Jaktkort for smårovvilt i Vågå kommune.

Jaktkortet omfattar heile Vågå kommune utanom Nedre Heimdalen, Tolstad, Holungsfjellet sameige og Finndalen statsalm (den delen som ligg i Vågå).

Arter

  • Småvilt
  • Rødrev
  • Grevling
  • Røyskatt
  • Mår

Beliggenhet

Kontakt selger

Vågå fjellstyre

Oskar Pettersen / Knut Øyjordet

99599440 / 90966277

vaga@fjellstyrene.no

Kjøp/søk kort her

Om selger

Jaktkortet er eit samarbeid mellom Vågå fjellstyre og dei fleste grunneigarar/ grunneigarlag i kommunen. Jaktkortet gjeld ikkje på desse eigedomane: Nedre Heimdalen, Tolstad, Holungsfjellet sameige og Finndalen statsallmenning (den delen som ligg i Vågå) (Kartet til høgre viser jaktområdet).

Innanbygds må hugse å bruke rabatten som er lagt inn når dei løyser kortet. For innanbygds er det også ei skotpremieordning.

Jaktkvoter

Fangstrapportering

For å jakte her må du levere fangstrapport etter turen.

Rapporter fangst

Mer detaljert beskrivelse

Generell beskrivelse

Jaktkortet dekkjer det meste av Vågå kommune, frå sentrumsnære område og skogkledde lier til dei høgste fjelltoppane.

Målet med å ha eit eige jaktkort for smårovvilt er å få meir felling av desse artane fordi ein reknar det som positivt for matnyttig småvilt, rådyrkillingar og husdyr (lam). I tillegg ønskjer ein å heve statusen for slik jakt, og få eit betre jakttilbud i kommunen. Vågå fjellstyre administerer ordninga, tek seg av statistikk, utbetaling av skotpremie (gjeld for innanbygds) m.m. Du finn meir opplysningar på Vågå fjellstyre si heimeside: www.vaga-fjellstyre.no. I menyen på heimesida finn du eit eige punkt om jakt på smårovvilt.
  

Lenker

Jaktregler

Ved utøving av jakta skal jegeren kunne vise kvittering for kjøpt jaktkort.

Jaktkortet gjeld for desse artane: Raudrev, mår, mink, røyskatt, grevling, kråke, ravn, skjære og nøtteskrike. Jakttidene er dei same som i Forskrift om jakt- og fangsttider.

Det er lov å jakte med hund på rev frå 1. november. Ved jakt på dyrka mark, i nærleiken av der folk bur, må det innhentast løyve frå grunneigar. Ved utlegging av åte må det også innhentast løyve frå grunneigar. 

Andre aktuelle tilbud