Småviltjakt i Lom for utanbygds utan hund og harejakt med hund

NB: Li og fjellrype er fredet sesongen 2023/24

Arter

  • Røy
  • Tiur
  • Orrfugl
  • Jerpe
  • Hare
  • Rødrev
  • Grevling
  • Røyskatt
  • Mår
  • Gjess
  • And
  • Vadefugler
  • Spurvefugler
  • Ringdue

Beliggenhet

Viktige datoer


12.09.2023 kl. 09:00

Kontakt selger

Lom fjellstyre

Dagleg leiar og fjelloppsyn Åsmund Galde / fjelloppsyn Eilev Hellekveen

92893226 / 99712939

lom@fjellstyrene.no

Kjøp/søk kort her

Jaktkvoter

LIRYPE OG FJELLRYPE ER FREDET JAKTÅRET 2023/24!

Ingen kvotebregrensing på andre arter

Fangstrapportering

For å jakte her må du levere fangstrapport etter turen.

Rapporter fangst

Mer detaljert beskrivelse

Vårdalen, Visdalen og Leir- og Bøverdalen statsallmenning i Lom kommune er på heile 1,2 mill. dekar. I aust og søraust grensar allmenningen mot Vågå kommune, i sør mot Vang i Valdres, i vest mot kommunane Årdal og Luster, og i nord mot Skjåk kommune og privat areal i Lom. Det er lettaste jaktterrenget i dei austlege delane av allm. I vest er det meire vestlandspreg over terrenget.  Nesten heile statsallmenningen er fjellterreng og ligg over skoggrensa. Ca. 300.000 dekar av terrenget er lirypeterreng. Høgfjellsterrenget består av mange 2000 meters toppar og brear, og ein del av terrenget ligg langt unna bilveg og er vanskeleg tilgjengeleg både med omsyn til avstand og topografien, men det er også mykje fjellrypeterreng som er i høveleg gangavstand frå bilveg.

 

Jakt utan hund startar den 15. september. Området er delt inn i 3 felt for jakt med hund, felta A, B og C.  Det er ingen inndeling i jaktfelt for jakt utan hund, men inndeling i 3 jaktperiodar, kvar på 5 dagar, 15.-19.9., 20.-24.9. og 25.-29.9. Det er 50 kort tilgjengelege i kvar periode.


For jakt på hare med hund er jaktperioda frå 11.10-23.12. Jaktkortet gjeld felt A og felt B. Det er 20 sesongkort tilgjengeleg.


For jakt berre på smårovvilt kan det kjøpast eit eige kort. Jakttida er samanfallande med jakttidsramma for artene, sjå vedlegg. Dei som kjøper vanleg småviltjaktkort, treng ikkje løyse dette kortet for å jakte på smårovvilt.


Sjå elles heimesida til fjellstyret: www.lom-fjellstyre.no.

 

Lenke

Jaktregler

Småviltjegerar under 16 år under opplæring som jaktar saman med tilsynsjeger, slepp å løyse jaktkort. Fyrstegongsjegerar får gratis jaktkort for jakt utan hund, dette må dokumenterast med bevis for avlagt jegereksamen.

 

Sjå orienteringsfolder nedanfor for utfyllande informasjon!

Veibeskrivelse

Riksveg 55 frå Lom sentrum mot Sogndal, og sidevegar frå denne innover Visdalen, Høydalen og Leirdalen, og opp mot Juvasshytta. Sidevegar frå rv. 15 til Veodalen, Smådalen og Sålell. Til Lom er mellom 30 og 40 mil enten du kjem frå Trondheims-, Bergens- eller Oslo-området.

Andre aktuelle tilbud