjå vedlegg. 

Veibeskrivelse

Fylkesveg 51 går tvers gjennom området, slik at det er lett tilgjengeleg både frå Valdressida om Beitostølen, og frå Gudbrandsdalssida. Vegen over Valdresflya er vinterstengt. Dersom ein kjem Gudbrandsdalen kan ein anten ta av på Sjoa og kjøre Heidalen til Randsverk, eller kjøre fv.15 frå Otta og ta av ved Randen ca. 5 km. vest for Vågåmo. Når det gjeld overnatting finn ein langs fv. 51 alt frå enkle campingplassar til fjellstuer og høgstandard utleigehytter. 

Andre aktuelle tilbud