Småviltjakt i Evanger-Sør Grunneigarlag
Evanger Sør Grunneigarlag tilbyr jakt på rype og hare i variert fjellterreng. Skogsfugl er freda. Jakt med hund er ikkje lov. Kun dagskort for alle unteke grunneigarar.
Arter
- Lirype
- Fjellrype
- Hare
- Rødrev
- Røyskatt
- Mår
Kjøp/søk kort her
Jaktkvoter
Evanger Sør grunneigarlag ligg i vestre del av Voss kommune med grense til Vaksdal Kommune. Kartlinken angir dei eksakte grensena, denne bør ein ta med på jaktturen, oversiktskartet som vises på web sida er eit grovutsnitt der grensa ikkje kjem fram heilt eksakt. Grunneigarlaget kan stoppe jakta før 30. oktober selde kort vert ikkje refundert.
Jakt med hund er forbode. Det er kvote på 2 ryper pr. dag pr. jeger.
Blyhagl-forbod trer no i kraft
Frå 15. februar 2023 er blyhagl forbode på jakt i og ved våtmark. I praksis må jegerar no bruke annan ammunisjon i så godt som alle jaktsituasjonar.
Les mer på https://www.miljodirektoratet.no/aktuelt/nyheter/2023/februar-2023/blyhagl-forbod-trer-no-i-kraft/
Enklaste tilkomst til området er å køyre til Bolstadøyri og deretter opp i Rasdalen, eller køyre til Bulken og oppover til Hamlagrø, ta av mot Hyljarås og køyre inn til Flage Stølen. Herifrå er det kort stykke å gå opp til jaktområdet, det er privat området til ein kjem Nord for Hovden. Ein kan og gå opp frå Evanger, beste ruta herifrå er å gå opp Vossedalen.
Det er og mogeleg å gå frå Bergsdalen, men då må ein vere klar over at ein må kryss eit anna grunneigarlag sitt område i år har dei same dato for jaktstar, kort er å få kjøpå på Inatur. I Bergsdalen kan ein og overnatte på Bergsdalstunet, på garden Lid. Då vil helga vera fullkomen sjølv om ikkje ein reiser heim med så mange ryper i sekken, tlf 56598934.
På Bolstadøyri tilbyr Bergagarden overnatting, nærmare opplysningar finn dykk på www.booking.com.
Frå Flagestølen er det berre ein halvtimes biltur til Vossevangen, her finn ein både hotell og vandreheim.
Det er og mogelegheiter for å fiske i Evanger-Sør sitt område, Vampavatnet, Osskardvatnet, Gråhorgavatni, Olatjørni og Hardfjellvatnet for nærmare opplysningar og kjøp av kort sjå: www.visitvoss.no.
Område som er avmerka rundt Rørbakken er privat område ålmenta har ikkje adgang til dette området.
Det er skotpremie på Rev og Mår, høvesvis kr 1500 og kr 1000.
Fangstrapportering
For å jakte her må du levere fangstrapport etter turen.
Rapporter fangstMer detaljert beskrivelse
Jakt på Rype og Hare, kvote på 2 ryper pr dag pr jeger.
Orre ogTiur er freda. Jakt med hund er forbode.
Jakt på predatorar fylgjer jakttidene sett av Direktoratet for Naturforvaltning.
I området er det inntil 7 jegrar pr dag.
Grunneigarar kan jakte i tillegg til ovannemnde jegrar.
Etter endt jakt skal fangst rapport leverast på nettet, gjeld og grunneigarar. Slik stoda er i dag med bestanden er det viktig for oss at alle leverer fangstrapport. Jakta kan verta stoppa.
Det er skotpremie på Rev og Mår, høvesvis kr 1500 og kr 1000
Jaktoppsyn
– § 37. Plikt til å la seg kontrollere
Enhver som utøver jakt, felling eller fangst etter denne forskrift, plikter å la seg kontrollere av politiet, Statens naturoppsyn eller av lokalt jaktoppsyn som er godkjent av det statlige naturoppsynet eller har begrenset politimyndighet. Kommunen og villreinnemnda kan sørge for kontroll av felte dyr. Ved jakt etter villrein kan villreinnemnda også sørge for kontroll med kontrollkort for villrein og eventuell skriftlig fellesjaktavtale. 0 Endret ved forskrift 14 mars 2006 nr. 304 (i kraft 1 april 2006).
Hentet fra Lovdata - Forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst
Jaktregler
Jakt på Rype og Hare, kvote på 2 ryper pr dag pr jeger.
Orre ogTiur er freda. Jakt med hund er forbode.
Jakt på predatorar fylgjer jakttidene sett av Direktoratet for Naturforvaltning.
I området er det inntil 15 jegrar pr dag.