Fuglehundtrening i Langmorkje, Vågå

Kortet gjeld i Langmorkje statsallmenning i Vågå kommune, men ikkje innanfor verna områder. Sjå kart. Gjeld trening av fuglehund, utan bruk av våpen/startpistol.

Arter

  • Småvilt

Beliggenhet

Kontakt selger

Vågå fjellstyre

Oskar Pettersen / Knut Øyjordet

99599440 / 90966277

vaga@fjellstyrene.no

Kjøp/søk kort her

Jaktkvoter

Mer detaljert beskrivelse

Generelt

Trening av fuglehund skal om hausten i perioden 21.08-14.09 foregå innanfor treningsfeltet i området Hoskelia/Maurvangen/grensa mot ØystreSlidre, på oversida av FV 51 over Valdresflya (IKKJE på Leirungsmyra). Om vinteren, dvs. i februar og mars er det opna for trening i heile Langmorkje statsallmenning, men trening kan ikkje skje innafor Jotunheimen nasjonalpark og dei mindre naturreservata (skraverte områder i kartet). Det er ikkje lov å nytte startpistol eller andre skytevåpen. Innabygds i Vågå kommune trener gratis, og treng berre å løyse periodekort haust eller vinter (huk av for rabatt innabygds). 

 

Bestand
Vi har dei siste åra generelt hatt middels til dårleg bestand av både lirype og fjellrype, men med ein merkbar nedgang i 2021 og 2022. All rypejakt vart difor stoppa frå 30. september båe desse åra. For 2023 har fjellstyret vedteke å frede lirype, fjellrype, røy og orrhøne heile sesongen, samt tiur og orrhane frå 30. september.. 

 

Beliggenhet og terrengbeskrivelse
Langmorkje statsallmenning ligg sør for Ottadalen og dekkjer områda frå omkring Lemonsjøen, innover Sjodalen til Gjendetraktene, på båe sider av elva Sjoa. Statsallmenninga grensar mot Lom i vest, Vang/Øystre Slidre i sør, og Sel/Nord-Fron i aust. Terrenget er svært variert frå tette bjørkelier til snaufjell og vidstrakte steinflyer. 

 

Lenker

 

Jaktregler

Hundeføraren skal alltid ha med bevis for løyst kort på seg ved trening. For utfyllande reglar, sjå hundetreningsreglar for Vågå Fjellstyre. Kort for trening av fuglehund kan løysast for hausten frå 21. august til 14. september eller for vintesesongen frå 1. februar til 31. mars. Treninga skal skje utan startpistol/gevær, innanfor områda som er beskrive i reglane, og med ein hund laus om gongen.

Veibeskrivelse

Fylkesveg 51 går tvers gjennom statsallmenninga, slik at det er lett tilgjengeleg både frå Valdressida om Beitostølen, og frå Gudbrandsdalssida (Treningsterrenget om hausten er KUN på austsida av Fv. 51). Vegen over Valdresflya er vinterstengt. Dei som kjem Gudbrandsdalen kan anten ta av på Sjoa og kjøre Heidalen til Randsverk, eller kjøre rv.15 frå Otta og ta av ved Randen ca. 5 km vest for Vågåmo. Når det gjeld overnatting finn ein langs Fv. 51 alt frå enkle campingplassar til fjellstuer og høgstandard utleigehytter.

Andre aktuelle tilbud