Småviltjakt i Rauland statsallmenning

Småviltjakt på ein av Hardangerviddas flottaste høgfjellsområde! Kortet gjeld småviltjakt utan hund. Gratis Jaktkort til fyrstegongsjegerar!! Merk forskjell i kort for INNANBYGDS OG UTANBYGDS

Arter

  • Småvilt
  • Lirype
  • Fjellrype
  • Hare
  • Rødrev
  • Røyskatt
  • Mår

Beliggenhet

Viktige datoer


01.05.2023 kl. 09:00

Kontakt selger

Rauland Fjellstyre

949 78 532

rauland@fjellstyrene.no

Kjøp/søk kort her

Om selger

Rauland Fjellstyre forvaltar Rauland Statsallmenning. Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du lurar på noko.

Sjå elles våre heimesider:

 

http://www.hardangervidda-fjellstyra.no/

Jaktkvoter

Maks 3 ryper pr jeger/dag.

 

Fangstrapportering

For å jakte her må du levere fangstrapport etter turen.

Rapporter fangst

Mer detaljert beskrivelse

Området ligg i Vinje kommune mellom 1300-1500 moh. Terrenget er småkupert og har god bestand av fjellrype. Noko hare kan og påreknast.

Ein oppmodar om telting i nærleiken av hyttene.

Det er innført kvote på maks 3 ryper pr dag/jeger. 

Hund er ikkje tillete.

 

Rauland Fjellstyre minner om at du i vårt område er høgt til fjells. Tenk over at det kan kome snø i våre område tidlegare enn du kanskje er klar over. Songavegen vert ikkje brøyta vinterstid. Dette må sjekkast og du bør sko bilen for vinter når du reiser opp her i rjupejakta.

Kjøpt kort vert ikkje refundert.

 

Kart over området

 

Salg av kort for komande sesong opnar ca 1 mai.

 

Fjellstyret legg ut kort for sal, men kjøpar må vere klar over at det kan kome begrensingar på ferdsel i nasjonalparken og bruk av hytter framover. Fjellstyret presiserar at kort som vert kjøpt IKKJE vert refundert og det er såleis kjøpar sin risiko å velge å kjøpe kort.

 

Det er ikkje naudsynt å søkje om småviltjakt. Småviltkort vert seldt berre på Inatur.

 

INNANBYGDS HAR HALV PRIS PÅ KORT og skal velge korttype for innanbygds. Utanbygds kan IKKJE kjøpe desse korta og dei vil ikkje vere gyldige dersom slikt kjøp vert gjort. Kjøpt kort vert ikkje refundert!! (jfr. angrerettsloven § 22 m).

 

Det er mogeleg å nytte ein av våre 3 hytter i terrenget. For info om desse, sjå vår heimeside.
 

Lenker:

 

Jaktregler

Generelle regler 
Oppmoding om telting i nærleiken av hyttene.

Maks 3 ryper pr jeger/dag.

 

Det er ikkje opna for bruk av hund i Rauland Statsallmenning.

Veibeskrivelse

Med bil kjem du langs E134 til Haukeli. Her tek du av mot Rauland/Arabygdi. Annleggsveg tek av frå denne vegen mot Songavatnet. Køyr så langt du kjem forbi den fyrste dammen til Trolldalsdammen. Her er det parkering og båtutsett. Vegavgift kr 40 kontant. Ved bruk av båt til Våjordsvollen sparer du 1,5 times gange. Du kan velge å gå frå Trolldal over Romtveitskaret.

Ca gangtid til hyttene frå Våjordsvollen: Saltpytt, 1,5 time, Meinsvatn 3 timar og Kostveit 3 timar.