Småvilt på Gråsida

Jakt småvilt i bratte lier og spennande høgfjell! Orrfugl og storfugl er freda. Jakt med hund er ikkje lov.

Arter

  • Småvilt
  • Lirype
  • Fjellrype
  • Hare
  • Rødrev
  • Røyskatt
  • Mår

Beliggenhet

Viktige datoer


19.09.2023 kl. 09:00

Kontakt selger

Gråsida Grunneigarlag

Per Ole Fremmersvik

94277321

graasida@hotmail.com

Kjøp/søk kort her

Om selger

Om lag 50 grunneigarar står saman i Gråsida Grunneigarlag. Etter noko diskusjon har årsmøtet 18. september gjort vedtak om å opna for småviltjakt hausten 2023.

Kontaktperson for jakt:
Jon Grønsberg
Tlf: 958 53 860

Jaktkvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Fangstrapportering

For å jakte her må du levere fangstrapport etter turen.

Rapporter fangst

Mer detaljert beskrivelse

Gråsida jaktområde er eit høgfjellsplatå 1000-1350 m.o.h. som vert kransa av bratte skogkledde lier i nord og aust. Området strekkjer seg omtrent frå Kvålsdalen i vest til Roksbotn i aust, og frå Hjortadalen i sør til stølane Hindartveit, Smågiljane, Rapjane og Flyane i nord. Sjå kart for nøyaktige grenser. Skodde og verbyte kan koma overraskande på Gråsida. Ta alltid med varme klede! DNT-hytta "Nansenbu" ligg ved Store Torfinnsdalsvatn (rute 543 146). Naudbuer finst mellom Store og Vetle Torfinnsdalsvatn (rute 554 146) og søraust om Fiskatjødne (rute 583 182). Primitive steinbuer finn du ved Store Torfinnsdalsvatn (rute 544 149) og sør om Pili (rute 573 166). Mobildekning finst stort sett kun på toppar med fri sikt til Lønahorgi (1410 m.o.h.), nordaust for Voss sentrum.

 

I liene kan du jakta lirype, men bestanden er ikkje tett. Området høver og til å plukka blåbær eller å sjå etter storfugl. I nokre parti veks det svært gamal furuskog. Innover fjellet finn du lite vegetasjon. Størstedelen er reint skarv og snaufjell – vilt, men høveleg lett å gå. I dette området jaktar du fjellrype og hare. Området har rikeleg med horger for den som vil sjå vidt, og godt mon med fiskevatn. Det finst nokre få grøderike botnar, t.d. i Torfinnsdalen, og her beitar det sau. Ei stamme med tamrein har og tilhald på fjellplatået. 

 

I vest har området ein naturleg tilkomst. Køyr RV314 frå Dale eller Bulken til Hamlagrø, ta av til Hodnaberg og parker bilen. Vidare har du to val. Du kan fylgja T-merka sti til Voss Utferdslag si hytte ”Torfinnsheim” (900 m.o.h). Denne turiststien held fram tvers over Gråsida og endar ved ”Saga” på Hjelle. Derifrå fører 1 km skogsveg og 5 km kommuneveg ned til Voss sentrum. Eit anna alternativ er å gå om Kvålsdalen. Då fylgjer du grusvegen forbi Hodnaberg kraftstasjon og like etterpå bratt opp til venstre, forbi ein bom. Gå vegen til endes, fylg deretter T-merka sti til Kvålsdals-stølane og vidare til Vassvika. Sving nordover til ”Torfinnsheim”, eller start jakta sørover i området ”Haugane”.

  

I aust har du enklast tilkomst frå Tillung eller Tesdalen. Då køyrer du forbi Hjelle og vidare utover Giljavegen. På Tillung kan du avklara parkering med Olav Tillung (mob: 975 20 513) og gå traktorveg til stølen Kviting (620 m.o.h). I Tesdalen kan du avklara parkering med Odd Tesdal (mob: 911 79 743) og gå sti eller traktorveg til Roksbotn (700 m.o.h)

  

Gode overnattingsstader er ”Torfinnsheim” (rute 489 174), "Nansenbu" (rute 543 146) og Rosethytta (rute 587 203). Sistnemnde er privat, men Voss Utferdslag administerer utleige (https://www.vossutferdslag.no/hytter/). Teltplassar som er mjuke og tørre, kan det vera vanskeleg å finna. Eit forslag er å leita langsetter elva som renn vestover frå Store Torfinnsdalsvatn.

 

Den mest kjende turistattraksjonen er ”Timaglaset”, ei stor steinblokk som balanserer på ein einaste hjørnespiss (rute 538 158). Eit anna populært turmål er Gråsidetoppen (1305 m.o.h) som gjev deg eit flott utsyn over Vossabygda.

Jaktregler

Jaktkort gjev rett til jakt på småvilt (fjellrype, lirype, hare, måke, nøtteskrike, trast, skjære, kråke, ramn, raudrev, røyskatt, villmink, mår og grevling) på utmark innanfor Gråsida Grunneigarlag sine grenser. Orrfugl og storfugl er freda. Jakt med hund, bruk av hagle for meir enn to skot eller bruk av heilautomatisk rifle er ikkje lov. 

 

Gråsida Grunneigarlag har to ulike skotpremiar på raudrev: 1500 kr for rev felt innanfor grensene til Austre Gråsida Beitelag, og 500 kr for rev felt innanfor grensene til Gråsida beitelag eller Torfinno beitelag. Felling dokumenterer du ved å senda mms til 942 77 321 med fellingsstad og -tid, samt nærbilete av reven. 

 

Sesongkort gjeld f.o.m. 1. oktober t.o.m. 23. desember. Dagskort gjeld frå midnatt til midnatt. 

 

Jegaren skal bera med seg identifikasjonsbevis (førarkort e.l.), kvittering for betalt jaktkort, kvittering for betalt jegaravgift og våpenkort for registreringspliktige våpen. Grunneigarar som går jaktoppsyn, kan krevja dette framlagt.

 

Jegaren er sjølv ansvarleg for å gjera seg kjend med grensene til jaktområdet, og for å halda seg innanfor desse. Det er einkvar si plikt å ta omsyn til andre jegrar og å utvisa måtehald med kor mykje vilt ein skyt.

 

Fyll ut og returner fangstskjema etter jakta, sjølv om du ikkje har skote noko. Slik hjelper du grunneigarlaget med å halda oversyn over endringar i viltbestanden frå år til år.

 

Meld observasjonar av sau til Odd Tesdal (mob: 911 79 743) eller Magne Lauvås (mob: 915 42 902). Dine observasjonar kan vera til uvurderleg hjelp i sankinga.

 

Dersom du tingar jaktkort for andre, sørg for at dei gjer seg kjende reglane ovanfor og har med seg ein kopi av kvitteringa for kjøpet.

Jakttips

Gråsida Grunneigarlag sel jaktkort kun på inatur.no. Me har ei avgrensing på 25 dagskort/dag og 50 sesongkort.