Småviltjakt Tokke Kommune

Småviltjakt

Arter

  • Lirype
  • Fjellrype
  • Røy
  • Tiur
  • Orrfugl
  • Hare
  • Rødrev

Beliggenhet

Viktige datoer


29.04.2026 kl. 09:00

Kontakt selger

Tokke kommune

Morten Elgaaen

35 07 52 44

morten.elgaaen@tokke.kommune.no

Kjøp/søk kort her

Om selger

Tokke kommune har 2250 inb. og eit areal på 980 km2. Lågaste punktet er Bandak på 72 m.o.h. og høgaste punkt er Kvannefjellet på 1537 m.o.h. Kommunen ligg i Vest-Telemark og grensar til kommunane: Vinje, Kviteseid, Fyresdal, Seljord og Valle/ Bykle i Setesdalen. Kommunen ligg i nordenden av Telemarks-kanalen om lag midt mellom Oslo og Stavanger.

Jaktkvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Fangstrapportering

For å jakte her må du levere fangstrapport etter turen.

Rapporter fangst

Mer detaljert beskrivelse

Jaktområdet ligg frå 750 moh til 900 moh. 

Jaktområdet er skogkledd med bjørk og gran. Arealet er på litt over 2000 dekar.

Det er tillatt med hund. Det er elgjakt i området, men ikkje på denne teigen.

Det går preparerte skiløyper gjennom teigen når snømengde gjer dette mogeleg.

Tokke kommune har tidlegare solgt småviltkort på ein mindre teig nærare skisenteret på Hallbjønnsekken, men frå 2026 er denne "teig 1" ikkje lengre open for jakt.

Jaktregler

Området er kalla teig 2 og har begrensing på 3 våpen pr dag til ein samla pris av 500 kroner. Ein ber om at det takast omsyn til til omkringliggande hytter. Det har vore tilfelle der jegerar ikkje har holdt seg innafor grensene til jaktområdet. Jakt på annan manns grunn utan løyve blir ikkje akseptert. Ved ulovleg jakt vil politianmeldelse bli vurdera.

Minner om fredningstid i jolehøgtida, og at jakt på skogsfugl bare gjeld fram til 23.12

I teig 2 kan ein kjøpe eige døgnkort for jakt på rødrev i perioden f.o.m. 15. juli - t.o.m. 31. august.  Kun eitt kort pr døgn, og prisen er kr 50.-. Terrenget får  "ligge i ro" dei første dagane i september, til fuglejakta startar 10.09. Etter 10. september kan ein jakte rødrev med ordinært småviltkort.

Andre aktuelle tilbud