Søknad - småviltjakt utan hund for utanbygdsbuande - Vågå Fjellstyre
Søknad på jaktkort som gjeld i avgrensa periode frå 15. sept. til 29. sept. i Langmorkje statsallmenning i Vågå kommune. Inntil 5 jegere kan søkje saman som lag.
Arter
- Småvilt
- Lirype
- Fjellrype
- Røy
- Tiur
- Orrfugl
- Hare
- Rødrev
- Grevling
- Røyskatt
- Mår
- And
Beliggenhet
Viktige datoer
01.03.2025 kl. 09:00
01.04.2025 kl. 23:59
Kontakt selger
Video
Kjøp/søk kort her
Om selger
Jaktområdet dekkjer eit areal på totalt 884 000 da. Området strekkjer seg frå skogkledde lier på ca 800 moh til store vidder med snaufjell opp til fjelltoppar over 2300 moh. Mykje av området er lett tilgjengeleg, og ligg i nærleiken av bilveg. Men for dei som ønskjer å ha fjellet "for seg sjølv", så der det ikkje problem å finne område der det er få andre jegerar.
Jaktkvoter
Fjellstyret vedtok for jaktsesongen 2024/25 ei dagskvote på 2 ryper pr. jeger, med maks ei fjellrype av desse to.
Vedtak om dagskvote blir gjort med bakgrunn i resultat frå takseringar, bruk av treningsfeltet og andre tilbakemeldingar om årets produksjon av rype.
Dersom det utover i jakta viser seg at produksjonen er annleis enn det vi visste før jaktstart, kan det vera aktuelt å vurdere kvota på nytt.
Alle som har løyst jaktkort har plikt på seg til å sjekke her på Inatur, eller på fjellstyret si heimeside www.vaga-fjellstyre.no kor stor dagskvota er. Fjellstyret kan vedta å avslutte jakta før opplyst dato. Løyste sesongkort vil vanlegvis ikkje bli refundert.
Flytting av kvoter mellom jegere og mellom dagar er ikkje tillatt.
Ungdom som er med på opplæringsjakt (er under 16 år), jaktar på tilsynsjegeren si dagskvote.
Fangstrapportering
For å jakte her må du levere fangstrapport etter turen.
Rapporter fangstMer detaljert beskrivelse
Dei som blir trekt ut får ein e-post og SMS om dette. Blir det søkt som jaktlag vil alle få same tilbodet. Du får ein frist til å takke ja/nei, som må overhaldast. Du får berre eitt tilbod. Hvis du ikkje får tilbod blir du ståande på venteliste. Vi tildeler vidare frå denne ventelista dersom nokon takkar nei til tilbodet sitt. Pass på at e-post og telefonnummer er korrekt utfylt slik at du får dei beskjedane du skal. Vi legg også ut melding på heimesida når trekninga er gjennomført.
Ved å søkje på jakt hjå Vågå fjellstyre aksepterer du følgjande:
- Godtek at namnet ditt, adresse, postnummer, poststed og tildelt tilbod kan bli offentleggjort. Dette gjeld også eventuelle jaktlagsmedlemmar.
- Ved å søkje på jakt plikter du å setje deg inn i reglar for søknad, trekning og jaktutøving hjå Vågå fjellstyre.
- Jaktlaget er bindande og jegerar på laget kan ikkje endrast etter søknadsfrist/trekning.
- Jaktkortet er personleg, og kan ikkje overdragast til andre.
- Betalt jaktkort blir ikkje refundert. Sjukdom, vær- og føreforhold er ikkje grunnlag for å få tilbakebetalt jaktkort. Dersom fjellstyret vedtek å ikkje opne for jakt på rype, vil jegere få tilbod om refusjon av 75% av kortprisen. Fråtrekket er eit adiminstrasjonsgebyr som i hovudsak vil gå til å dekkje kostnadar ved bruk av Inatur, og eige administrasjonsarbeid. Det kan òg bli gjeve tilbod om å overføre kortet til neste jaktsesong, eller at kortet kan nyttast på jaktbare arter.
- Fjellstyret kan av omsyn til småviltbestandene innføre begrensningar på jakt og fangst før eller under jakta (som t.d kvote), eller stoppe jakta etter jaktstart på kort varsel. Dette gjev ikkje grunnlag for refusjon av betalt jaktkort eller hytte.
Generelt om området
Langmorkje statsallmenning ligg sør for Ottadalen og dekkjer områda frå omkring Lemonsjøen og innover Sjodalen til Gjendetraktene, på båe sider av elva Sjoa. Statsallmenningen grensar mot Lom i vest, Vang/Øystre Slidre i sør, og Sel/Nord-Fron i aust.
Jaktkortet dekkjer eit areal på totalt 884 000 da. Området strekkjer seg frå skogkledde lier på ca 800 moh til store vidder med snaufjell opp til fjelltoppar over 2300 moh. Mykje av området er lett tilgjengeleg, og ligg i nærleiken av bilveg. Men for dei som ønskjer å ha fjellet "for seg sjølv", så der det ikkje problem å finne område der det er få andre jegerar.
Trening av fuglehund skal, om hausten, foregå innanfor treningsfeltet i området Hoskelia/ Maurvangen/ grensa mot ØystreSlidre. Om vinteren er det opna for trening i heile Langmorkje statsallmenning, unntatt den delen av allmenninga som ligg innanfor grensene til Jotunheimen nasjonalpark.
For nærare opplysningar sjå Vågå fjellstyre si heimeside på: www.vaga-fjellstyre.no
Bestand av rype
Vi har dei siste to åra hatt nedgang i bestandane av både lirype og fjellrype. Før jakta blir det gjennomført taksering av lirype i nokre utvalde område. Resultat av taksering, tilbakemeldingar frå bruk av treningsfeltet inst i Sjodalen, rapportar etter fuglehundprøver samt andre tilbakemeldingar gjev grunnlag for fastsetting av årets dagskvote.
Trening av fuglehund
For trening om hausten er det opna for dette i området Hoskelie og sørover til grensa mot Øystre Slidre (21. august - 14. sept.). Om vinteren, dvs. i februar og mars er det opna for trening i heile statsallmenninga, unntatt den delen av statsallmenninga som ligg innanfor grensene til Jotunheimen nasjonalpark. Kortsal på Inatur. For meir opplysningar, sjå fjellstyret si heimeside (www.vaga-fjellstyre.no).
Lenker
Jaktregler
Jegeren er pliktig til å sette seg inn i jaktreglar og kvotereguleringar
Veibeskrivelse
Fylkesveg 51 går tvers gjennom området, slik at det er lett tilgjengeleg både frå Valdressida om Beitostølen, og frå Gudbrandsdalssida. Vegen over Valdresflya er vinterstengt. Dersom ein kjem Gudbrandsdalen kan ein anten ta av på Sjoa og kjøre Heidalen til Randsverk, eller kjøre fv.15 frå Otta og ta av ved Randen ca. 5 km. vest for Vågåmo. Når det gjeld overnatting finn ein langs fv. 51 alt frå enkle campingplassar til fjellstuer og høgstandard utleigehytter.