Småviltjakt i Øystese Aust
Jakta opnar måndag 16. september 2024. Det vert opna for kortsal laurdag 14. september. Merk kva reglar som gjeld for kjøp av dei enkelte korta, feilkjøpte kort er ugyldige og vert ikkje refunderte.
Arter
- Lirype
- Fjellrype
- Orrfugl
- Hare
- Rødrev
- Mår
Beliggenhet
Viktige datoer
14.09.2024 kl. 09:00
Kontakt selger
Kjøp/søk kort her
Om selger
Det vert selt eit avgrensa tal døgnkort: 10 innanbygds og 5 utanbygds per døgn. I tillegg vert det selt innanbygds ungdomskort og grunneigarkort. Ta kontakt viss du er i tvil om kva kort du kan kjøpa.
Jaktkvoter
2 ryper per dag, 10 ryper til saman i sesongen.
1 orrfugl per dag, 3 orrfuglar til saman i sesongen.
Fangstrapportering
For å jakte her må du levere fangstrapport etter turen.
Rapporter fangstMer detaljert beskrivelse
Øystese aust grunneigarlag tilbyr småviltjakt i eit fint og variert område som ligg i Kvam herad. Området går frå sjø til høgfjell over 1300 moh. og kan nåast med bil frå sør via FV 79/Øystese og frå nord via FV 5400/Hamlagrø.
Jaktregler
Det er ikkje lov til å jakta med hund, bortsett frå jakt på hare frå 1.januar og ut februar.
Kortet gjeld for rype, orrhane (ikkje orrhøne), hare, raudrev og mår.
10 innanbygds- og 5 utanbygdskort per dag, i tillegg til ungdomskort og grunneigarkort.
Jakttida er 16. september til 23. desember for rype og orrhane.
Generelle jaktreglar gjeld, jf. Forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst og Forskrift om jakt- og fangsttider fra og med 1. april 2022 til og med 31. mars 2028.
Jegerane skal ha med seg jaktkort, jegeravgift og legitimasjon under jakta.
Ved å kjøp av jaktkort godtek ein at innhaldet i sekken kan bli kontrollert.
Jegerane skal levera jaktrapport etter avslutta jaktdag.
Innanbygds-/grunneigarkort kjøpt av andre er ugyldig, beløp vert ikkje refundert.